Vår vakre verd – Europa

Verda vår består av enormt mange unike, mystiske og vakre stader. Naturen har igjennom millionar av år forma landskapet rundt oss. Vi menneske har busett oss og krydra landskapet med storslegen arkitektur og vakker kunst. I denne artikkelen ser vi på nokre få eksempel frå Europa. Dette er ti av dei mest spesielle stadene på kontinentet.

1. Neuschwanstein slott | Tyskland

Neuschwanstein slott i Bayern i Tyskland er ein labyrint av tårn, vridde trapper og glasmåleri. Slottet var ei av dei fremste inspirasjonskjeldene for Walt Disneys slott. I motsetnad til Disney-versjonen er Neuschwanstein 100 prosent ekte. Du kan faktisk utforska dei vakre romma og salane – akkurat som sjølvaste Oskepott.

Neuschwanstein blei bygd seint på 1800-talet som eit slott for kong Ludvig av Bayern. Kongen var ein ulykkeleg mann med eksentrisk smak. Slottet ligg på ei bratt høgde ved foten av Alpane ved ein idyllisk innsjø, og det er lett å skjøna kvifor kongen valde denne plassen for draumehuset.

Dessverre fekk kongen aldri sjå slottet ferdig, sidan han døydde under bygginga. Somme hevdar det var sjølvmord, andre mord – men kongen drukna i innsjøen på mystisk vis. Neuschwanstein blei opna for publikum for å skaffa pengar for å fullføra bygginga av slottet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Neuschwanstein slott i Tyskland
Neuschwanstein slott i Tyskland

2. Giant’s Causeway | Nord-Irland

Nord-Irlands største attraksjon er innhylla i mystikk, med ei overveldande utsikt over til Skottland. Mens solstrålane funklar over havflata på Atlanterhavet, kan ein stå på ein av tre utstikkarar av vulkansk stein som er frosne til perfekte sekskanta søyler. Her kan ein nesten kjenna at tida har stoppa.

Ifølgje legenda skal Causeway ha blitt laga av kjempa Finn McCool. Han kasta steinar ut i vatnet for å kunna kryssa over til Skottland for å gi ei anna kjempe, Benandonner, ein lærepenge. Men røynda er mykje mindre spent – dei steinete framspringa er 60 millionar år gammal lava som har stivna til meir enn 40 000 samanfiltra basaltsøyler. Desse søylene er både overveldande og fantastiske på same tid.

Det er lett å forstå kvifor Giant’s Causeway kom på UNESCOs liste over verdsarvstader i 1986. Dette er Nord-Irlands einaste attraksjon som står på lista. Staden har høg geologisk verdi og er høgt verdsett innan både vitskapen og kunsten.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Giant's Causeway i Nord-Irland
Giant's Causeway i Nord-Irland

3. Alhambra | Spania

Alhambra ligg i den andalusiske byen Granada. Med sine instagramvennlege hagar, geometriske bogegangar og skinande blå fontener er Alhambra eit av Europas finaste eksempel på islamsk kunst og arkitektur. Men Alhambra har ikkje berre eitt slott – det har tre.

Alhambra starta som ei romersk festning og blei så bygd om av det mauriske Nasrid-dynastiet, med røter i dagens Saudi-Arabia. På 1100-talet såg herskaren Muhammad I av Granada potensialet i det gamle festningsverket. Han fekk det bygd om så det fekk utsikt over byen.

Etter at Spania blei kristna på nytt i 1492, bygde dei katolske kongane og dronningane sine eigne slott på staden. Dette gjorde dei for å stilla det som blei bygd av nasjonens tidlegare muslimske herskarar i skuggen. Slottet til Karl V var i klassisk renessansestil og står i sterk kontrast til Nasrid-dynastiets byggverk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

4. Bledsjøen | Slovenia

Bledsjøen er draumen til ein reisefotograf, med sitt vakre blå vatn og sine idylliske omgivnader. Innsjøen ligg i dei juliske alpane nordvest i Slovenia, like ved landsbyen Bled. Denne idylliske staden er omringa av fjell og skogar. Middelalderslottet Bled ligg høgt over innsjøen på den nordre breidda, noko som gjer omgivnadene endå meir storslegne.

Midtpunktet i alt dette vakre er øya som ligg midt ute i innsjøen. Det ligg nokre få bygningar på øya, men hovudbygningen er pilegrimskyrkja som er dedisert til jomfru Marias opptaking i himmelen. Kyrkja blei bygd på 1600-talet og har eit 52 meter høgt tårn og 99 trappetrinn i barokkstil som fører opp frå vasskanten.

