Trøbbel i tacoen!
Er du ein av dei som berre må ha guacamole på tacoen? Guacamole er laga av avokado som både er sunn og god, men han skaper mykje trøbbel for miljøet. Kva skade kan denne populære frukta gjere, tenkjer du kan hende. Skal du ha dårleg samvit for å ha guacamole på tacoen?

Mexico produserer mest
I dag er Mexico verdas største produsent av avokado. Her har arkeologar også funne dei eldste restane av menneskeleg domestisering og dyrking av avokadotreet. Enkelte funn tyder på at dette kan ha skjedd allereie for 8000 år sidan! Gjennom historia har dyrkinga spreidd seg. Dei største produsentlanda finn vi no i subtropiske strøk i Sør-Amerika, Afrika og delar av Asia.

En hel og en oppdelt avokado ligger på et rustikk bord.
Guacamole med erter
Kan vi ikkje berre erstatte avokadoen og heller bruke grøne erter i guacamolen? Grøne erter inneheld mykje mindre plantefeitt enn avokadoen. Til gjengjeld er proteininnhaldet over dobbelt så høgt per 100 gram, og vi finn også gode vitamin og andre sunne næringsstoff i ertene. Grøne erter blir allereie dyrka og produsert i Noreg, og ekspertar meiner vi bør produsere endå meir. Men er erteguacamole like godt?

Ditt val
Avokado er sunt, og det er godt! Har du eit kritisk blikk på kvar avokadoen du kjøper, kjem frå, kan du truleg ete han med ikkje altfor dårleg samvit. Har du lyst å gjere noko nytt, kan du dyrke avokado heime. Då får du prøvd deg som gartnar, og du kan skryte av eigenproduserte, kortreiste og miljøvennlege avokadoar. Vel du å gå over til grøne erter, er dette også eit betre miljøval enn importerte avokadoar. Då får du også i deg meir protein.

Moden avokadofrukt henger i et tre.
Kjelder:
Ervik, Finn: avokado i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2022 frå https://snl.no/avokado
Opplysningskontoret for frukt og grønt (15.7.2022): Frukt og grøntstatistikk 2021
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/innsikt/310723_frukt–og-grontstatistikk-2021_korr6.pdf
Opplysningskontoret for frukt og grønt (15.07.2022): Frukt og grøntstatistikk 2020
https://www.frukt.no/globalassets/materiell/totaloversikten/totaloversikten-for-2000-2010.pdf
Bama (15.07.2022): Slik jobber vi med bærekraftig avokado-produksjon
https://www.bama.no/aktuelt/arkiv/2022/slik-jobber-vi-med-barekraftig-avokado-produksjon/
Godt.no (15.07.2022): Slik erstatter du avokadoen
https://www.godt.no/aktuelt/i/G3O2WJ/slik-erstatter-du-avokadoen
nrk.no (15.07.2022): Nei, rødt kjøtt fra breim er ikke bedre for klimaet enn avokado fra Chile
https://www.nrk.no/norge/faktisk.no_-nei_-rodt-kjott-fra-breim-er-ikke-bedre-for-klimaet-enn-avokado-fra-chile-1.14362747
Nationen (15.07.2022): Avokado er både redning og en fare for bønder
https://www.nationen.no/landbruk/verden/avokado-er-bade-redning-og-en-fare-for-bonder/
nibio.no (15.07.2022): Kan Norge produsere mer planteprotein til mat?
https://www.nibio.no/nyheter/kan-norge-produsere-mer-planteprotein-til-mat
PAN-NORWAY (15.07.2022): Erter – næringsinnhold og helsefordeler
https://pan-norway.org/hvordan-spise-sunt/erter-naeringsinnhold-sunt/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-