Vi ere en nasjon vi med

Det er slett ikkje tilfeldig at du skriv og snakkar på den måten du gjer i dag. Språket vårt er eit resultat av historie, kultur, påverknad og politikk. Språk markerer tilhøyr, og for eit land er språket noko som bind menneska saman. Språk er òg ein identitetsmarkør. Språket du snakkar og skriv, er ein del av identiteten din. Mange har sterke kjensler knytte til språket sitt. Slik har det òg vore i Noreg. Språket har gjennom tidene vore gjenstand for både debatt, diskusjonar og konflikt. Det er jo litt snodig å tenkje på at ein diskusjon som starta for over 200 år sidan, har konsekvensar for språket du skriv og snakkar. Ja, til og med for karaktersnittet ditt. Korleis blei det eigentleg slik?

Accessibility icon Vi ere en nasjon vi med

Noreg på 1800-talet

Du bur i eit fritt land. Men det har ikkje alltid vore slik. La oss skru tida ca. 200 år tilbake. Noreg er i ein heilt spesiell situasjon. Dei nasjonalromantiske tankane har nådd landet vårt. I Noreg får desse tankane eit heilt spesielt fotfeste.

📷   «Stedje i Sogn» av Johan Christian Dahl / KODE

Det var først og fremst teorien til den tyske kulturfilosofen Johann Gottfried von Herder engasjerte nordmenn lét seg inspirere av. Han introduserte omgrepet «Volksgeist» eller «Volksseele», som er ein tanke om at eit folk eller eit land har ei felles sjel eller ånd. Denne «nasjonale sjela» eller «folkeånda» som menneska i eit land delte, kunne handle om felles språk, kultur, tradisjonar og geografi. Om ein studerte språk, litteratur, kultur og tradisjonar, ville ein kunne finne landets nasjonale identitet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.
Norsk kulturlandskap fra Stedje i Sogn. Fjell i bakgrunnen, jorder og en vei med noen kuer og to mennesker.

Noreg, eit kulturelt u-land

Dei nasjonalromantiske tankane når vesle, undertrykte Noreg i rett tid. Ein del av desse tankane var at alle nasjonar, uansett storleik, hadde rett til sjølvstyre. Vesle Noreg, som har vore i union med storebror Danmark i mange hundre år, er på mange måtar eit u-land, både økonomisk, kulturelt og språkleg.

📷   «Haugianerne» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

I 1814 markerer vi sjølvstendet vårt med ei eiga norsk grunnlov. Men kva med vår felles «Volksgeist»? Eksisterte det ei felles nasjonalånd etter hundrevis av år med undertrykking?

Inspirert av von Herders tankar startar engasjerte nordmenn ei omfattande jakt på ein felles norsk nasjonal identitet. Dette arbeidet blei eit viktig ledd i nasjonsbygginga på 1800-talet. Vi ønskte å markere for Sverige og Danmark at vi var ein sjølvstendig nasjon med eige styre, eigen kultur og eige språk.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.
Haugianerne av Adolph Tidemand. En mann kledd står på en stol og snakker til en gruppe mennesker i et dunkelt rom. Maleri fra 1852.

Jakta på ein nasjonal identitet

Det var først og fremst embetsmenn, altså eliten og overklassa i det norske samfunnet, som starta arbeidet med å kartleggje kva den felles nasjonale identiteten vår kunne vere. Journalistar, kunstnarar, forfattarar og vitskapsmenn tok del i dette omfattande arbeidet. Funna var mange. Det blei tidleg slått fast at levemåten, tradisjonane og kulturen i bondesamfunnet burde vere grunnlaget for heile Noregs felles, nasjonale kultur.

📷   «Brureferda i Hardanger» av Adolph Tidemand og Hans Gude / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Det kjente måleriet «Brureferda i Hardanger» av Tidemand og Gude er eit godt eksempel på nasjonalromantikken sine tankar i Noreg. Bonden fekk ei viktig rolle, her i festleg lag, pent kledd med flotte folkedrakter og med storslått natur i bakgrunnen.

Tidemand og Gude måla norsk folkeliv og norsk folkekarakter, uttrykt gjennom bondesamfunnet. I heile 70 år varte arbeidet med å definere kva som kjenneteikna oss som nasjon. Mykje av det vi i dag tenkjer på som typisk norsk, finn vi att i førestillingane om det norske som voks fram på 1800-tallet.I tillegg til bonden som nasjonal skikkelse blei det viktig å fokusere på naturen, folkediktinga og mangfaldet innafor språket vårt i det nasjonale identitetsarbeidet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Språksituasjonen i by og bygd

Så kva språksituasjon stod vi i på byrjinga av 1800-talet? Det var stor skilnad på by og bygd. I byane, blant eliten, snakka dei det som blei kalla «danna daglegtale», og dei skreiv på dansk. På landsbygda, der dei aller fleste budde, snakka folk ulike dialektar. Men skrive, nei, det kunne ikkje bonden og barna hans.

