Vasketeamet kjem
Når proppen er på plass, blir det danna eit gitter av fiber rundt proppen. Dette sørger for at såret er heilt lukka til skaden er reparert. Så blir dei lokale blodårene utvida igjen. Då kjem immuncellene til området og startar reinsejobben. Dette trinnet blir kalla inflammasjon, eller reingjeringsfasen. Området rundt såret blir synleg raudt og hovent.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2
Nytt vev blir danna
I det tredje trinnet skal sårområdet fyllast opp. Nye blodårer og nytt vev blir danna. Blodårene og vevet har kvar sine oppgåver.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 3
Gjenoppbygging
No blir såret heilt lukka. Sårkantane trekker seg saman, og det blir danna eit arr. Dette blir kalla modningsfasen. Sårskorpa losnar og fell av. Arret vil skifta farge frå raudt til kvitt etter ei stund. Det kan ta mellom 6 og 12 månader før arrvevet er tilbake til den opphavlege styrken sin.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 4
Ikkje klø på såret
Sår som klør, er eit godt teikn på at det gror. Viss du klør og pirkar av sårskorpa, blir det sårbart for bakteriar. Då vil kroppen bruka lengre tid på å reparera såret, og arret kan bli større. Så ikkje klø!
Arr etter et sår på hånden
Kjelder:
- Kropp & helse (2020)
Orage Forlag AS
- Sykepleien.no (16.11.2020): Sårhelingsprosessen – enkelt forklart
https://sykepleien.no/forskning/2019/04/sarhelingsprosessen-enkelt-forklart
- NHI (16.11.2020): Sårskader
https://nhi.no/forstehjelp/hudskader/sarskader/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images / Kolo / Time Lapse – Youtube
-
SPL; Ed Crooks
-
SPL; Ed Crooks
-
SPL; Ed Crooks
-
Gaelx
-