Viss ein vil ha ei anna utsikt over den verdskjende innsjøen, kan ein ta ein tur til slottet Bled. Der er det ei fantastisk utsikt over vatnet, øya og fjelltoppane rundt. Slottet frå 1100-talet har ein imponerande arkitektur og også ei museumssamling. Her kan ein òg læra om trykkerikunsten i trykkeriet på slottet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bledsjøen i Slovenia
Bledsjøen i Slovenia

5. Meteora | Hellas

Hellas er kjent for ei overflod av kloster, kyrkjer og andre religiøse stader. Desse er ofte bygde på utilgjengelege fjelltoppar og steinete holmar ute i havgapet. Men ingen av disse set ein ihuga besøkande på ei så stor prøve som klostra i Meteora. Her klamrar seks kloster seg til klippekanten.

Religiøse menneske, blant dei munkar, nonner og til og med eremittar, har budd i denne fjerntliggande delen av Hellas sidan kristendommen sine første dagar. Men trusselen om invasjon tvinga dei til å trekka opp i fjella. Etter kvart blei bygningane deira bygde på vaklande steinsøyler, eller på kanten av høge klipper, for å vera mest mogleg utilgjengelege.

På sitt mest populære var det 24 ulike religiøse tilhaldsstader i Meteorafjella, men i dag er det berre seks att. Alle seks er opne for publikum. På innsida kan ein utforska eldgamle freskomåleri som framleis skin i lyset. Ein kan òg sjå mødesamt måla kapell, velhaldne hagar og til og med genial teknologi som gjer livet på klippene litt enklare for munkane.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Meteora i Hellas
Meteora i Hellas

6. Quinta da Regaleira | Portugal

Quinta da Regaleira er ein del av Portugals kulturlandskap Sintra – ein unik verdsarvstad som må opplevast for å fatta at det finst. Det blei bygd på bestilling frå den eksentriske, brasilianske millionæren António Augusto Carvalho Monteiro seint på 1800-talet. Designet var ein kombinasjon av lidenskapen hans for natur, mytologi og filosofi. Resultatet er ein eigedom som manglar sidestykke nokon stad i verda.

Staden har vore open for publikum sidan 1998. Det var då han blei tatt over og restaurert i regi av dei lokale styresmaktene. Besøkande kan utforska fascinerande bygningar, mystiske monument og eventyrlege hagar, mens ein leiter etter skjulte symbol i omgivnadene.

Quinta da Regaleira har eit design som skal gi ei kopling mellom det fysiske og det åndelege. Det skal spegla ei reise inn i opplysning og innsikt. Den beste staden for å kjenna denne stemninga er når du ser opp fra botnen av brønnen, eit 27 meter djupt «tårn» under bakken. Å gå gjennom dei mørke tunnelane for å komma til brønnen, og så gå opp spiraltrappa dei ti etasjane mot himmelen over oss, er ei nesten utanomjordisk oppleving.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Quinta da Regaleira i Portugal
Quinta da Regaleira i Portugal

7. Tsarskoje Selo | Russland

Tsarskoje Selo er ein av dei mest overdådige turistattraksjonane i Russland.Det ligg berre 24 kilometer frå St. Petersburg. Slottet ligg i landsbyen Pusjkin, som er oppkalla etter den store russiske poeten Aleksandr Pusjkin. Slottet og parkanlegget kan skryta av noko av den mest storslegne arkitekturen i verda. Ein kan blant anna oppleva det berømte Katarinapalasset, ein kongeleg residens i barokkstil frå 1700-talet.

Slottet blei bygd som sommarresidens under keisarinne Katarina I av Russland. Ho var den andre hustrua til Peter den store. Dottera til Katarina, keisarinne Elisabet, bygde om slottet til rokokkostil i si regjeringstid. Ho ville gjerne at slottet skulle konkurrera med slottet i Versailles i Frankrike. Då Katarina den store tok over trona, mislikte ho stilen. Ho fekk arkitekten Charles Cameron til å oppgradera til nyklassisistisk stil innvendig, med ei litt meir barokk kjensle utvendig.

