Vasketeamet kjem
Når blødinga er stoppa, blir det danna fiber rundt såret. Dette er som eit slags gitter. No er såret heilt lukka. Då kan kroppen reparera skaden. Blodårene i såret blir utvida igjen. Då kjem immuncellene til såret, og dei startar reinsejobben. Dette trinnet blir kalla inflammasjon. Inflammasjon kan kallast reingjeringsfase. Nå blir området rundt såret synleg raudt og hovent.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 2
Nytt vev blir danna
I det tredje fasen blir såret fylt med nye blodårer, og nytt vev blir danna. Forskjellige typar vev har kvar si oppgåve.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 3
Gjenoppbygging
No lukkar såret seg heilt. Sårkantane trekker seg saman. Det blir danna eit arr. Dette blir kalla modningsfasen. Sårskorpa losnar og fell av. Arret skifter farge frå raudt til kvitt etter ei stund. Det kan ta eit heilt år før huda ved såret blir like sterk som ho var.
Illustrasjon av hvordan en infeksjon i et sår stoppes, trinn. 4
Ikkje klø på såret
Sår skal klø! Det betyr at såret gror. Viss du klør og pirkar av sårskorpa, kan bakteriar komma inn i såret. Då vil kroppen bruka lengre tid på å reparera såret. Og då kan arret bli større. Så ikkje klø!
Arr etter et sår på hånden
Kjelder:
- Kropp & helse (2020)
Orage Forlag AS
- Sykepleien.no (16.11.2020): Sårhelingsprosessen – enkelt forklart
https://sykepleien.no/forskning/2019/04/sarhelingsprosessen-enkelt-forklart
- NHI (16.11.2020): Sårskader
https://nhi.no/forstehjelp/hudskader/sarskader/
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images / Kolo / Time Lapse – Youtube
-
SPL; Ed Crooks
-
SPL; Ed Crooks
-
SPL; Ed Crooks
-
Gaelx
-