Slik blir vi kvitt plasten i havet

Ein stad mellom Hawaii og California seglar ein enorm, oppblåsbar farkost gjennom havet. Farkosten er ein fangstreiskap, og under den 600 meter lange flåten heng det eit tre meter djupt skjørt som feiar gjennom vatnet. Dette blir drive rundt i havet av vind og bølgjer, beveger seg raskare enn havstraumane og foldar seg slik at skjørtet dannar eit U-forma fangstnett.

Fisken dykkar under for å unngå skjørtet, men det er ikkje fisk denne fangstreiskapen er på jakt etter. Fangstreiskapen blir kalla System 001 og fangar søppel i havet. Han kjempar mot kuling og storm og unngår dei korroderande verknadene av havsalt. Han sender signal til satellittane høgt oppe i himmelen og båtane i nærleiken med varsel om ein fangst utan sidestykke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Havet blir fylt med søppel

Stillehavssøppelhaugen er ein malstraum av avfall, ein kvervelvind av søppel som er fanga i havstraumane. Det er ikkje akkurat den søppeløya som det av og til blir skrive om i media, men havområda er krydra med små mengder flytande skrot.

Det blir kvervla rundt i bølgjene, duppar opp og ned i vassøyler og sirkulerer med havstraumane. Invaderande dyreartar skaffar seg skyss på den reisande plasten og finn dermed vegen til område dei aldri burde nå. Sjøfugl, havpattedyr og fisk som trur det er flytande mat, fyller magen med ufordøyeleg søppel. Det som blir igjen, blir tært bort av ei ustoppeleg gynging som gnir mikroskopiske plastbitar og giftige kjemikal ut i havet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Korleis vart det slik?

Det er knapt 100 år sidan Leo Baekeland fann opp den første heilsyntetiske plasten. Han vart utvikla for å isolere elektriske kablar, mot slutten av den andre industrielle revolusjonen, og dette nye materialet var noko heilt unikt som ein aldri hadde sett før. Det var billig å produsere, varmebestandig, svært lett å forme, og kunne dermed bli til alt vi ville at det skulle bli. Oppdaginga kickstarta ei bølgje av kjemiske oppfinningar.

Kvifor blir ikkje plasten broten ned?

Mikrobane går raskt i gang med å arbeide på organisk avfall som papir og grønsaksrestar, men dei klarer ikkje å angripe plast. Dette verkar kanskje rart, sidan vi lagar plast av olje, som igjen kjem frå fossile restar av plantar og dyr, men dette kjem av måten plasten blir laga på.

Naturlege polymerar bruker kjemiske samband kalla peptidbindingar. Desse bindingane er mykje sterkare, noko som er både ei gåve og ei forbanning. Dei fleste enzyma som levande ting bruker til å bryte ned organiske molekyl med, klarer ikkje å bryte ned desse bindingane. Det er det som gjer plasten så slitesterk, men også det som gjer han så vanskeleg å bli kvitt.

Det finst berre nokre få organismar, mellom dei nokre sopp- og bakterieartar, som kan klare å bryte dei ned. Ironien er at viss fleire organismar lærer dette trikset, så vil det setje styrken i livsviktige plaststrukturar i fare.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Utfordringa med attvinning

Nokre gjenstandar er vanskelegare å resirkulere enn andre.

Enkel Handterbar Vanskeleg Svært vanskeleg
Lyseblå papirbakgrunn
Lyseblå papirbakgrunn

PET

Polyetylentereftalat

  • Flasker, oppbevaringsglas, klede, teppefiber, nokre sjampo-og munnskyllflasker.
11% av verdas plastavfall (2015)
PET Polyetylentereftalat
PET Polyetylentereftalat

HDPE

Høgtettleiks-polyetylen

  • Vaskemiddelflasker, godteriesker, leiker, vaskebøtter, blomsterpotter og søppelkassar.
14% av verdas plastavfall (2015)
HDPE Høytetthets polyetylen
HDPE Høytetthets polyetylen

PVC

Polyvinylklorid

  • Kredittkort, vindaugs- og dørkarmar, takrenner og syntetisk lær.
5% av verdas plastavfall (2015)

PVC Polyvinylklorid
PVC Polyvinylklorid

LDPE

Lågtettleiks-polyetylen

  • Plastfolie, vesker, bobleplast, mjuke flasker, isolasjon for elektriske leidningar og kablar.
20% av verdas plastavfall (2015)

