Kva for nokre jobbar kjem i framtida?

Mange jobbar har forsvunne, og nye har komme til. Det er ikkje så mange år sidan vi hadde både skomakar og skreddar, men dei ser vi lite til no. Det er heller ikkje så lenge sidan internett var heilt ukjent for dei fleste, og berre nokre få hadde mobiltelefon. I dag er dette heilt vanleg.

Arbeidere fra fremtiden med yrker som ikke finnes ennå
Arbeidere fra fremtiden med yrker som ikke finnes ennå

 Stillingsannonsane i framtida

Teknologien og samfunnet utviklar seg, behova blir endra, og moglegheitene er mange. Oppgåver som tidlegare kravde spesialisering innan bestemte yrke, kan i dag løysast gjennom teknologi – så kva vil vere viktige oppgåver i framtida?

I denne artikkelen presenterer vi nokre moglege stillingsannonsar for framtida. Kanskje det er noko som passar for deg?

Digital søppeltømmar

Kvar dag kastar vi mykje data i søppelbøtta, eller vi har data liggjande som ikkje blir brukte. Data som ikkje har vorte brukte det siste året, er kanskje ikkje nødvendig å lagre, men det kan liggje «gull blant gråsteinen» – viss dataa blir skikkeleg undersøkte. Kanskje såg ein ikkje nokon verdi i desse dataa på eit tidlegare tidspunkt, men ting kan ha endra seg. Ved hjelp av kunstig intelligens kan ein finne verdiar ein ikkje såg tidlegare.

  • For å jobbe med dette treng du solide kunnskapar innan statistikk, dataanalyse og anvendt matematikk, og du må ha 3-5 års erfaring med ulike analyseverktøy.
  • Du må ha erfaring i å jobbe med “big data” og maskinlæring. Det er inga ulempe å ha erfaring i eitt eller fleire programmeringsspråk.
  • Du må kunne jobbe godt med andre, og du må ha gode munnlege og skriftlege evner.
  • I tillegg må du kunne vise fram komplekse analysar og samanhengar på ein effektiv måte gjennom diagram, figurar og andre typar oversikter.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Cyberattack-spesialist

I dag skjer det mange digitale angrep – det er her krigane i hovudsak går føre seg.  Du må derfor kunne sjå etter svake punkt i datasystema til landet eller bedrifta, og sørgje for at desse hola blir tetta. Samtidig vil du vere medlem av ein aktiv styrke som òg driv angrep og infiltrering for å stoppe angrep og terrorisme.

  • Du må ha minst fem års erfaring med hacking og infiltrasjon, og ha gode programmeringskunnskapar i fleire språk.
  • Du må kunne utvikle deg for å halde følgje med den digitale utviklinga og dei moglegheitene og utfordringane ho gir.
  • For å kunne jobbe med andre og kunne dokumentere med høg grad av nøyaktigheit, blir det kravd spesielt gode kommunikasjonsevner – både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha godkjent sikkerheitsklarering, og halde deg innanfor dei nasjonale retningslinjene som er utarbeidde for cyberangrep og cyberforsvar.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Digital stemmedesignar

I framtida vil bruk av stemme bli ein viktig del av korleis vi kommuniserer med digitale løysingar. Det betyr at ein må kunne tilpasse stemmer slik at dei verkar naturlege og kan bruke fleire dialektar. Dei må òg tilpassast ønska til den enkelte brukar. Slik kan ein skape “den perfekte stemma”.
Den perfekte stemma vil bli oppfatta som om ho tilhøyrer eit anna menneske, og ho er engasjerande og naturleg. Her må ein òg ta omsyn til lokale forhold (dialekt, kulturelle forhold) og grad av humor.

  • Du må ha utdanning i språk, i tillegg- til bakgrunn frå kreativ skriving, interaksjonsdesign, kommunikasjon på sosiale flater og kunnskap om augmented reality.
  • Du må kunne skape løysingar som ikkje er baserte på spørsmål og svar, men som skaper ein naturleg flyt i samtalen. Her må du ha god kunnskap om både språklege og kulturelle forhold som kan ha betydning for samtaledesignet.
  • Du må kunne skape ei stemme som både høyrest naturleg ut, har karakter og gjerne noko humor. Dette krev stor innsikt i menneskeleg kommunikasjon, samt fagområdet der stemma skal brukast.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Oppryddingsoffiser

I dag skaffar folk seg stadig fleire ting, men utan å kaste det dei ikkje treng lenger. Dei treng hjelp til å rydde opp og kvitte seg med det som ikkje skaper kvalitet og glede i kvardagen. “Less is more” er stikkord her. Gjennom å stille gode spørsmål kan ein kategorisere i kva som skal behaldast, kva som kan kastast, og kva som skal kastast – og vise korleis eit liv utan for mange unyttige ting kan sjå ut for den enkelte kunden. På den måten får ein færre distraksjonar og meir plass til dei tinga som verkeleg skaper kvalitet og glede i kvardagen.

