Verdsreligionane – kristendommen
Kristendommen er den største religionen i verda. Han består av mange ulike kyrkjesamfunn, men alle kristne har til felles at dei trur på Jesus som Guds son og verdas frelsar.
Verdsreligionane:
Kristendommen
Kristendommen oppstod rundt år 30 e.Kr. i området der Israel ligg i dag. Kristendommen begynte med Jesus frå Nasaret. Religionen som var viktigast på hans tid, var jødedommen, og Jesus og dei første tilhengjarane hans var jødar. Kristendommen vart først sett som ei retning innanfor jødedommen, men etter kvart vart han ein heilt eigen religion.
Kors på et fjell i solnedgang
Stallen, krybben og Jesus
Jesus på korset
Heilage stader
Byen Jerusalem i Midtausten er ein heilag by for dei kristne. Der vart Jesus korsfesta og gravlagd. Ifølgje Bibelen var det òg frå Jerusalem at Jesus fór opp til himmelen. Mange kristne frå heile verda reiser hit for å besøke den heilage byen. Dette kallar vi pilegrimsreise.
Kyrkjene blir òg rekna som heilage hus. Her samlar dei kristne seg til gudsteneste, som presten held.
Jerusalem
Heilage skrifter
Bibelen er den heilage skrifta til kristendommen. Namnet bibel kjem av gresk «biblia», som betyr ‘bøker’. Bibelen har betydd mykje for kulturen og verdsbiletet i den vestlege verda. Han har inspirert mange filosofar og kunstnarar. Han er også ei av dei mest lesne bøkene i verda, og han er omsett til cirka 2000 språk.
Bibelen
Høgtider
Kyrkja feirar mange høgtider og heilagdagar. Høgdepunkta er jul, påske og pinse. Påska var den første høgtida dei kristne feira, og ho er den viktigaste høgtida i kristendommen. Søndag er kristendommen sin heilagdag, og denne skikken er svært viktig i vår del av verda.
Den tomme graven til Jesus
Symbol
Det viktigaste kristne symbolet er korset – det er sjølve teiknet på den kristne trua. Dette er fordi Jesus vart korsfesta. På korset leid og døydde Jesus. Korset er òg eit symbol på siger over døden.
Kristendommen har mange andre symbol. Eit lam, ein fisk, ei sol og ein pelikan er alle symbol på Jesus.
Et kors i en hånd
Ritual
Eit ritual er noko vi gjentek ofte og etter eit bestemt mønster. Søndagsgudstenesta er eit slikt ritual for mange kristne. Men kanskje endå viktigare er overgangsrituala til kyrkja. Dei markerer overgangane i livet til menneske. Det er dåp, konfirmasjon, ekteskap og gravferd. Andre ritual er nattverd og sjukesalving.
Bryllup
Kunst og bygningar
Kyrkjebygget er eit gudshus der kristne kan samlast. Med typiske spir og klokketårn er kyrkja lett å kjenne igjen. Ei kyrkje kan vere flotte utsmykka katedralar eller enkle forsamlingshus.
Kristendommen har òg gitt inspirasjon til mange store kunstverk, som Michelangelos takmåleri frå 1500-talet i Peterskyrkja i Roma.
Nidarosdomen
Heddal stavkirke
Kjelder:
- Elstad, Hallgeir og Rasmussen, Tarald: kristendom i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 13. april 2021 frå https://snl.no/kristendom
- Elstad, Hallgeir og Rasmussen, Tarald: kristendommens historie i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/Kristendommens_historie_i_Norge
- Kværne, Per: kristne symboler i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/kristne_symboler
- NDLA (14. april 2021): Kristendommen – ritualer og praksis.
https://ndla.no/nb/subject:44/topic:1:198120/topic:1:197959/resource: 5b5f58e9-53b1-4438-9d86-fc29ddb32e5f?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2- af00-2ca7d721cb25
- Rasmussen, Tarald: Jerusalem (i kristendommen) i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 13. april 2021 frå https://snl.no/Jerusalem_-_i_kristendommen
- Seim, Turid K.: Bibelen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/Bibelen
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nrk skole
-