Verdsreligionane – kristendommen
Kristendommen er den største religionen i verda. Han består av mange ulike kyrkjesamfunn, men alle kristne har til felles at dei trur på Jesus som Guds son og verdas frelsar.
Verdsreligionane:
Kristendommen
Kristendommen oppstod rundt år 30 e.Kr. i området der Israel ligg i dag. Kristendommen begynte med Jesus frå Nasaret. Jesus og vennene hans var sjølve jødar. Likevel skapte dei ein ny religion som vart kalla kristendommen.
Kors på et fjell i solnedgang
Stallen, krybben og Jesus
Jesus på korset
Heilage stader
Byen Jerusalem i Midtausten er ein heilag by for dei kristne. Der vart Jesus korsfesta og gravlagd. Ifølgje Bibelen var det òg herfrå at Jesus fór opp til himmelen. Mange kristne frå heile verda reiser hit for å besøke den heilage byen. Dette kallar vi pilegrimsreise.
Kyrkjene blir òg rekna som heilage hus. Her samlar dei kristne seg til gudsteneste, som presten held.
Jerusalem
Heilage skrifter
Bibelen er den heilage skrifta til kristendommen. Namnet bibel kjem av gresk «biblia», som betyr ‘bøker’. Bibelen er ein av dei mest lesne bøkene i verda, og han er omsett til cirka 2000 språk.
Bibelen
Høgtider
Kyrkja feirar mange høgtider og heilagdagar. Høgdepunkta er jul og påske. Påska var den første høgtida dei kristne feira, og ho er den viktigaste høgtida i kristendommen. Søndag er kristendommen sin heilagdag, og han er framleis svært viktig i vår del av verda.
Den tomme graven til Jesus
Symbol
Det viktigaste kristne symbolet er korset – det er sjølve teiknet på den kristne trua. Dette er fordi Jesus vart korsfesta. På korset leid og døydde Jesus. Korset er òg eit symbol på siger over døden.
Kristendommen har mange andre symbol. Eit lam, ein fisk og ein pelikan er alle symbol på Jesus.
Et kors i en hånd
Ritual
Eit ritual er noko vi gjer ofte og etter ei bestemt oppskrift. Gudstenesta søndag er eit slikt ritual. Men kanskje endå viktigare er når vi markerer overgangane i livet til menneske. Desse er dåp, konfirmasjon, ekteskap og gravferd.
Bryllup
Kunst og bygningar
Kyrkjebygget er eit gudshus der kristne kan samlast. Med typiske spir og klokketårn er kyrkja lett å kjenne igjen. Ei kyrkje kan vere store katedralar, som Nidarosdomen i Trondheim, eller enkle forsamlingshus.
Kristendommen har òg gitt inspirasjon til mange store kunstverk. Mellom anna Michelangelos takmåleri frå 1500-talet i Peterskyrkja i Roma.
Nidarosdomen
Heddal stavkirke
Kjelder:
- Elstad, Hallgeir og Rasmussen, Tarald: kristendom i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 13. april 2021 frå https://snl.no/kristendom
- Elstad, Hallgeir og Rasmussen, Tarald: kristendommens historie i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/Kristendommens_historie_i_Norge
- Kværne, Per: kristne symboler i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/kristne_symboler
- NDLA (14. april 2021): Kristendommen – ritualer og praksis.
https://ndla.no/nb/subject:44/topic:1:198120/topic:1:197959/resource: 5b5f58e9-53b1-4438-9d86-fc29ddb32e5f?filters=urn:filter:78e538a3-78bf-4db2- af00-2ca7d721cb25
- Rasmussen, Tarald: Jerusalem (i kristendommen) i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 13. april 2021 frå https://snl.no/Jerusalem_-_i_kristendommen
- Seim, Turid K.: Bibelen i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 14. april 2021 frå https://snl.no/Bibelen
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Nrk skole
-