  • Du må ha erfaring med rettleiing, saman med god estetisk sans og evne til aktiv lytting. Det er ein fordel med utdanning innan interiørdesign.
  • Du må forstå kva som motiverer den enkelte kunden og navigere mellom ulike personlegdomstypar, gjennom å stille gode spørsmål og lytte aktivt. Du må kunne skjere gjennom, samtidig som behova og ønska til kunden ikkje skal bli overkøyrde. Dette er ein vanskeleg balansegang som krev god menneskeleg innsikt og evne til å byggje tillit.
  • Du må vere fortruleg med bruk av teknologi som bidrar til å effektivisere arbeidet med kategorisering av tinga til kunden, og som viser korleis kundane kan utforme heimane sine med dei tinga som skal behaldast. Dette krev innsikt både i augmented reality og bruk av kunstig intelligens.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Smartheim-designar

Som ein designar av smarte heimar vil du jobbe tett med ingeniørar, arkitektar og kundar. Du skal sørgje for at kunden får ei saumlaus og tilpassa oppleving av teknologi som gjer livet enklare. Det krev at du er oppdatert både på trendar og teknologiutvikling, slik at du kan finne dei beste løysingane for kvar enkelt kunde. Det krev evner til å forstå andre, sjå ting frå fleire synsvinklar og byggje tillit.

  • Du må ha utdanning innan arkitektur og minst tre års erfaring.
  • Du må ha svært god kunnskap om kva for nokre teknologiar som blir brukte i smarte heimar, og sjå korleis desse vil passe i kvart enkelt prosjekt.
  • Erfaring som projektleiar er nødvendig, og du må kunne vise til at du har gjennomføringsevne.
  • Svært gode kommunikasjonsevner er påkravde – både skriftleg og munnleg. Du må kunne byggje gode relasjonar som blir prega av gjensidig tillit og respekt.
  • Førarkort for bil er ein føresetnad.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Tidvassarkitekt

Global oppvarming er ein realitet, og vi veit at storbyar vil bli overfløymde. Jobben din som tidvassarkitekt er å jobbe saman med naturen, samtidig som du skal forhindre overfløymingar av storbyar rundt omkring på kloden. Aktuelle arbeidsplassar er byar i heile verda, som til dømes New York, Shanghai, Alexandria og Miami.

  • Det blir kravd doktorgrad i miljøtilpassing med særleg fokus på konstruksjonsprosjekt.
  • Du må ha erfaring frå store internasjonale, nasjonale eller kommunale prosjekt innan tidvassproblematikk, som til dømes  arbeid som tidvassportane i Themsen, utfordringar i Venezia eller landfyllingar i Nederland.
  • Du må kunne kommunisere, overbevise og samarbeide med internasjonale utval og akademiske ekspertar for å arbeide innovativt, oppnå framgang og kvalitetssikre resultat.
  • Du må vise svært god forståing for hydroteknikk, arkitektur og prosjektering.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Vertikal gartnar

I dag blir det kravd av kundane at maten skal vere fersk og kortreist. Gjennom å arbeide i høgda kan ein utnytte hustak i byane, og sørgje for mindre miljøavtrykk gjennom å arbeide på andre måtar enn tradisjonell produksjon av grønnsaker. Gjennom bruk av hydroponisk dyrking kan ein bruke mindre vatn og dyrke utan jord.

Dette gjer matproduksjon meir føreseieleg fordi ein har meir kontroll over dyrkinga, og ein kan unngå ein del skadeleg sprøyting og utslepp av gjødsel i naturen. Stillinga som vertikal gartnar inneber òg å vere rådgivar for andre som vil dyrke på ein meir miljøvennleg måte. Stillinga krev derfor at ein både har “grøne fingrar”, faginnsikt og evne til å selje inn denne måten å dyrke råvarer på.

