Det  demokratiske systemet i USA

USA er ein republikk. Det tyder at USA har ein folkevald president i staden for ein konge.

USA er også ein forbundsstat. Det vil seia at landet står av 50 delstatar. Desse kan i stor grad vedta eigne lover. Til dømes har Texas i sør heilt andre lover enn Minnesota i nord.

Samstundes har USA ei overordna sentralmakt som ligg i hovudstaden Washington D.C.

Kongressen vedtek lovene som gjeld for heile USA. Kongressen består av representantar frå alle statane i USA.

Supreme Court passar på at alle statane følgjer den amerikanske grunnlova.

Presidenten har ansvar for å ta i bruk lovene som kongressen har vedteke. Presidenten blir vald for fire år og kan berre bli vald igjen éin gong.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Val november 2020

I kongressen er det to store parti som dominerer politikken. Republikanarane, som blir rekna som konservative (forsiktige med endringar), og Demokratane som er liberale og progressive (villige til å endra).

Donald Trump var representant for Republikanarane. Joe Biden var representant for Demokratane.

3. november 2020 blei det vald ny president i USA. Heile verda venta spent på resultatet i fleire dagar.  Det er fordi USA framleis har den største økonomien i verda og har mykje å seia for den internasjonale politikken.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Donald Trump

Donald Trump vann presidentvalet i 2016. Då konkurrerte han med demokraten Hillary Clinton. Undersøkingane før valet gav han ikkje siger, men under valdagen overraska han heile verda.

Før Trump blei president for USA var han kjend som ein styrtrik finansmann. Han var eigedomsutviklar og hovudperson i eit reality-program på TV.

Trump er frå byen New York og kjem frå ein rik og velståande familie. Mange av familiemedlemane hans fekk ein plass i Det kvite huset (bustaden og kontoret til presidenten).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

«Make America Great Again»

Trump ville få fart på økonomien i USA og skapa fleire arbeidsplassar. Han likar ikkje korleis mange fabrikkar har flytta frå USA til Kina dei siste 30 åra. Han ønskte difor å passa på amerikanske arbeidsplassar, selskap og produkt.

Trump ville også senka skattane og minska mange av goda i velferdsstaten. Desse goda er fordelar som garanterer borgarar hjelp viss dei til dømes mistar jobben, eller blir sjuke.

Trump og Republikanarane meiner at kvar og ein må passa på seg sjølv, og at det ikkje burde vera ansvaret til staten. Difor ønsker dei ikkje gratis helsevesen for innbyggjarane.

Trump ville også ha ein strengare innvandringspolitikk (kven som får koma inn i landet) og mindre samarbeid med andre land. Han trua fleire gonger med å kutta ut pengestøtte til FN (Dei sameinte nasjonane).

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Joe Biden

Joe Biden var presidentkandidat for Demokratane. Biden har erfaring som visepresident frå 2009 til 2017  med tidlegare president Barack Obama.

Joe Biden er kjend for å vera ein god forhandlar. Tidlegare har han fått til avtalar mellom Demokratane og Republikanarane.

«Build Back Better»

Vinnaren av presidentvalet, Joe Biden, ønsker store endringar i sosialpolitikken i USA. Han ønsker meir hjelp til dei som mistar jobben, meir rettferdig løn, og han vil gjera utdanning billigare.

Biden ønsker å støtta minoritetar i landet, som svarte og LHBT-personar, mot diskriminering. Han ønsker også å jobba meir med andre land og få eit godt forhold med EU og land i Latin-Amerika.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Slik blir presidenten i USA vald

Sjå bort frå at denne videoen er frå forrige presidentval for åtte år sidan.

Den politiske situasjonen

Nokre meiner at folket i USA aldri før hadde vore så delt i to som under denne valkampen. Trump og Biden var svært ueinige om kva som bør skje vidare i USA.

Dette var veldig tydeleg i debatten 30. september 2020. I staden for å fokusera på dei politiske standpunkta gjekk mykje av tida til stygge personangrep. Ord som «klovn», «rasist» og «hald kjeft» blei brukte. I tillegg fekk Trump mykje merksemd fordi han ikkje ville fordøma (uttrykkja motstand til) høgreekstreme.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Den 46. presidenten i USA etter eit historisk val

Joe Biden og visepresidentkandidat Kamala Harris vann valet. Dei fekk høgast antall stemmer i USAs historie. Dei vann med 306 valmenn, over Donald Trump og visepresidenten hans Mike Pence som fekk 232.

Kampen var veldig jamn. Det tok faktisk fire dagar før media torde å seia med sikkerheit at Joe Biden hadde vunne.

President Trump ville ikkje innrømma at han hadde tapa valet. Det fekk han mykje kritikk for. Å erkjenna nederlag blir nemleg sett på som eit viktig ledd i den demokratiske maktoverføringa frå ein president til neste. Trump har fleire gonger også klaga på valfusk, trass manglande bevis.

Joe Biden blei sett inn som den 46. presidenten i USA i Det kvite huset 20. januar 2021.

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0) 
    3. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0) 
    4. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0) 
    5. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)
    6. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0) 
    7. NRK Skole
    8. Getty Images / CNBC Television YouTube
    9. Getty Images