Ytringsfridom – kan vi seia kva vi vil?

Ytringsfridommen gir oss retten til å seia kva vi meiner. Men kan vi seia akkurat kva vi vil?

Accessibility icon Ytringsfridom – kan vi seia kva vi vil?

Kva er ytringsfridom?

Tenk viss du ikkje fekk  lov til å seia det du meiner i klassen. Tenk om du kunne bli straffa viss du skreiv noko på sosiale medium.

I Noreg treng vi ikkje å vera så redde for dette. Vi bur i eit demokrati som passar på ytringsfridommen.

Ytringsfridom er retten du har til å:

  • Ytra, altså seia, meininga di – så lenge ho ikkje er hatefull eller diskriminerande (å behandla nokon dårlegare enn andre)
  • Ta imot og gi informasjon

Ytringsfridommen er verna av artikkel 19 i FNs verdserklæring om menneskerettar, som blir støtta av heile verda.

Forklaring

 

Vegen til ytringsfridom

Vi har ikkje alltid hatt retten til å seia kva vi vil. Etter 2. verdenskrigen godkjende FN verdserklæringa om menneskerettar, der artikkelen om ytringsfridom var viktig.

Artikkel 19 i FNs verdserklæring i korte trekk

Alle har rett til å ha eigne meiningar. Ingen andre kan tvinga deg til å meina noko anna. Du kan seia kva du vil, så lenge det ikkje skader andre.

Journalistar og andre som jobbar i aviser, har ikkje alltid hatt lov til å skriva kva dei vil.

Det hender at dei som bestemmer i eit land, blir sinte viss dei les noko negativt. Det hender òg at dei tvingar journalistar til å endra teksten så han blir positiv.  Dette blir kalla sensur.

Nokre gonger har òg journalistar blitt sette i fengsel for det dei har skrive.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Er ytringsfridommen trua?

I mange land blir politikarar og journalistar altså sensurerte fordi dei kritiserer regjeringa. Dei kan ikkje skriva akkurat det dei vil. Då kan dei hamna i fengsel.

Fleire journalistar frå Russland har blitt trua fordi dei skriv kritikk mot president Vladimir Putin. Miljøaktivisten Greta Thunberg har også opplevd truslar for det ho seier om klimaendringane.

Je suis Charlie

Også i land som liknar meir på Noreg, blir ytringsfridommen trua.

Her er det oftast ulike grupper som vil skremma folk til ikkje å seia det dei meiner.

I 2015 blei tolv menneske drepne i Paris fordi dei hadde publisert vitseteikningar av den muslimske profeten Muhammed. Dei drepne jobba for avisa Charlie Hebdo.

Kvar går grensa?

Kvar går grensa for kva ein kan seia? Dette er eit vanskeleg spørsmål. Norsk lov forsvarer ytringsfridommen. Men ikkje alt er lov å seia.

Somme gonger seier og skriv folk hatmeldingar. Samar, kvener og andre minoritetar i Noreg, opplever ofte det på sosiale medium. Då må norsk lov forsvara dei.

Hatefulle ytringar – straffelova § 185 – forenkla

Viss nokon truar andre på grunn av hudfarge, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering eller religion, kan dei få 3 års fengsel. Det same gjeld dersom dei bruker hatefulle symbol.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Religiøst hat og koranbrenning – eit dilemma

Då ein demonstrant brende ein koran i Stockholm, vart muslimar over heile verda rasande.

Er koranbrenning ei handling som bør vera forbode fordi det er religiøst hat?

Eller er dette ytringsfridom fordi ein kan seia og meina kva ein vil?

Det er mange som meiner at det å øydeleggja religiøse bøker, spesielt å brenna Koranen, er ei ulovleg handling.

Viss du ikkje liker det som står i ei bok, kan du snakka om kva du ikkje liker, men ikkje brenna boka, seier andre.

Me kan også tenkja over om det er lurt å gjera noko, sjølv om det ikkje er forbode.

I Sverige meiner styresmaktene at det å brenna ein koran er ein del av ytringsfridommen.

Det er ikkje forbode å brenna ei bok i Noreg, sjølv om ho er viktig og heilagt for andre. Likevel har ikkje politiet gitt folk lov til dette. Dei er farleg for «tryggleiken».

I Finland er brot på religiøs fred forbode, og derfor er også koranbrenning forbode.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Korleis kan vi forsvara ytringsfridommen?

Det er fleire måtar å forsvara ytringsfridommen på.

Statsleiarar i alle land bør bli einige om like lover. Journalistar bør ha lov til å skriva det dei vil, så lenge det ikkje er hatefulle ytringar.

I tillegg er det viktig å melda hatefulle ytringar, og ikkje vera redd for å snakka med nokon om det.

Kjelder:

  • Faktisk.no (31.08.2020): SIAN brente ikke Koranen på demonstrasjonen i Oslo i helgen. https://www.faktisk.no/artikler/26l/sian-brente-ikke-koranen-pa-demonstrasjonen-i-oslo-i-helgen

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. NRK
    4. FN
    5. Getty Images
    6. Sébastien Amiet (CC BY 2.0) 
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images