Våpenbasert vitskap

Heilt sidan 1917 har forskarar og militæret brukt vitskapen til å byggje våpen. Det har ført til nokre av dei farlegaste angrepa i menneskets historie.

Glowing Atom

Atomkappløpet startar

1945 vart to amerikanske atombomber sleppte over to japanske byar, Hiroshima og Nagasaki. Det vart slutten på andre verdskrigen. USA hadde på denne måten vist den militære makta si for verda. Etter dette starta eit våpenkappløp mellom USA og Sovjetunionen, landet som i dag heiter Russland.

Eit våpenkappløp er når to grupper eller land skaffar seg eller lagar fleire våpen og førebur militæret sitt på krig. Det kallar vi eit kappløp fordi det er to land som prøver å vere sterkast og ha mest våpen.

⬅  Atombombekuppelen i Hiroshima var den einaste bygningen som ikkje vart  heilt øydelagd av bombenedslaget i 1945. I dag fungerer han som eit minnesmerke for alle som døydde.

Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945
Atombombekuppelen A-Bomb Dome i Hiroshima var den eneste bygningen i hjertet av bombenedslaget som ikke ble jevnet med jorden. I dag fungerer den som et minnesmerke for alle som omkom under angrepet den 6. august 1945

Kappløpet mellom stormakter

Innan 1949 hadde Sovjetunionen utvikla og prøvesprengt den første atombomba si, som dei kalla «First Lightning»

⬅  Atomprøvesprenging på Bikiniatollen i 1946.

I 1952 gjekk USA i gang med å skape ein ny type bombe kalla hydrogenbomba. Denne bomba var rundt 1000 gongar kraftigare enn dei tidlegare bombene. Det tok Russland berre eitt år å lage og teste si eiga hydrogenbombe.

I 1962 oppstår Cubakrisa.

USA oppdagar at Sovjet har bygd opp og lagra atomvåpen på Cuba. USA opplever dette som ein trussel, ettersom dette berre er 145 kilometer frå Floridas kyst. USA lagar ei militær sperre rundt Cuba, slik at ein ikkje får levert noko militært utstyr til Cuba.

Til slutt truar USA med å gå inn i Cuba. Sovjet trekkjer seg då bort frå øya. Seinare får ein vite at Sovjet trekte seg tilbake fordi USA hadde lova å fjerne atomvåpena sine i Tyrkia.

USA og Sovjetunionen laga eit militært dokument kalla garantert gjensidig øydelegging. Der vart dei samde om at viss ein av dei sende missil mot den andre, ville hemnen føre til at begge landa vart øydelagde.

Missil er våpen med eit styringssystem som gjer at våpena kan nå langt fram.

Innan juli 1968 vart Ikkjespreiingsavtalen signert av USA, Sovjetunionen og Storbritannia. Avtalen skulle passe på at færre land laga atomvåpen.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946
Nuclear Bomb Explosion, Baker Day Test, Bikini, 25th July 1946

Bygging av A-bomba

Etter at tyske vitskapsmenn oppdaga kjernefysisk fisjon i 1938, vart USA redd for at Tyskland skulle klare å lage den første atombomba. For å stoppe dette, samla USAs president ei gruppe med vitskapsfolk og militærekspertar. Tre år seinare hadde dei skapt atombomba. Kjernefysisk aktivitet betyr at ein frigjer energi gjennom deling (fisjon) eller samansmelting (fusjon) av atom.

⬅  Utstyret tyskarane brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon, står utstilt på eit museum i Tyskland.

Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München
Utstyret Hahn og Strassmann brukte for å oppdage kjernefysisk fisjon står utstilt på Deutsches Museum i München

Vegen til ei atombasert verd

1945 – USA  
Den første vellykka prøvesprenginga i verda skjedde i juli 1945 på eit testområde i New Mexico.


1949 – Sovjetunionen 
I august 1949 testa Sovjet den første atombomba si på eit testområde i det som i dag heiter Kasakhstan.

1952 – Storbritannia  
Storbritannia starta eit atomprogram i 1947 og testa bomber utanfor Australia. Dei sleppte den første bomba si i oktober 1952.


1950-1960-talet – Israel  
Sjølv om Israel aldri har gjort atomprøvesprengingar, trur mange at landet har atomvåpen.

1960 – Frankrike 
Frankrike gjekk inn i atomkappløpet i februar 1960 og sprengde den første bomba si i Saharaørkenen.


1964 – Kina  
Kina fekk hjelp frå Sovjetunionen heilt fram til slutten av 50-talet, og i oktober 1964 sprengde dei den første atombomba si.

1974 – India  
India starta atomprogrammet sitt i 1944, men ikkje før 30 år seinare viste dei fram den militære styrken sin med ei bombe. Bomba fekk namnet «Smilande Buddha».


1998 – Pakistan  
Som følgje av kjernefysiske testar utførte av India i 1998 gjennomførte Pakistan sine første seks kjernefysiske testar i mai 1998.

2006-2017 – Nord-Korea  
Trass i åtvaringar frå USA om ikkje å teste atomvåpen, har Nord-Korea gjennomført seks underjordiske kjernefysiske testar sidan oktober 2006.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Storbritannia testar i Australia

Mellom 1952 og 1963 testa Storbritannia 12 store atombomber i Australia, med løyve frå styresmaktene. Britane brukte mange år på å rydde opp i alt som hadde vorte øydelagt på grunn av desse testane.

Trass i denne jobben er landskapet framleis ikkje heilt friskt 60 år seinare. Dyrelivet har enno ikkje komme tilbake til desse forureina områda.

⬅ Nokre av Storbritannias atomprøvesprengingar vart gjort på Montebello-øyane utanfor  vestkysten av Australia. 

Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia
Monte Bello utenfor Australias vestkyst ble brukt som område for atomprøvesprengninger av Storbritannia

Fakta om atomvåpen

  • Bombene i Japan i 1945 drap 200 000 personar.
  • Med dagens nedbrytingsfart – altså tida det tek før eit stoff forsvinn – er det rundt 230 år med uran tilgjengeleg frå kjende stader på kloden.
  • Ein atomvåpentest vil øydeleggje alt innanfor 80 kilometers avstand.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling
Et skilt som beskriver radioaktiv stråling

Kjelder:

  • Historie og vitenskap (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. brewbooks – Flickr
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images