📷  «Eventyrfortellersken» av Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom

Det var ikkje før i 1860 at det kom faste skulehus, og i 1889 kom folkeskulelova. Denne slo fast at alle norske barn hadde rett til å gå sju år på skulen uavhengig av om dei høyrde til overklassa, middelklassa eller underklassa.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann
Eventyrfortellersken, maleri av Adolph Tidemann

Språkdebatt som engasjerte og frustrerte

Vi stod på mange måtar ved eit vegskilje på denne tida, også språkleg. I kva for retning vi skulle gå, var deltakarane i striden ikkje einige om. Det heile utvikla seg til å bli ein omfattande og til tider oppheta språkdebatt. Ein debatt som starta i 1830-åra, og som går føre seg den dag i dag.

To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.
To hender som holder hvert sitt flagg. Norsk og dansk.

Henrik Wergeland

Dei første som involverte seg i denne debatten, var forfattarane Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven. Dei kom ikkje særleg godt overeins og var ueinige om det meste som gjaldt dikting, politikk og språk. Kort forklart meinte Wergeland bestemt at den einaste ideelle løysinga dersom ein var eit demokratisk og patriotisk land, var å bryte alle band til Danmark.

📷  Henrik Wergeland av Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
 

 

 

Portrett av Henrik Wergeland

Johan Sebastian Welhaven

Welhaven på si side var opptatt av at eliten måtte styre landet, og at kulturfellesskapet vi delte med Danmark var verdifullt. Dei leidde begge kvart sitt parti, Wergeland «Norskdomspartiet» og Welhaven «Intelligenspartiet». Det kjem kanskje ikkje som ei overrasking at Wergeland òg ønskte å markere avstand frå Danmark språkleg. Han prøvde å fornorske dansken. Det var eit språksyn fienden Welhaven ikkje delte.

📷  Johan Sebastian Welhaven av W. Tegner & Kittendorff / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
Portrett av Johan Sebastian Welhaven

Peter Andreas Munch

Historikar og språkforskar Peter Andreas Munch kasta seg òg inn i debatten med det kanskje mest originale forslaget. Kva med å lage eit skriftspråk som låg tett opp til norrønt, urspråket vårt? Nei, det blei for komplisert. Norrønt var jo eit språk folk for lengst hadde slutta å snakke i Noreg.

📷  Peter Andreas Munch / Offentlig eiendom
 
Portrett av Peter Andreas Munch

Landsmål og riksmål

Du har sikkert høyrt om fedrane til nynorsken og bokmålet, Ivar Aasen og Knud Knudsen. Den førstnemnde var forkjempar for landsmål, mens den sistnemnde var tilhengar av riksmål. Dei førte språkdebatten vidare og hadde begge klare tankar om korleis vi skulle vidareutvikle språket vårt, men med ulike meiningar og ulik framgangsmåte.

Ivar Aasen og Knud Knudsen
Ivar Aasen og Knud Knudsen

Ivar Aasen

Ivar Aasen hadde ein klar tanke om at eit nytt norsk skriftspråk skulle byggjast på dialektane våre. Han bestemte seg for å reise rundt i det langstrekte landet vårt for å lære meir om dei ulike dialektane. Men språket som blei snakka i byane, var han heilt uinteressert i. Han ville til landsbygda på jakt etter dialektar som ein kunne vidareutvikle til å bli eit felles skriftspråk. Han systematiserte dei ulike dialektene han fann og gav i 1848 ut «Det norske Folkesprogs Grammatik» og i 1850 «Ordbog over det norske Folkesprog».

📷  Ivar Aasen / Offentlig eiendom
Ivar Aasen, gammelt fotografi

Knud Knudsen

Knud Knudsen på si side meinte at skriftspråket måtte ta utgangspunkt i den danna daglegtalen som eliten snakka i byane. I 1845 publiserer han ein artikkel med tittelen «Om Lydene, Lydtegnene og Retskrivningen i det norske Sprog». Her argumenterer han for at ortografien skulle bli bestemt «efter den almindeligste Udtale af Ordene i de Dannedes Mund». Skriftspråket skulle med andre ord leggjast tett opp til dansk og ta utgangspunkt i talespråket til eliten i det norske samfunnet.

📷  Knud Knudsen / Offentlig eiendom
Portettfotografi av Knud Knudsen

Same mål, men ulik strategi?

Knudsen omtalar språkstriden mellom seg sjølv og Aasen som ein prosess med same langsiktige mål, men med ulik strategi. Han meinte at Aasen ønskte «Bråhastens Vej». Sin eigen strategi omtalte han som «Gradvishetens Vej». Eit poeng frå Knudsen som det nok var mykje sanning i, var at det var urealistisk at overklassa der og då ville akseptere språkforma Aasen kjempa for. At det å endre dansk-norsken til eit reinare norsk språk måtte skje sakte, men sikkert.

En sti som deles til to stier i en skog
En sti som deles til to stier i en skog

Viktige vedtak

I 1885 kjem det kanskje viktigaste og mest avgjerande historiske vedtaket som handlar om skriftspråket vårt: jamstillingsvedtaket. «Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.» (12. mai 1885.) Det blei stemt over forslaget i Stortinget, og 78 stemte for. Kort forklart betydde jamstillingsvedtaket at ein skulle sjå på nynorsk og bokmål som likestilte skriftspråk.