  • Det blir kravd formell utdanning innan agrikultur og erfaring frå jordbruk.
  • Du må ha pasjon for å lære bort ferdigheiter i vertikal dyrking til andre, og du må kunne undervise om ernæring. Det blir derfor kravd gode kommunikasjonsevner – både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha interesse for jordbruk i byar og kunne planleggje for oppstart og gjennomføring av slik drift. Det krev at du må kunne arbeide for ulike typar kundar og skape konsensus rundt løysingar og drift hos ulike grupper.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Designar av flygande bilar

Draumen om flygande bilar blir snart verkeleg. I løpet av nokre få år vil flygande bilar bli tilgjengelege for rike kundar, og i løpet av det neste tiåret vil dei vere tilgjengelege for folk flest.

Vi ser derfor etter deg som har erfaring frå bil- eller flysektoren, og som er i stand til å handtere uventa og komplekse utfordringar. Viss du har lidenskap for å gjere det umoglege mogleg – då er dette jobben for deg!

  • Du har bakgrunn i leiing eller frå arbeid med motor eller aerodynamikk, og du må ha erfaring frå bransjen.
  • Viss du har vore involvert i eit prosjekt knytt til romfart, vil det vere eit stort pluss. Det er òg ein fordel om du har erfaring frå å arbeide med utradisjonelle utviklingsselskap der ein tenkjer “utanfor boksen”.
  • Du har gode samarbeidsevner, kan byggje gode relasjonar og tenkje kreativt.
  • Vi treng ein praktikar som får ting gjort, ikkje ein drøymar. Praktiske evner i teknisk utvikling vil bli vektlagt sterkare enn utdanning.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Haptisk overflatedesignar

Du veit når noko “kjennest riktig” når du tek på det. Den riktige vekta eller overflata kan gi eit billig produkt ei luksuskjensle. Med nytt materiale og ny programvare blir det skapt ein heilt ny marknad for haptiske overflater.

Som ein del av teamet vårt vil du arbeide med å utvikle tekstil og materiale som gir kunden god interaksjon gjennom berøring på eit breitt utval av produkt. Du vil identifisere kva slags berøringsteknologi som passar best for kvart enkelt produkt. Arbeidet vil endre kvardagsprodukt til unike og rike opplevingar for kvar enkelt kunde.

  • Du må ha erfaring frå det å skape fysiske produkt og god kunnskap om taktile overflater på gamle og nye produkt. Du må òg vere opptatt av trendar innan det å bruke augmented reality i denne samanhengen. Du forstår balansen mellom sensoriske opplevingar og brukbarheita til eit produkt.
  • Du må ha erfaring med berbare teknologiar og berøringsteknologi.
  • Du må ha bakgrunn frå produktdesign, kognitiv psykologi eller interaksjonsdesign. Du må også ha erfaring med prosjektleiing innan produktplanlegging, utvikling og marknadsføring.
  • Det er ein fordel med utdanning i materialkunnskap og design, men dette er ikkje eit krav. Det er eit pluss viss du har bakgrunn frå motebransjen.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Konversasjonsekspert

Merksemd er verdifullt. Mange føler seg isolert i den digitale verda og saknar menneskeleg selskap. Vi ønskjer derfor å tilby morgondagens svar på gamle dagars selskapsdamer og -menn. Forsking viser at det å vere saman med andre og ha meiningsfylte samtalar, aukar livskvalitet og livslengde. Ein slik jobb vil derfor òg spare samfunnet for auka kostnader til helsevesenet.

Du må vere ein svært god lyttar, og prinsippet vårt er at vi skal lytte ti gonger meir enn vi snakkar. Du vil få støtte av AI-teknologi som kan gi deg idear til samtaleemne basert på preferansane til den enkelte kunden.

  • Alle typar utdanning og erfaring vil bli vurdert, men du må kunne vise til plettfritt rulleblad.
  • Du må vere komfortabel med å bruke telefonbaserte appar, både for bestilling frå kundar, oppfølging og som støtte for samtaleidear.
  • Du må ha svært gode kommunikasjonsevner, spesielt i aktiv lytting. Evne til å byggje relasjonar og tillit er andre viktige eigenskapar. Fleksibilitet, nøyaktigheit og ærlegdom er absolutte krav.
  • Førarkort er ein fordel, då du må reise ut til kundar.  Enkelte kundar vil ha husdyr som du må forhalde deg til.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

DNA-analytikar

Innan genetikk finst store moglegheiter til å tilpasse medisinar for spesifikke grupper eller bruke teknologi som CRISPR for DNA-design. Målgruppa er i hovudsak større helseforetak, men òg andre grupper kan vere aktuelle. Du skal arbeide både med produktutvikling, testing og strategisk arbeid.

