Bli betre kjent

Å bli kjent med andre er livsviktig for oss menneske. Korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss?

Accessibility icon Bli betre kjent

Å bli betre kjent med andre  …

…  er faktisk livsviktig for oss menneske.

Visste du at allereie som nyfødd begynte du å knyte deg til dei næraste rundt deg? Først foreldra dine, så kanskje søsken, besteforeldre, og etter kvart venner, klassekameratar og lærarar – eller andre folk du omgåst.

Det å føle at vi kjenner nokon andre og at vi ikkje er åleine, er viktig for absolutt alle menneske. Men kvifor er det sånn? Og korleis kan vi bli betre kjent med menneska vi har rundt oss? Det skal du få nokre tips om her.

Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.
Mor går tur ved en elv på fjellet med baby i bæresele på magen.

Forsking viser

I Noreg undersøker Folkehelseinstituttet kvart år kva som gjer at nordmenn har det bra. Det som alltid kjem på toppen av listene, er det å ha gode relasjonar.  

Forskinga viser at nær kontakt med andre menneske faktisk gjer oss lykkelegare. Grunnen er at hjernen skil ut hormona serotonin og dopamin når vi opplever noko positivt. Dette gir oss ei glad og rolig kjensle i kroppen.

Å ha venner og familie som kjenner deg godt, kan òg gi ei viktig kjensle av tryggleik. Det er givande å vite at du betyr noko for andre. Det er òg veldig godt å ha stader der du kan dele tankar, kjensler og opplevingar med andre utan å vere redd for å bli avvist.

Gode forhold kan òg påverke sjølvkjensla di. Det kan hjelpe deg med å forstå kven du er, fordi identitet òg blir skapt gjennom stadfesting av menneska rundt deg.

Viss du kjem i ein vanskeleg situasjon, viser forskinga òg at dei som får støtte frå sine næraste, er dei som klarer seg best.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To par hender holder et rødt hjerte sammen.
To par hender holder et rødt hjerte sammen.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!