Verdsreligionane – Islam
Islam er den yngste av verdsreligionane og den nest største. Dei truende blir kalla muslimar. Dei trur på Allah, som betyr Gud på arabisk.
Verdsreligionane:
Islam
Ein mann som heitte Muhammad grunnla islam rundt 570 e.Kr. Han blei fødd i byen Mekka som ligg i Saudi-Arabia. Ifølgje muslimar fekk Muhammad ei befaling frå Allah. Han skulle forkynne at det fanst berre éin gud. Så flytta Muhammad til Medina. Her blei islam ein religion.
Stor moske i solnedgang
Blå moske
Sentrale skikkelsar
Profeten Muhammad er den viktigaste personen i islam. Han grunnla religionen, og forkynte at det fanst berre éin gud. Muhammad var eit historisk menneske, og han blir ikkje dyrka som ein gud.
Papir bakgrunn
Kaba i Mekka
Heilage skrifter
Koranen er den heilage boka i islam. Ho inneheld det Muhammad ville lære menneska. Boka er skriven på arabisk, og inneheld 114 kapittel, også kalt «surar». I tillegg til bodskapet om den eine Gud inneheld Koranen mange påbod og forbod. Dette blir kalla «sharia», den religiøse lova.
Koranen
Familie spiser iftar
Symbol
I islam er det ikkje vanleg å bruke symbol og teikningar av dyr eller menneske. Det er berre Allah som skal dyrkast. Halvmåne og stjerne er vanlegvis symbol på islamsk tru. Ifølgje muslimar er månen viktig fordi han bestemmer den islamske kalenderen.
Moske i Sudan
Iftar
Kunst og bygningar
Muslimane har mange fantastiske byggverk og mykje vakker kunst. Moskeane er dei viktigaste bygningane. Men det finst også vakre slott og palass. Islamsk kunst ser vi ofte som utsmykningar på bygningar eller som dekorasjon i bøker.
Moské i Cairo
Muslim ber i snøen
Kjelder:
- Blom, Hege: islamsk kunst og arkitektur i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/islamsk_kunst_og_arkitektur
- Statistisk sentralbyrå (16. april 2021): Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
https://www.ssb.no/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf
- Vogt, Kari: islam i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/islam
- Vogt, Kari: sunni- og sjiaislam i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. april 2021 frå https://snl.no/sunni-_og_sjiaislam
- Vogt, Kari: Kaba i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Kaba
- Vogt, Kari: Mekka i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/Mekka
- Vogt, Kari: sharia i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/sharia
- Vogt, Kari: id al-fitr i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 15. april 2021 frå https://snl.no/id_al-fitr
- Vogt, Kari: ramadan i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 16. april 2021 frå https://snl.no/ramadan
- Wikipedia (16. april 2021): Halvmåne
https://no.wikipedia.org/wiki/Halvmåne
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images / NRK Skole
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-