LDPE Lavtetthets polyetylen
LDPE Lavtetthets polyetylen

PP

Polypropylen

  • Flaskekorkar, sugerør, matboksar, kjøleboksar, stoff- og teppefiber, presenningar og bleier.
19% av verdas plastavfall (2015)
PP Polypropylen
PP Polypropylen

PS

Polystyren

  • Termokoppar, kjøtemballasje, kleshengjarar og isolerande emballasje.
6% av verdas plastavfall (2015)
PS Polystyren
PS Polystyren

Annan plast

  • Nylonstoff, babyflasker, CD-plater, medisinske oppbevaringsboksar, bildelar og vasskjølarbehaldarar.
24% av verdas plastavfall (2015)
Farlige plast – CD-plater
Farlige plast – CD-plater

Kva kan du gjere?

  • Sei nei takk til eingongsbestikk

    Vi brukar berre plastbestikket i nokre minutt før vi kastar det, så du kan minske plastfotavtrykket ditt ved å seie nei takk til eingongsbestikk og sugerøyr. Stikk ein vanleg gaffel i matboksen og invester i eit vaskbart sugerøyr viss du ikkje klarer deg utan. Viss du ikkje kjem unna, kan du sjå etter nedbrytbart eller etande bestikk.

  • Ha med deg eiga drikkeflaske eller eigen kopp

    Ifølgje Verdsnaturfondet (WWF) kastar ein i England meir enn 7 millionar drikkebeger kvar dag. Unn deg ein gjenbrukskopp eller ei gjenbruksflaske, og hopp over eingongsprodukta. Mange kaffibarar har rabatt for kundar som har med eigen kopp. Vatn frå springen er gratis og smaker betre enn kjøpevatn i flaske.

  • Handle utan å skape avfall

    I staden for å ta ein ny berepose i plast kvar gong du er i butikken, kan du kjøpe ein gjenbrukbar pose eller alltid ha ein tøypose i veska. Du kan òg kjøpe varer som frukt og grønsaker i lausvekt, gjerne i eigen gjenbrukbar emballasje. Vel bort produkt med unødvendig mykje plastemballasje. Vel i staden standardvarer som kjem i metall-, glas- eller papiremballasje.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sugerør
Sugerør
  • Byt frå flytande til fast såpe

    Vaskemiddel, handsåpe, sjampo og andre reingjeringsprodukt inneheld mykje vatn, og derfor må dei oppbevarast i plast. Tilset du vatnet sjølv heime, kan du spare eit fjell av emballasje. Når det er mogleg, bør du byte til variantar som er pakka i papir eller papp, til dømes såpestykke og vaskepulver. Viss du absolutt må kjøpe flytande såpe, bør du sjå etter konsentrerte versjonar og spe dei ut sjølv heime.

  • Invester i gjenbruksposar og-boksar

    Kutt ut plastfilm, fryseposar og styrofoamemballasje, og invester i staden i eit sett med gjenbruksposar og -boksar til matpakken og matrestane. Harde, attvinnbare plastboksar varer mykje lenger enn eingongssøskena sine og kan oppbevarast i kjøleskåpet eller frysaren og varmast i mikrobølgjeomnen. Viss du helst vil bli fullstendig plastfri, kan du velje glas, metall eller maskinvaskbar silikon.

  • Byt til gjenbruksbleier

    Gjenbruksbleiene har utvikla seg ganske betydeleg sidan dei var i flanell og frotté. Dei må ikkje lenger festast med sikringsnåler, men har trykknappar og borrelås. Du slepp òg å lære den avanserte bretteteknikken, sidan dei blir festa på same måte som eingongsbleier. Dei har tre delar: eit vasstett omslag ytst, ei absorberande bleie i midten, og eit nedbrytbart eller vaskbart innlegg inn mot huda. Dei blir skylde i kaldt vatn og vaska på kokvask i vaskemaskina for å få dei reine. Dei hindrar ikkje berre at bleiene hamnar på søppeldungen – dei er òg billigare, sjølv med all vaskinga.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Såpestykke
Såpestykke

Kor lang tid tar det å bryte ned søppel?

1 månad: Papirposar blir brotne ned relativt raskt


2 månader: Pappkassar tar litt lenger tid


2 år: Eit appelsinskal bruker overraskande lang tid

12 år: Sigarettstumpar blir verande ei god stund


20 år: Plastposane frå butikken tar seg også god tid


450 år: Plastflasker er verkeleg ein versting


1 million år: Aluminiumsboksar lever ufatteleg lenge

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Søppel
Søppel

Kjelder:

  • Årets begivenheter innen vitenskap (2019)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images