Du ser moglegheiter i å utvikle produkt som gir auka livskvalitet og betre helse, noko som òg vil føre til auka livslengde utan sjukdom og plager. Sjukdommar vi i dag ser på som dødelege, vil vi i framtida kunne behandle på enkle måtar.

  • Du treng høgare utdanning i økonomi, strategi og/eller molekylær biologi. Det vil vere ønskjeleg med grunnleggjande kunnskapar om genetikk.
  • Vi krev minst ti års relevant erfaring og  erfaring frå  forsking og/eller sal/marknadsføring. Minst tre års erfaring frå praktisk lab-arbeid er eit krav.
  • Gode leiareigenskapar og kommunikasjonsevner er nødvendig, og noko forhandlingskompetanse er påkravd. Sidan du skal kommunisere med ekspertar innan helse, vil det vere nødvendig med oppdatert kunnskap på dette feltet, og spesielt innan genetikk og DNA-design.
  • Du må òg kunne føresjå kva behov kundane våre vil ha dekte, og igangsetje produktutvikling, testing og kvalitetskontroll, slik at produkta blir klare for marknaden.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Maskinlæringstrenar

Samarbeid mellom menneske og maskinar er den nye arbeidsstyrken vår, og denne jobben handlar om å få til dette på best mogleg måte ved å utnytte styrkane til begge. Robotar og AI er som kjent gode på nøyaktigheit og uthald, medan styrkane til menneske til dømes er kognisjon, vurderingar, empati og mangfald. Når dette blir kombinert, kan ein oppnå resultat som tidlegare ikkje var moglege.

Ein del av oppgåvene vil vere knytte til nevrovitskap. Som eit døme kan ein tenkje seg ein robot som opererer. Nøkkeloppgåver er utvikling av interaksjonssystem som tek vare på kommunikasjon mellom menneske og maskin, slik at ein kan planleggje for godt samarbeid. Gjennom slike kombinerte team av menneske og maskinar vil kvalitet og effektivitet auke i alle prosessar.

  • Du må ha relevant høgare utdanning innan informatikk, HR eller  sivilingeniørfag. I tillegg blir det kravd utdanning innan eksperimentell psykologi eller nevrovitskap.
  • Du må ha minst fem års erfaring frå område som robotikk, mekanisk design, nevrovitskap, menneske-maskin- samhandling, maskinlæring eller tilsvarande.
  • Du må brenne for programmering og ha forståing for menneskeleg interaksjon.  Erfaring frå implementering av UX-design er eit pluss.
  • Det blir kravd leiarevner og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Detaljert robothånd
Detaljert robothånd

Digital skreddar

I dag blir det meste av klede bestilte på nett. Samtidig blir rundt 40 prosent av varene returnerte fordi dei har feil storleik eller passform. Målet vårt er å redusere dette talet til 0, gjennom å bruke teknologi som sørgjer for å tilpasse klede for den enkelte kunden.

Som digital skreddar vil du jobbe med kundar heime eller på arbeidsplassen, for å sikre at dei alltid får klede som passar perfekt. Gjennom teknologi blir det tatt presise mål som blir lasta opp i datasystemet vårt, slik at klede som blir bestilte, blir tilpassa den enkelte. Du vil òg gi råd om stil og klesval og tilby ulike typar tilbehøyr. Kundane skal òg følgjast opp etter levering. Viss du elskar mote, er dette arbeidsplassen for deg.

  • Du må ha erfaring med og/eller kvalifikasjonar innan mote, skreddarverksemd, interiørdesign, kunst eller liknande.
  • Du må ha ein engasjerande personlegdom som skaper tillit og byggjer relasjonar, og du må ha eit sterkt ønske om å hjelpe og rettleie andre. Erfaring som coach er ein fordel.
  • Du må ha god motesans og evne til å presentere deg sjølv på beste måte, då du skal representere både deg sjølv, bedrifta og designarane våre.
  • Du må vere fortruleg med teknologi for bruk av målesystem og bestillingsrutinar.
  • Du må ha initiativ og pågangsmot, og du må alltid prøve å sikre at kundane kjem tilbake og handlar meir.
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

 

Bilde- og videorettar:

  • Alle bilder: Getty Images