Vikingane
Kvifor vart det vikingtid?
Vi ser vikingar i filmar og TV-seriar, og vi har høyrt historier om vikingtokt. Kvifor begynte vikingtida, og kor lenge varte ho?
Norrøn treskjæring
Bonde og krigar
Ordet «viking» blir i dag brukt om alle menneska som budde i Skandinavia for cirka 1000 år sidan. Men den gongen vart det norrøne ordet «vikingr» berre brukt om dei som reiste til sjøs. Ein drog til sjøs for å søkje rikdom, drive handel og oppdage nytt land. Folk flest var bønder og levde i små gardssamfunn. Dei livnærte seg hovudsakeleg av jordbruk, jakt og fiske. Kvifor valde nokon å dra på livsfarleg tokt?
Vikingskip på tåkete hav i soloppgang
Å dra i viking
Samfunnet i vikingtida bar preg av å vere militarisert. Det vil seie at alle frie menn (bønder) bar våpen og fekk opplæring i våpenbruk. Bønder hadde sesongbaserte felag (fellesdrift), der dei saman utrusta skip for å dra i viking. Det var forventa at søner av bønder deltok på ulike typar tokt før dei overtok ansvar for garden. Dei som ikkje reiste ut i viking, vart sett på som lite truverdige. Dei fekk ikkje snakke i forsamlingar der lov og rett vart diskutert.
Tre vikingskip i en fjord sett fra luften
Jakta på ære
På denne tida vart det sterkare sentralmaktar og lovområde i Skandinavia. Samtidig vart det også ein strengare kontroll med åtferda til enkeltpersonar. Det vil seie at det vart vanskelegare for unge menn å skaffe seg ære, anerkjenning, og dermed sosiale framskritt. Dette kan ha vore ein viktig faktor for å forklare kvifor vikingtokta eksploderte i omfang på 800-talet. Jakta på ære pressa vikingane ut frå Skandinavia for å finne berømmelse og rikdom.
📷 Sølvmyntar frå vikingtida.
Sølvmynter fra vikingtiden
Lindisfarne
Vikingtida begynte for alvor i år 793. Då angreip vikingar klosteret på øya Lindisfarne i England. Klosteret var ein viktig stad for misjonering av kristendommen i Nord-England. Angrepet sende sjokkbølgjer gjennom det kristne Europa. Dei norrøne vikingane vart frykta, og historier om deira brutalitet har overlevd fram til i dag.
📷 Lindisfarne slott
Lindisfarne slott
Normannar og Vinland
Vikingane segla både nordover, vestover, austover og sørover i Europa. Ein vikinghovding som heitte Rollo etablerte ei busetjing i Nord-Frankrike rundt år 900. Området fekk seinare namnet Normandie. Ordet normannar er eit gammalt vest-europeisk uttrykk for vikingane.
Ein viking segla så langt vest at han kom til kysten av Nord-Amerika. Dette området kalla han Vinland. Her kan du høyre historia om Leiv Eiriksson.
Gammelt kart over Normandie
Nærbilde av en grå stein med norrøne runer.
Vikinghus på Island
Trellar og slaveri
Ein trell var ein arbeidsslave utan rettar i samfunnet. Ein trell var ofte fødd inn i slaveri, teken til fange i krig, eller kidnappa under tokt. Ein kunne også bli dømd til å vere trell om ein hadde gjort noko straffbart. I vikingtida var slavehandel ein betydeleg del av handelen som gjekk føre seg.
I mennesket si historie har ein brukt slavar så lenge samfunnet har vore lagdelt inn i stender (klasser) baserte på menneska sin status og verdi. Finst det slavar i dag?
📷 «Kark myrdar Håkon jarl», illustrert for Heimskringla og Soga om Olav Tryggvason av Christian Krohg.
Ære
I vikingtida stod ære veldig høgt. Det var veldig viktig å sikre seg godt omdømme og rikdom. Ein kunne ifølge Gulatingslova miste rettane dersom ein tre gongar let vere å hemne ei krenking. Ære var viktig både for enkeltmennesket og hushaldet.
Det var forskjell på drap og mord. Til dømes vart mordbrann eller å drepe nokon på nattestid sett på som foraktelig. Derfor vart det klassifisert som mord. Då fekk ikkje folk moglegheita til å forsvare seg sjølve. Drap var meir akseptabelt viss ein hemna ei krenking.
📷 Manuskriptet Codex Rantzovianus, pergamenthandskrift av Gulatingslova.
Maleri av Arbo. Olav den helliges fall i slaget på Stiklestad
300 år
Vikingtida høyrer til ein epoke i Noregs historie som vi kallar den yngre jernalder. På denne tida laga menneska reiskapar og våpen av jern. Tenk på vikingsverdene!
Vikingtida varte i rundt 300 år, til midten av 1000-talet. I år 1066 tapte den norske kongen Harald Hardråde eit slag ved Stamford Bridge i England. Dette slaget blir sett på som slutten av vikingtida i England. Uttrykket «vikingtida» vart først innført på slutten av 1800-talet.
📷 Vikingsverd, Bergen museum.
Rykte og ettermæle
Det seiest at vikingane var modige, sterke og eventyrlystne. Det seiest også at dei var brutale. Kva påverknad trur du vikingane har hatt på vår kultur i Noreg?
Blodig viking sett bakfra gående i en eng
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Matthew Hunt – Flickr (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Adobe Stock
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Christian Krohg / Offentlig eiendom
-
Offentlig eiendom
-
Peter Nicolai Arbo / Offentlig eiendom
-
Bergen museum / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
NRK skole – YouTube
-
Getty Images
-