Vikingane

Kvifor vart det vikingtid?

Vi ser vikingar i filmar og TV-seriar, og vi har høyrt historier om vikingtokt. Kvifor begynte vikingtida, og kor lenge varte ho?

Norrøn treskjæring
Norrøn treskjæring

Bonde og krigar

Ordet «viking» blir i dag brukt om alle menneska som budde i Skandinavia for cirka 1000 år sidan. Men for 1000 år sidan brukte ein ordet viking om dei som drog til sjøs. Det var mange grunnar til at folk drog til sjøs.  Nokre søkte rikdom. Nokre handla med varer. Og nokre oppdaga nytt land. Men folk flest var bønder. Dei dreiv jordbruk. Dei jakta og fiska. Kvifor drog nokre på livsfarlege tokt?

Vikingskip på tåkete hav i soloppgang
Vikingskip på tåkete hav i soloppgang

Å dra i viking

Samfunnet i vikingtida var militarisert. Det vil seie at alle frie menn bar våpen. Bønder var frie menn. Dei fekk opplæring i våpenbruk. Bøndene samarbeida om å dra i viking. Då utrusta dei skip saman og drog av garde på tokt. Søner av bønder måtte også på tokt. Dei som ikkje ville, fekk problem. Då mista dei retten til å snakke om lov og rett i forsamlingar.

Tre vikingskip i en fjord sett fra luften
Tre vikingskip i en fjord sett fra luften

Jakta på ære

På denne tida vart det strengare kontroll i Skandinavia. Det vart vanskelegare for unge menn å skaffe seg ære og anerkjenning. Dette kan forklare kvifor vikingtokta eksploderte i omfang på 800-talet. Det var jakta på ære som pressa vikingane ut frå Skandinavia. Dei ønskte å finne berømmelse og rikdom.

📷  Sølvmyntar fra vikingtida.
Sølvmynter fra vikingtiden
Sølvmynter fra vikingtiden

Lindisfarne

Vikingtida begynte for alvor i år 793. Då angreip vikingar klosteret på øya Lindisfarne i England. Klosteret var ein viktig stad for misjonering av kristendommen. Angrepet sende sjokkbølgjer gjennom det kristne Europa. Dei norrøne vikingane vart frykta. Historier om  brutaliteten deira har overlevd fram til i dag.

📷  Lindisfarne slott
Lindisfarne slott
Lindisfarne slott

Vikingskip

Vikingane var også dyktige sjøfolk, handelsfolk og handverkarar. Sølvmyntar, vektlodd og skålvekter har vore funne i vikinggraver. Tekstilar, smykke og våpen av høg kvalitet frå fjerne strøk har også blitt funne i vikinggraver.

Utviklinga av vikingskipa gjorde det mogleg for vikingane å reise på tokt over havet. I dag blir ordet viking brukt om det å vere sterk, modig, effektiv og oppfinnsam.

Vikingskipa var den gongen verdas raskaste. Dei hadde ikkje djup kjøl. Dette gjorde det mogleg for vikingane å ro stilt opp grunne elvar. Dei kunne dra båtane raskt i land på strender. Det vil seie at dei ikkje var avhengige av hamnar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Normannar og Vinland

Vikingane segla både nord, vest, aust, og sør i Europa. Ein vikinghovding kalla Rollo etablerte ei busetjing i Nord-Frankrike rundt år 900. Området fekk seinare namnet Normandie. Ordet normannar er eit gammelt vest-europeisk uttrykk for vikingane.

Ein viking segla så langt at han kom til kysten av Nord-Amerika. Dette området kalla han Vinland. Her kan du høyre historia om Leiv Eiriksson.

Gammelt kart over Normandie
Gammelt kart over Normandie

Runer og norrønt

Vikingane brukte runer når dei skulle skrive. Runene vart rissa inn i tre, bein, horn og stein. Runer stammar frå 200-talet. Den gongen brukte ein 24 teikn. Tidleg i vikingtida vart runealfabetet forenkla til berre 16 teikn.

Dei snakka urnordisk i Skandinavia før vikingtida starta. Så begynte utviklinga av det norrøne språket. Ordet «norrøn» betyr «nordleg» eller «som kjem frå nord». Og norðmenn og Norðrvegr ser du kanskje kva betyr?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nærbilde av en grå stein med norrøne runer.
Nærbilde av en grå stein med norrøne runer.

Vennskap og alliansar

I vikingtid hadde ein ikkje politi eller regjering. Derfor var vennskap veldig viktig. Vikingane hadde rundt 30 ulike ord for å beskrive vennskap. Vennskap var det viktigaste sosiale bandet i vikingtida. Slike alliansar gav hovdingar og kongar støtte. Desse vennskapa gav også bøndene beskyttelse.