Skulen blei ein viktig faktor i diskusjonen om språk. Dei aller fleste lærarane underviste på eit språk som låg tett opp til dansk. Det var felles praksis at elevane ikkje skulle bruke sin eigen dialekt når dei snakka og skreiv på skulen. I 1887 endrar dette seg ganske radikalt då det kom eit vedtak som sa at «Undervisningen i Almueskolen saavidt mulig meddeles paa Børnenes eget Talesprog». Ein gjekk dermed frå å forby dialektar til at læraren fekk påbod om å undervise på talemålet til elevane.

Dette var eit vedtak som bygde på tanken om at dialektane var «det ekte norske». I 1892 fekk òg kvar kommune sjølv rett til å avgjere om lærebøkene i skulane skulle vere på nynorsk eller bokmål. I 1892 kom også ein rett som la opp til at kvar kommune sjølv kunne avgjere om lærebøkene i skulane skulle vere på nynorsk eller bokmål.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Klasserom fra tidlig 1900-tallet
Klasserom fra tidlig 1900-tallet

Språkdebatten held fram og held fram

Språkdebatten på 1800-talet blei spesielt viktig fordi han blei ein del av frigjeringa og nasjonsbygginga. Sjølv etter at Knudsen og Aasen var døde, heldt debatten fram. Utover på 1900-talet var det også omfattande debattar om språket vårt. Ein debatt som òg i stor grad blei politisk styrt. Ein tanke om at dei to skriftspråka kunne smelte saman til eitt skriftspråk, var det som i størst grad blei debattert.

Denne målforma blei kalla samnorsk. I dag veit jo du at det ikkje blei tilfellet, og at jamstillingsvedtaket frå 1885 framleis gjeld. Til glede for somme og frustrasjon for andre. Også i dag blir det jobba iherdig med å verne om språket vårt og ta vare på dialektane våre. Vi ser at dette arbeidet òg gjer seg gjeldande i politikken og i lovverket vårt.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover
Mange bøker som ligger oppslått og spredt utover

Språkloven og Språkrådet

I språklova står det at «Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk». I Noreg har vi eit eige språkråd som jobbar med å styrkje det norske språket og språkmangfaldet. Språkrådet ser til at språkopplæringa byggjer på språkpolitikken.

Språkpolitikk og språklova er eit felles ansvar. Om språklova skal fungere slik ho er tenkt, må alle vere bevisste på og prioritere språkarbeidet. Det betyr ikkje at vi alle skal bli Mini-Knud og Mini-Ivar. Men at vi held fram med å fremje språkleg mangfald og variasjon som noko positivt. Det er altså først og fremst vi som språkbrukarar som må kjempe for at det norske språket skal bli bevart.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Språk er identitet

Noreg er eit lite land, med ein rik språkarv. Det at nynorsk framleis eksisterer, er ei viktig påminning om korleis Noreg med alt som er særeige for landet, med kulturen og med språket braut med banda til Danmark og stod på eigne bein som ein liten, men stolt nasjon. Korleis vi leitte i kvar krik og krok av landet for å finne ut av kva det ville seie å vere norsk. Bondekulturen, naturen, folkediktinga og folkemusikken. Men òg det mangfaldige, norske språket. Språkdebatten er eit godt eksempel på at språk er viktig for folk. At språk kan knyte oss saman. Skape ein felles identitet.

Multikulturell gruppe med ungdommer
Multikulturell gruppe med ungdommer

«Vi ere en nasjon vi med»

Språket vårt er eit symbol på den store og omfattande frigjeringskampen Noreg stod i på 1800-talet. Desse kampane, også for språket vårt, bidrog faktisk til at Noreg til slutt kunne erklære seg som sjølvstendig. At vi etter mange års kamp stolt kunne uttrykkje at «Vi ere en nasjon vi med».

📷  Foto frå barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908 / Nasjonalbiblioteket
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.
Fane for Vaalerengens skole prydet med «Vi ere en nation vi med». Foto fra barnetoget på Slottsplassen i Oslo 17. mai 1908.

Kjelder:

  • Johannes Nymark; Rolf Theil: Dei ukuelege språka (2011)
    Oslo. Fagbokforlaget.

Bilde- og videorettar:

    1. Johan Christian Dahl / Offentlig eiendom
    2. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    3. Adolph Tidemand og Hans Gude/ Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    4. Adolph Tidemand / Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
    5. Getty Images
    6. O. F. Knutsen / Riksarkivet / Offentlig eiendom
    7. W. Tegner & Kittendorff / Gyldendalske Boghandels Forlag / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
    8. Offentlig eiendom
    9. Skolerom
    10. Carl Christian Wischmann, 1871 / Oslo museum / Offentlig eiendom
    11. Cappelen / Offentlig eiendom
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. AdobeStock
    15. Getty Images
    16. Getty Images
    17. Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom