Ytringsfridom – kan vi seia kva vi vil?
Ytringsfridommen gir oss retten til å seia kva vi meiner. Men kan vi seia akkurat kva vi vil?

Kva er ytringsfridom?
Tenk viss nokon hindra deg i å seia di meining i klassen. At du kunne bli straffa viss du posta noko du synest var viktig på sosiale medium. At du risikerte fengsel viss du kritiserte regjeringa. Eller at nyheiter var sensurerte av staten.
I Norden treng me sjeldan å tenkja på slike problemstillingar, sidan me bur i fullverdige demokrati som varetek ytringsfridommen til borgarane.

Ytringsfridom er retten du har til å:
- Ytra meininga di – så lenge ho ikkje er hatefull eller diskriminerande
- Ta imot og gi informasjon
Ytringsfridommen er verna av artikkel 19 i FNs verdserklæring om menneskerettar, som blir støtta av heile verda.