Palasset er omringa av ein idyllisk park på 5,6 kvadratkilometer, kalla Katarinaparken. Han består av to parkar: ein formell hage laga for tsarina Elisabet og ein engelsk landskapshage for Katarina den store. Spesielt den siste er full av storslegne bygningar og monument. Grottepaviljongen og pagoden er eksempel på kinesisk arkitektur.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tsarskoje Selo i Russland
Tsarskoje Selo i Russland

8. Plitvičesjøane | Kroatia

Kvifor besøka berre éin innsjø når du kan sjå 16, som alle er bundne saman via spektakulære fossefall? Når du vandrar over trebruene som går på kryss og tvers over Plitvičesjøane i Kroatia, er du omringa av smaragdgrønt vatn som har forma landskapet i fleire tusen år.

Innsjøane er faktisk ein del av den langstrekte elva som renn mellom fjella Mala Kapela og Plješivica. Over tid har elva delt seg opp, takka vera eit naturfenomen som blir kalla karst. Minerala i elvebekken, som gir innsjøane den karakteristiske fargen, reagerer også med organismar i vatnet som sakte vaskar opp nye lag med steinar som fungerer som naturlege dammar. Nokre av desse blei danna for over 200 millionar år sidan. Takka vera kaskadane med vatn har dei erodert og omdanna seg til eit system med fossefall og innsjøar som stadig endrar seg.

Det var denne utrulege geologien som gjorde at Plitvičesjøane fekk plass på UNESCOs verdsarvliste i 1979. Sjøane er framleis Kroatias mest populære turistattraksjon. Sjøane er rettnok berre ein liten del av nasjonalparken dei høyrer til – dei utgjer cirka 1 prosent av parken som består av 300 kvadratkilometer med overdådige skogar som er heimstad for mange utryddingstrua artar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Plitvice i Kroatia
Plitvice i Kroatia

9. Stonehenge | Storbritannia

Dette er eit av dei mest gjenkjennelege landemerka i Storbritannia, men ingen veit heilt sikkert korleis det blei til. Steinane har stått der i minst 3500 år, og alderen er ein del av det som gjer dei spennande for turistar. Mysteriet som omgir Stonehenge, er truleg grunnen til at tusenvis av turistar besøker staden kvart år.

10. Dei greske øyene | Hellas

Alle dei meir enn 200 bebudde øyene i Hellas har mykje meir å tilby enn berre sol, hav og sand. Kvar enkelt øy er ei unik blanding av historie og kultur. Dei idylliske øyene ligg strøydde rundt i Det joniske havet vest for fastlandet, med Egearhavet i aust.

Kreta er den største av dei greske øyene og har eit mangfaldig landskap frå fjell til kystbyar og strender. Her er det stor variasjon i attraksjonar, noko som gjer Kreta til ei av dei beste øyene for førstegongsbesøkande. Øya er spesielt interessant viss du likar historie, arkeologi og mytologi. Det var faktisk her den første europeiske sivilisasjonen, minoerane, heldt til.

Ei anna historisk øy er Rhodos, som er ein del av Dodekanesane. Gjennom hundreåra har ho blitt forma av romersk, bysantinsk, genovesisk, osmansk og italiensk påverknad – dette kjem til syne i gamlebyen i nord der ein kan beundra dei svingete, brusteinsdekte gatene innanfor bymurane.

Med sine fullkomne landsbyar og berømte solnedgangar er Santorini, juvelen i Egearhavet, ei av dei mest besøkte greske øyene. Halvmåneforma Santorini og naboøyene er eigentleg restar av ein stort sett overflødd og sovande vulkan. Denne vulkanen hadde eit av dei største utbrota i historia for rundt 3600 år sidan. Denne eksplosjonen var med på å forma dei bratte klippene på øya. Desse dannar en skodeplass der ein kan sjå sola synka i havet.

Kanskje den mest berømte attraksjonen blant alle dei greske øyene er den avsidesliggande Navagiobukta – også kalla Shipwreck Beach – på den joniske øya Zakynthos. Stranda er avbilda på mange postkort og brosjyrar og blei stemt fram som ei av dei beste strendene i verda i 2017. Det rustne skipsvraket er midtpunkt på den smale stripa med kvit sand. Skipsvraket ligg i botnen av ei bratt, skogkledd kalksteinsklippe omgitt av krystallklart, turkist vatn.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Santorini i Hellas
Santorini i Hellas

Kjelder:

  • 101 steder du må oppleve (før du dør) (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Ukjent
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Ukjent
    11. Getty Images