Verdsreligionane – jødedommen

Jødedommen er i dag ein av dei eldste verdsreligionane. Jødane trur på éin Gud og på at dei tilhøyrer eitt bestemt folk.

Accessibility icon Verdsreligionane – jødedommen
Verdsreligionane:

Jødedommen  

Jødedommen er cirka 3000 år gammal og voks fram i Midtausten. Historia til jødane begynner med Abraham. Han inngjekk ei pakt mellom Gud og etterkommarane sine. Dei skulle mellom anna få sitt eige land.

Abraham blir rekna som stamfar til både jødedommen, kristendommen og islam. Ordet «jøde» betydde opphavleg ‘innbyggjar i Judea’ (noverande Palestina).

Utbreiing 

Landet som jødane var lova av Gud, var plassert mellom fleire stormakter. Det førte til krigar og uro. Jødane måtte derfor flykte frå stad til stad. Mange flytta òg frivillig og slo seg ned andre stader. Jødane har derfor levd som minoritet saman med andre kulturar og religionar.

Samtidig med at kristendommen voks og vart ein eigen religion, voks òg motstanden til dei kristne mot jødedommen. Mange kristne hata jødane. På 1800-talet utvikla dette seg til antisemittisme i Europa. Adolf Hitler, leiaren i nazistane, utnytta jødehatet på 1930-talet. Det førte til eit av dei mørkaste kapitla til historia – Holocaust – folkemordet på jødane før og under andre verdskrigen.

På grunn av jødeutryddinga fekk jødane etter krigen ein eigen stat, Israel. Han vart oppretta av FN. No skulle jødane endeleg få det landa Gud hadde lova dei. Det var berre eitt stort problem: Det budde nokon der frå før – palestinarane. Palestina erklærte krig med Israel frå første stund. Krigen førte til at Israel tok meir land enn FN hadde bestemt.

Sidan har uro og konfliktar prega området. Styresmaktene i Israel har forfølgt og undertrykt palestinarane, og mange har flykta.

I dag bur det seks millionar jødar i Israel og fem millionar jødar i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
A Jewish boy surrenders in Warsaw
A Jewish boy surrenders in Warsaw

Sentrale skikkelsar 

Abraham var den første monoteisten. Han var den første som forkasta alle dei gamle gudane for å tene berre éin gud. Han fekk nemleg ei openberring frå Gud om at slekta hans skulle vere Guds folk – på eitt vilkår: At alle gutebarn vart omskorne.

Moses har òg ei viktig rolle i jødedommen. Dei truande reknar han som det einaste mennesket som har møtt Gud på ordentleg. Mange trur òg at Moses sjølv skreiv Mosebøkene i Det gamle testamentet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heilage stader 

Jerusalem har vore ein viktig by for jødedommen i snart 3000 år. Dei aller fleste jødane reknar Jerusalem som den heilage byen sin.

Gudshuset til jødane blir kalla synagoge. Her møtest dei til bøn, studium og gudstenester. Nokre kallar det òg for tempel. Dei vakre synagogane skal alltid vere vende mot Jerusalem. Ein jødisk lærar blir kalla rabbinar, og han held gjerne preike i synagogen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Heilage skrifter 

Den jødiske bibelen blir kalla Tanakh. Dette er det same som Det gamle testamentet i Bibelen. Den heilagste delen av Tanakh heiter Toraen. Han er ifølgje dei truande skriven av Moses sjølv, som resultat av ei guddommeleg openberring. Her finn vi òg Dei ti boda og mange andre lover. Jødane har òg ei skriftsamling kalla Talmud. Ho består av mange visdomsord og forteljingar.

Høgtider 

Jødane har mange heilagdagar og festdagar. Det er gjerne dette som knyter jødar saman verda over. Sabbaten er blant dei viktigaste heilagdagane. Han varer frå fredag ettermiddag til laurdag kveld. Då skal berre livsnødvendig arbeid utførast. Sabbaten blir feira heime, ved at kvinna tenner to lys og velsignar vinen og brødet. Sabbatsmåltidet er viktig. Det varer gjerne lenge, og barna kan delta i religiøse samtalar.

Jødane feirar pesach, som er bakgrunnen for påska til dei kristne. Medan dei kristne minnest Jesu død, feirar jødane at Moses, med Guds hjelp, klarte å frigjere jødane frå slaveri i Egypt.

Sabbat

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Symbol

Det viktigaste symbolet for jødedommen er kanskje den spesielle lysestaken. Han blir kalla menora og er beskriven i Tanakh. Han skal ha vore brukt i templa til jødane i Jerusalem.

Den sekskanta davidstjerna er òg eit gammalt jødisk symbol.

Ritual

Bøneritualet er eit av dei viktigaste rituala for truande jødar. Bønene inneheld takksemd, bøner om visdom, tilgjeving og lækjing. Jødar har òg ritual ved merkedagane i livet. Nyfødde gutebarn blir omskorne, men ikkje jenter. I 12-13-årsalderen blir jødar religiøst myndige, og det blir halde ein stor fest kalla bar mitzva.

Nokre jødiske menn ber ein kipa på hovudet, eit flatt, rundt hovudplagg.

Kor mykje rituala blir praktiserte, varierer sterkt innan kvar jødiske familie, på same måten som i andre religionar.

Kunst og bygningar 

Synagogen der jødane møtest til bøn, kan vera kva hus eller lokale som som helst. Det er dei rituelle tinga innanfor som gjer det til ein heilag stad. Det finst likevel vakre synagogar med flott kunst.

Jødisk kunst er særleg tydeleg i illustrasjonar til religiøse bøker og dokument. Dei jødiske gravstadene er ofte svært vakre og kunstnariske.

Jødedom i Noreg 

Jødehat har dessverre òg lange tradisjonar i Noreg. Då nordmenn vedtok Grunnlova i 1814, inneheldt ho ei lov som forbaud jødar å opphalde seg i Noreg. Bakgrunnen var fordommar om at jødar var grådige, og at målet deira var verdsherredømme. Forbodet vart oppheva i 1851, men fordommane vart verande.

Under andre verdskrigen deltok norsk politi velvillig då nazistane sende hundrevis av norske jødar til Tyskland og gasskammera.

På 1990-talet fekk norske jødar ei offentleg unnskyldning frå Stortinget, på grunn av det som skjedde under krigen.

I dag bur det rundt 1500 jødar i Noreg. Ikkje alle jødar praktiserer religionen sin. For å vere jøde treng ein berre å vere fødd av ei jødisk mor.

Kva betyr ein jødisk identitet? 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Groth, Bente: menora i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/menora
  • Groth, Bente: rabbi i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 20. april 2021 frå https://snl.no/rabbi
  • Leraand, Dag: Israel i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Israel
  • Leraand, Dag og Jørgen, Jensehaugen: Palestina i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 19. april 2021 frå https://snl.no/Palestina

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Nrk skole
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Anders Beer Wilse (1865–1949) / Galleri Nor
    11. Nrk skole