Verdsreligionane – jødedommen

Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.

Accessibility icon Verdsreligionane – jødedommen
Verdsreligionane:

Jødedommen 

Jødedommen er cirka 3000 år gammal og har utspringet sitt i Midtausten. Historia til jødane begynner med at Abraham vart utvald av Gud, og han inngjekk ei pakt mellom Gud og etterkommarane sine. Abraham blir rekna som stamfar til både jødedommen, kristendommen og islam.

Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).

Utbreiing

Landet som jødane var lova av Gud, var plassert mellom fleire stormakter. Det førte til krigar og uro. Det betyr at jødane tidleg vart forviste ut av landet. Dei vart fordrivne, men mange flytta òg frivillig og slo seg ned andre stader. Jødane har derfor levd som minoritet innanfor mange ulike kulturar og religionar. Det har òg ført til at jødedommen har utvikla seg i mange retningar.

I takt med at kristendommen voks og vart ein eigen sjølvstendig religion, voks òg motstanden til dei kristne mot jødedommen. Hat og mistanke mot jødar vart vanleg. På 1800-talet utvikla dette seg til antisemittisme i Europa, også i Noreg. Adolf Hitler utnytta jødehatet på 1930-talet, med nazismen. Det førte til eitt av dei mørkaste kapitla i historia, Holocaust, folkemordet på jødane før og under andre verdskrigen.

På grunn av jødeutryddinga fekk jødane etter krigen ein eigen stat, Israel. Staten vart vedteken og oppretta av FN. No skulle jødane endeleg få det lova landet sitt, slik dei var lova av Gud. Det var berre eit lite problem: Det budde nokon der frå før av – palestinarane. Palestina erklærte krig mot Israel frå første stund. Krigen førte til at Israel la under seg endå meir land enn FN hadde bestemt.

Sidan har uro og konfliktar prega området. Israelske styresmakter har systematisk forfølgt og undertrykt palestinarane, og mange har flykta.

I dag bur det seks millionar jødar i Israel og fem millionar jødar i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
A Jewish boy surrenders in Warsaw
A Jewish boy surrenders in Warsaw

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!