Kva meiner vi med sosial forskjell?

Sosial forskjell handlar om at det er forskjellar på folk når det gjeld økonomi, utdanning og sosiale moglegheiter. I FNs berekraftsmål nummer 10 står det at det må bli mindre forskjell i verda. FN meiner at alle land må jobbemed dette.

Noreg er eit land med små forskjellar, men samtidig er det ein auke i sosiale forskjellar også her.

Før du les vidare om sosial forskjell, bør du kjenne til omgrepet sosioøkonomisk status (sosial klasse). Det handlar om levemåten til folk. Det handlar om pengar, utdanning og  sosialt liv.

Forsking viser at folk med høg sosioøkonomisk status har større moglegheiter til å lykkast enn dei med låg sosioøkonomisk status. Sosiale forskjellar påverkar liva til folk. Derfor er politikarane opptekne av å gjere forskjellane mindre.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sosialt gap
Sosialt gap

 

Absolutt og relativ fattigdom

Når vi snakkar om fattigdom, tenkjer vi ofte på barn i andre land der dei ikkje har alt dei treng. Den fattigdommen vi ofte ser på TV, kallar vi absolutt fattigdom. Grensa for absolutt fattigdom er ifølgje FN 1,90 amerikanske dollar om dagen.

I Noreg har vi ikkje barn som lever i absolutt fattigdom. Vi har barn som lever i det vi kallar for relativ fattigdom. Relativ fattigdom er å ikkje få dekt dei behova som dei fleste andre får dekt. Dette får konsekvensar for oppveksten og moglegheitene til barnet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fattig gutt
Fattig gutt

Dei sosiale forskjellane aukar i Noreg

Noreg er eit av landa i verda med minst økonomiske og sosiale forskjellar. I dei siste åra har dei sosiale forskjellane likevel auka. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er årsaka at dei rikaste i Noreg blir rikare.

Samtidig har SSB funne ut at arbeidsinnvandring pressar lønene til dei dårlegast betalte jobbane ned. Folk som kjem frå andre land får, og godtek, oftare lågare løn enn nordmenn.

Økonomi skaper utfordringar for familiar. Dei aller rikaste pressar prisane opp, til dømes når det gjeld kjøp av bustad. Foreldre med låg inntekt klarer ikkje alltid å dekke behova til barna sine.

Barnefattigdommen i Noreg har auka sidan begynnelsen av 2000-talet, og han veks raskare enn fattigdom blant vaksne.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mynt i stabler
Mynt i stabler

Konsekvensar av sosiale forskjellar og utanforskap

Å vekse opp i fattigdom kan påverke  både helsa og det sosiale livet til barnet. Barn i familiar med låg inntekt deltek på  færre fritidsaktivitetar enn andre. Dette kan føre til utanforskap og einsemd. Dårleg økonomi kan òg gjere det vanskeleg med bursdagar, ferie og jul.

Fattigdom kan òg gjere framtida usikker. Fattige barn har større risiko for å få låg inntekt når dei sjølve blir vaksne. Dette kan mellom anna vere på grunn av mindre hjelp og støtte til blant anna skulearbeid.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gutt på sidelinja
Gutt på sidelinja

Korleis  kan ein førebyggje dei sosiale forskjellane?

Dei sosiale forskjellane mellom folk er ei stor utfordring for samfunnet. Ansvaret ligg hovudsakleg hos politikarane. Dei må lage ein politikk som gjer forskjellane mellom folk mindre. Spesielt for barn.

Ifølgje FNs barnekonvensjon har barn rett til fritid. Derfor meiner Røde Kors at fritidstilbod bør bli rimelegare for fattige familiar. Målet må vere at alle barn kan delta på fotball, handball og andre fritidsaktivitetar.

Alle barn bør òg ha same moglegheit til utdanning. Uansett kva familie dei kjem frå, skal barn få dei same moglegheitene til å utvikle seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Barn padler kano
Barn padler kano

Kjelder:

  • Fløtten, Tone (red.):
    Barnefattigdom (2009)
    Oslo. Gyldendal akademisk.

 

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole
    7. Getty Images