📷  Vikinghus i landsbyen Vestrahorn på Island

Alle vikingar høyrde til ein gard. Det vart også kalla eit hushald. Hovudbygningen kunne vere 80 meter lang. På garden budde kjernefamilien og deira slektningar. Her budde også arbeidsfolka og trellane på garden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Vikinghus på Island
Vikinghus på Island

Trellar og slaveri

Ein trell var ein arbeidsslave utan rettar i samfunnet. Ein trell kunne bli fødd inn i slaveri eller teken til fange i krig. Ein kunne også bli kidnappa under tokt. Det var også mogleg å bli trell som straff for alvorlege brotsverk. I vikingtida var slavehandel ein stor del av handelen som gjekk føre seg.

Slavar har blitt brukte i tusenvis av år. Finst det slavar i dag?

📷 «Kark myrdar Håkon jarl», illustrert for Heimskringla og Soga om Olav Tryggvason av Christian Krohg.
Illustrasjon fra Heimskringla. Kark myrdar Håkon jarl

Ære

I vikingtida stod ære veldig høgt. Noko av det viktigaste var å sikre seg godt omdømme og rikdom. Ein kunne ifølgje lova miste rettane sine dersom ein let vere å hemne ei krenking. Ære var viktig både for enkeltmennesket og hushaldet.

Det var forskjell på drap og mord. Mordbrann eller å drepe nokon på nattestid vart sett på som forakteleg. Då vart det klassifisert som mord. Dette fordi folk ikkje fekk høve til å forsvare seg sjølve. Drap var meir akseptabelt viss ein hemna ei krenking.

📷 Manuskriptet Codex Rantzovianus, pergamenthandskrift av Gulatingslova.

 

Pergamenthåndskrift av den eldre Gulatingslova

Statsdanning og ny religion

På 1000-talet vart mange vikinghovdingar kristna. Dette førte til at ein ny politisk og religiøs epoke starta i Noreg.

Kongen inntok rolla som leiar og beskyttar for kyrkja. Rundt år 1015 vart Olav Haraldsson konge av Noreg. Han vart kalla Olav den Heilage etter sin død. Under Olavs styre vart kristendommen den einaste tillatne religionen i Noreg. Olav fall i slaget ved Stiklestad i år 1030.

📷 “Olav den helliges fall i slaget på Stiklestad” av Peter Nicolai Arbo

I 2017 vart stat og kyrkje politisk skilde i Noreg. Det vil seie at statskyrkja opphøyrde. Dette var ein konsekvens av grunnlovsendringane i 2012. Då vart det bestemt at staten ikkje lenger har ein offentleg religion. Statskyrkja fekk no namnet folkekyrkje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av Arbo. Olav den helliges fall i slaget på Stiklestad
Maleri av Arbo. Olav den helliges fall i slaget på Stiklestad

300 år

Vikingtida høyrer til ein epoke i Noregs historie som vi kallar den yngre jernalder. På den tida lagde menneska  reiskapar og våpen av jern. Tenk på vikingsverdene!

Vikingtida varte i rundt 300 år – til midten av 1000-talet. I år 1066 tapte den norske kongen Harald Hardråde eit slag ved Stamford Bridge i England. Dette slaget blir sett på som slutten av vikingtida i England.  Uttrykket «vikingtida» vart først innført på slutten av 1800-talet.

📷 Vikingsverd, Bergen museum.
Vikingsverd i en monter på et museum

Rykte og ettermæle

Det seiest at vikingane var modige og eventyrlystne. Det seiest også at dei var brutale. Kva for påverknad trur du vikingane har hatt på vår kultur i Noreg?

Blodig viking sett bakfra gående i en eng
Blodig viking sett bakfra gående i en eng

 

Kjelder:

  • Vikinger: Historien og legendene (2019)
    Orage Forlag AS
  • Vikingene: Historien og sagaene (2022)
    Orage Forlag AS
  • Forskning (01.11.2023): Vikingene tålte ikke fornærmelser
    https://forskning.no/arkeologi-historie/vikingene-talte-ikke-fornaermelser/407260
  • Forskning (01.11.2023): Norrøne folk skrev på livet løs
    https://forskning.no/arkeologi-historie/norrone-folk-skrev-pa-livet-los/686207
  • Zilmer, Kristel; Heyerdahl, Gerd Høst: runer i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/runer
  • Store norske leksikon (2005 – 2007); Ryste, Marte Ericsson; Jørstad, Jonas; Tjernshaugen, Andreas; Pihl, Roger: Lindisfarne i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/Lindisfarne
  • Lunga, Peter Sigurdson: Rollo i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/Rollo
  • Store norske leksikon (2005 – 2007): normannere i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/normannere
  • Nordbø, Børge; Venås, Kjell; Magerøy, Hallvard; Thorvaldsen, Bernt Ø.: norrønt i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/norr%C3%B8nt
  • Steen, Tone; Hansen, Ketil Fred: slaveri i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 1. november 2023 frå https://snl.no/slaveri
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Matthew Hunt – Flickr (CC BY 2.0)
    6. Getty Images
    7. Adobe Stock
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Christian Krohg / Offentlig eiendom
    11. Offentlig eiendom
    12. Peter Nicolai Arbo / Offentlig eiendom
    13. Bergen museum / Offentlig eiendom
    14. Getty Images
    15. NRK skole – YouTube
    16. Getty Images