Bli betre kjent

Å bli kjent med andre er livsviktig for oss menneske. Korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss?

Accessibility icon Bli betre kjent

Å bli betre kjent med andre  …

…  er livsviktig for oss menneske.

Då du var nyfødd, begynte du å knyte deg til dei nærmaste rundt deg. Først var det foreldra dine. Så vart det besteforeldre, og kanskje søsken.  

Korleis kan du bli betre kjent med menneska du har rundt deg? Det skal du få nokre tips om her.

Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.
Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.

Forsking viser

Kvart år viser forsking kva som gjer at nordmenn har det bra. Gode relasjonar kjem alltid på toppen av listene. Grunnen er at hjernen skil ut hormona serotonin og dopamin når vi opplever noko positivt. Dette gir oss ei glad og roleg kjensle i kroppen.

Venner og familie gjer at du kan føle deg trygg. Det å ha nokon å snakke med om alt er viktig. Det er òg fint å vite at du betyr noko for andre. Bruk dei næraste du har når du opplever noko vanskeleg. Men del gleder òg.

Gode forhold til andre gjer at du kan få ei betre sjølvkjensle. Dei gode forholda stadfestar dei positive sidene ved deg. Desse må du ta vare på. Dei som får støtte frå dei næraste i ein vanskeleg situasjon, klarer seg best.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To par hender holder et rødt hjerte sammen.
To par hender holder et rødt hjerte sammen.

Fellesskap

Menneske er flokkdyr. Det betyr at du treng andre menneske rundt deg. Når du blir sett og høyrt av flokken din, oppstår det som blir kalla samhald og fellesskap.

Felleskapet er samfunnet du lever i. Det kan vere skulen du går på, fotballaget ditt eller familien din – miljøet du lever i, rett og slett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tegnet multikulturell folkemengde.
Tegnet multikulturell folkemengde.

Samhald

Samhaldet er dei sterke relasjonane i dei mindre gruppene. Det kan vere dei aller beste vennene, eller dei på volleyballaget. Det ekstra positive med samhald er at vi kan vere akkurat den vi er.

Alle kan sikkert føle seg åleine nokre gongar. Det er ganske normalt. Klarer vi å snakke med nokon om det, blir det lettare å handtere motgang og utfordringar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre ungdommer sitter i en park og holder om hverandre.
Tre ungdommer sitter i en park og holder om hverandre.

Ingen er like

Vi har ulike måtar å vere sosiale på. Somme er kjempeskravlete. Andre liker å tenkje meir før dei snakkar. Nokre elskar å vere sosiale (ekstroverte). Andre liker best å vere i eige selskap (introverte). Dei fleste er kanskje ein miks av fleire ting.

Uansett kva type du er, så er det viktig å bli betre kjent med andre menneske.

Det er alltid litt skummelt å bli kjent med andre. Ekspertane meiner det er to viktige ting å hugse på. Det eine er å våge å vere deg sjølv. Det andre er at du må vere interessert i den andre.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sjenert tenåringsgutt med skolesekk og hette på hodet.
Sjenert tenåringsgutt med skolesekk og hette på hodet.

Metodar

No veit du litt om kvifor det er bra å bli betre kjent med andre. Men korleis gjer du det? No skal du få nokre gode tips.

Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.
Tenåringsjente med håndtegnede spørsmålstegn over hodet.

Still spørsmål

For å bli kjent med nokon må du stille spørsmål. Vêr ærleg og nysgjerrig. Kva lurer du på om personen(e) du skal snakke med? Spørsmåla bør ikkje vere vanskelegare enn at du kan svare på dei sjølv. Gjer det gjerne til ein leik.

I spørsmålsleiken er poenget at alle skal bli sett og høyrt. Då må alle svare på spørsmålet du/de stiller. Gjer det enkelt.

Viss de er på tur i skogen, kan det vere lurt å spørje om noko som har med turen å gjere. Viss de er på trening, kan det første spørsmålet handle om det de skal gjere der.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mor med tre barn i ulik alder går tur i skogen om sommeren.
Mor med tre barn i ulik alder går tur i skogen om sommeren.

Still oppfølgingsspørsmål

Når praten er i gong, er det viktig å stille det vi kallar oppfølgingsspørsmål. Poenget er jo å bli godt kjent. Då er det jo mange ting du har lyst til å vite! Still spørsmål som dukkar opp der og då. Vêr nysgjerrige på kvarandre. Gi kvarandre ærlege svar.

Far og sønn har en samtale mens de går tur i parken.
Far og sønn har en samtale mens de går tur i parken.

Lytt ordentleg

Ingen liker å prate med ein som ikkje følgjer med. Legg vekk mobiltelefonen, og sjå på den som snakkar. Lytt ordentleg. Prøv å leve deg inn i det den andre fortel. Det å bli godt kjent er ikkje gjort på ein kveld. Det krev tid og merksemd.

To venninner sitter i en sofa og snakker sammen.
To venninner sitter i en sofa og snakker sammen.

Kjelder:

  • Kvam, Kjersti:
    Bedre kjent-boka (2021)
    Oslo. Cappelen Damm.

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images