Verdsreligionane – jødedommen

Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.

Accessibility icon Verdsreligionane – jødedommen
VerDsreligionane:

Jødedommen  

Jødedommen er cirka 3000 år gammal og kjem frå Midtausten. Historia til jødane begynner med Abraham. Han gjorde ein avtale med Gud om at jødane skulle få sitt eige land.

Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).

Utbreiing 

I det landet som Gud hadde lova jødane, budde det nokon andre. Det førte til krigar og uro. Jødane måtte flytte frå stad til stad. Dei har derfor budd spreidde over heile verda.

Då kristendommen voks, vart jødane møtte med hat. Dei kristne meinte at dei mellom anna hadde drepe Jesus. På 1800-talet utvikla dette seg til det vi kallar antisemittisme i Europa. Dette hatet brukte Adolf Hitler, leiaren for nazistane, i forsøket sitt på å utrydde jødane under 2. verdskrigen.

På grunn av jødeutryddinga – Holocaust – fekk jødane etter krigen eit eige land, Israel. Det var FN som bestemte dette. No skulle jødane endeleg få det landet Gud hadde lova dei. Det var berre eitt stort problem: Det budde nokon der frå før – palestinarane. Det førte igjen til krig. Ein krig som dei framleis ikkje er ferdige med.

I dag bur det seks millionar jødar i Israel og fem millionar jødar i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
A Jewish boy surrenders in Warsaw
A Jewish boy surrenders in Warsaw

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!