Bli kjenD med …

Tyrannosaurus

Tyrannosaurus er kanskje den mest kjende og populære dinosauren i verda.

Tyrannosaurus uten bakgrunn
Lys bakgrunn av stein
Lys bakgrunn av stein

Utsjånad

Tyrannosaurus stod på to bein og kunne bli 12,5 meter lang og 4 meter høg ved hofta. Vekta kunne variere frå 4 til 18 tonn. Han vart rekna som den største rovdinosauren inntil ein fann den endå større Giganotosaurusen i 1993.

Kjevane til Tyrannosaurus hadde svært mange tenner  som kunne bli 15 centimeter lange. Tennene kunne gå tvers igjennom kraftige knoklar.

Forbeina var små og nådde ikkje fram til munnen. Kroppen var ganske kort og kraftig, og hoftepartiet var enormt. Halen var lang og kunne ha heile 40 halevirvlar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosaurus
Tyrannosaurus

Levevis

Tyrannosaurus hadde kraftige kjevemusklar. Han hadde antakeleg eit av dei kraftigaste bitta hos noko landlevande dyr. Slike kraftige bitt er typiske hos rovdyr som lever av åtsel. Åtsel er daude dyr som har begynt å rotne. I vår tid er hyenar typiske åtseldyr.

Om Tyrannosaurus var ein åtseletar, eller om han drap sin eigen mat, veit vi ikkje sikkert. Uansett kunne den store kroppen jage vekk andre dyr medan han dreiv jakt eller åt.

Tyrannosaurus var fullvaksen før han vart 20 år. Han kunne bli nesten 30 år gammal. Den raske veksten er ei av årsakene til at ein trur at Tyrannosaurus hadde høg kroppstemperatur. Han kunne springe i 29 kilometer i timen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.
Tyrannosauruksella oli paljon hampaita, jotka saattoivat olla 15 senttiä pitkät.

Kjelder:

  • Hoel, Ole Andreas; Delsett, Lene Liebe: Tyrannosaurus Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M10 18 frå https://snl.no/Tyrannosaurus

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images