Våpenbasert vitskap

Heilt sidan 1917 har forskarar og militæret jobba med å byggje våpen med vitskapen. Det har ført til nokre av dei mest øydeleggjande angrepa i menneskets historie.

Glowing Atom

Atomkappløpet startar

I 1945 vart to amerikanske atombomber, kalla «Little Boy» og «Fat Man», sleppte over to japanske byar, Hiroshima og Nagasaki. Desse bombene førte til at andre verdskrig tok slutt. USA vart sett på som ei mektig atommakt på den tida, og dei hadde vist den militære makta si for verda. Etter dette starta våpenkappløpet mellom USA og Sovjetunionen, landet som i dag heiter Russland.

⬅  Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den einaste bygningen som ikkje vart heilt øydelagd av bombenedslaget den 6. august 1945. I dag fungerer han som eit minnesmerke for alle som omkom.

Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945
Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945

Kappløpet mellom stormakter

Før 1949 hadde Sovjetunionen utvikla og prøvesprengt den første atombomba si, som dei kalla «First Lightning».

⬅  Atomprøvesprenging på Bikiniatollen i 1946.

I 1952 gjekk USA i gang med å lage hydrogenbomba. I ei hydrogenbombe blir atoma tvinga saman, og dei frigjer eksplosjonsenergi som er rundt 1000 gongar kraftigare enn atombombene under andre verdskrigen.

Det tok Russland berre eitt år å lage og teste si eiga hydrogenbombe.

I 1962 oppstår Cubakrisa. I 13 dagar går det føre seg ein konflikt mellom USA og Sovjet, der begge ønskjer å vise makta si. Dette skjedde etter at USA oppdaga at Sovjet hadde bygd opp og lagra atomvåpen på Cuba, berre 145 kilometer frå Florida. USA laga ei sperre rundt Cuba for å hindre militært utstyr i å kome inn i landet. Krisa løyste seg etter at USA trua med å invadere Cuba, og Sovjet trekte seg ut frå øya. Seinare fann ein ut at Sovjet trekte seg ut mot at USA fjerna atomvåpena sine i Tyrkia.

USA og Sovjetunionen laga eit militært dokument kalla garantert gjensidig øydelegging. Her anerkjende begge landa at viss ein av dei sende missil mot den andre, ville hemnen frå den andre føre til at begge land vart øydelagde.

Missil er våpen som kan nå langt fram, og som har eit eige styringssystem.

Før juli 1968 vart Ikkjespreiingsavtalen signert av USA, Sovjetunionen og Storbritannia. Avtalen skulle passe på så land som ikkje hadde atomvåpen, ikkje skulle kunne utvikle dei. Dei følgjande åra vart det signert fleire atomavtalar mellom USA og Sovjetunionen for å minske spenninga mellom landa og minske produksjonen av atomvåpen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946

Bygging av A-bomba

Etter at dei tyske vitskapsmennene Otto Hahn og Fritz Strassmann oppdaga kjernefysisk fisjon i 1938, var USA redd for at Tyskland skulle klare å utvikle den første atombomba.

For å stoppe dette, samla USAs president saman ei gruppe med vitskapsfolk og militærekspertar, kalla Urankomiteen. Tre år seinare hadde dei skapt atombomba.

Kjernefysisk aktivitet oppstår når atom blir skilde (fisjon), og smelta saman (fusjon), i ein prosess som frigjer energi.

⬅  Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon, står utstilt på Deutsches Museum i München, Tyskland.

Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München
Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München

Vegen til ei atombasert verd

1945 – USA
Den første vellykka prøvesprenginga i verda skjedde i juli 1945 på testområdet Trinity i Jornada del Muerto-ørkenen i New Mexico.


1949 – Sovjetunionen
I august 1949 testa Sovjet den første atombomba si, RDS-1, på testområdet Semipalatinsk i det som i dag heiter Kasakhstan.

1952 – Storbritannia  
Storbritannia starta eit atomprogram i 1947 og testa bomber utanfor Australia. Dei sleppte den første bomba si i oktober 1952.


1950–1960-talet – Israel
Sjølv om Israel aldri har gjennomført atomprøvesprenging, er mange overtydde  om at landet har atomvåpen.

1960 – Frankrike 
Frankrike gjekk inn i atomkappløpet i februar 1960 og sprengde den første bomba si i Saharaørkenen, kalla «Gerboise Bleue» eller blå ørkenrotte. Ho hadde ei sprengkraft på 70 kilotonn.


1964 – Kina
Kina fekk hjelp frå Sovjetunionen heilt fram til slutten av 50-talet, og i oktober 1964 sprengde dei den første atombomba si, med kodenamnet Project 596. Sprengkrafta var på 22 kilotonn.

1974 – India
India starta atomprogrammet sitt i 1944, men ikkje før i mai 1974 viste dei fram den militære styrken sin med ei bombe på åtte kilotonn, med kodenamnet «Smilande Buddha».


1998 – Pakistan
Som følgje av kjernefysiske testar utførte av India i 1998 gjennomførte Pakistan sine første seks kjernefysiske testar i mai 1998.

2006–2017 – Nord-Korea
Trass i åtvaringar frå USA om å ikkje teste atomvåpen har Nord-Korea gjennomført seks underjordiske kjernefysiske testar under eit anlegg kalla Punggye-ri sidan oktober 2006.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Storbritannia testar i Australia

Mellom 1952 og 1963 gjorde Storbritannia ei rekkje kjernefysiske testar i Australia, med løyve frå styresmaktene.

12 store atombomber vart testa. Britane brukte mange år på å rydde opp i alt som hadde vorte øydelagt på grunn av desse testane. I 1967 fjerna og gravla dei avfall og restar.

Trass i denne jobben er landskapet framleis ikkje heilt friskt 60 år seinare. Dyrelivet har framleis ikkje kome tilbake til desse forureina områda.

⬅  Nokre av Storbritannias atomprøvesprengingar vart utførte på Montebello-øyane utanfor vestkysten av Australia.   

Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia
Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia

Fakta om atomvåpen

  • «Fat Man» og «Little Boy» drap meir 200 000 personar i angrepa på Hiroshima og Nagasaki i Japan i 1945.
  • Med dagens fart på nedbryting er det rundt 230 år med det radioaktive grunnstoffet uran tilgjengeleg frå kjende stader på kloden.
  • Ein gjennomsnittleg atomvåpentest vil øydeleggje alt innanfor ein 80 km radius.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling

Trusselen i dag

Russland og USA har rundt ti gongar fleire atombomber enn resten av verda til saman.

Russland: 6490
USA: 5800
Frankrike: 300
Kina: 290
Storbritannia: 215
Pakistan: 150
India: 130
Israel: 80
Nord-Korea: 20

Stridshoder
Stridshoder

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. brewbooks – Flickr
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images