Bli kjenD med …

Tyrannosaurus

Tyrannosaurus er kanskje den mest populære dinosauren i verda.

Tyrannosaurus uten bakgrunn
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Tyrannosaurus stod på to bein. Han kunne bli 12,5 meter lang og 4 meter høg ved hofta. Vekta kunne vere 18 tonn på det meste. Vi trudde lenge at dette var den største rovdinosauren, men i 1993 oppdaga vi Giganotosaurus. Han er endå større.

Kjevane til Tyrannosaurus hadde mange tenner som kunne bli 15 centimeter lange. Tennene kunne gå tvers igjennom kraftige knoklar.

Forbeina var små. Dei nådde ikkje fram til munnen. Kroppen var ganske kort og kraftig, men hoftepartiet var enormt. Halen var lang og kunne ha heile 40 knoklar i seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosaurus
Tyrannosaurus

Levevis

Kjevemusklane var enorme! Tyrannosaurus hadde eit svært kraftig bitt. Slike kraftige bitt er typiske hos rovdyr som et åtsel. Åtsel er daude dyr som har begynt å rotne. I vår tid er hyenar typiske åtseldyr.

Vi veit ikkje sikkert om Tyrannosaurus var ein åtseletar. Det kan hende han drap sin eigen mat. Uansett kunne den store kroppen jage vekk andre dyr mens han jakta eller åt.

Tyrannosaurus vart vaksen før han var 20 år. Han kunne bli nesten 30 år gammal. Forskarane trur at han hadde ganske høg kroppstemperatur, siden han voks så fort. Han kunne springe i 29 kilometer i timen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Tyrannosaurus Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 18 frå https://snl.no/Tyrannosaurus

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images