Urbane trendsettarar

Då menneska bestemde seg for å bu tettare og samhandla meir, endra det levemåten deira for alltid. Omgrepa deira om tid og pengar brukar me framleis.

Kileskrifta blei løysinga for å halda orden på avlingar og skatt. Etter kvart utvikla skrifta seg til at ein også kunne uttrykka kjensler.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Klingande mynt

I Mesopotamia kunne ein betala med myntar av metall. Dei blei kalla shekel, og éin månads arbeid var verd ein shekel. Tidlegare bruka ein leirklumpar i ulike storleikar og fasongar.

Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Tid sett i system

Byfolket i Mesopotamia er dei første me kjenner til som brukte talet 60 for måling av tid. Difor er eitt minutt 60 sekund, og ein time varar i 60 minutt.

Legeordning

I byane i Mesopotamia blei legekunsten meir systematisk. Sjukdommar blei behandla med både religiøse ritual og vitskaplege metodar. Behandlingane omfatta blant anna bruk av skilpaddeskal, slangeskinn, fiken og frø. 

Da Vinci-bakgrunn
Da Vinci-bakgrunn

Lov og orden

Dei eldste lovsamlingane som er skrivne finn me i Mesopotamia. Lovene til Hammurabi er dei mest kjende. Lovene tek blant anna for seg ekteskap og tjuveri.

⬅  Prologen til lovene til Hammurabi.

Hjulet

Det eldste funnet av hjulet er gjort i Mesopotamia, og ein kan datera det til 3500 f.Kr. Men hjulet blei truleg funne opp i fleire kulturar på same tid. Hjulet gav store fordelar for transporten, når dei først klarte å laga ei heilt rund form.

⬅  Hjul gjennom tidene.

Grunnlaget for samarbeid

Byane i Mesopotamia la grunnlaget for ei ny form for samarbeid som førte til ein auke i velstanden for mange. Det førte også til at Midtausten på tusentalet f.Kr. opplevde ein glansperiode for blant anna arkitektur, astronomi og litteratur.

Animasjon:

Elverika

Kjelder:

  • Barstad, Hans M.: kileskrift i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2020 frå https://snl.no/kileskrift
  • Groth, Bente; Barstad, Hans M.: Mesopotamia i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2020 frå https://snl.no/Mesopotamia
  • Barstad, Hans M.; Groth, BenteBabylon i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 10. november 2020 frå https://snl.no/Babylon
  • Historie Junior (2016)
    Orage forlag AS
  • Historie (2016): Vår fortid – slik har den påvirket oss.
    Orage forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Carlomorino (CC – SA 2.5)
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Marie-Lan Nguyen 
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Nasjonal digital læringsarena – Youtube