Blir vi asosiale av sosiale medium?
Du har sikkert høyrt kritikken mot sosiale medium før. Dei er tidstjuvar, invaderande og forvirrande. Dei øydelegg privatlivet ditt, og så vidare. Men kan dei faktisk gjera oss asosiale? Held den påstanden vatn?
Tenåringsgjeng og sosiale medier
Sosiale medium og det å vere avhengig
Psykiatrar påstår at det å vere avhengig av sosiale medium er eit problem. Ikkje minst viss du brukar fem timar dagleg med å sjekka Facebook. Forsking viser at personar sjeldan forlét huset, miste fleire jobbar og avbraut terapitimen for å sjekka oppdateringar. Dei valde ofte bort den sosiale kontakten med terapeuten til fordel for sosiale medium. Men kvifor det?
Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon
Påskjøning for hjernen
Vellykka samhandling gjer at vi opplever ei ekte påskjøning i hjernen. Frigjering av hormonet oksytocin gir ei kjensle av velvære. Oksytocin er kjent som kjærleiks- eller godleikshormonet. Det blir også frigjort dopamin, som gir eit rush av glede. Sosiale medium triggar nervebanen for påskjøning i hjernen og kan føra til at ein blir avhengig.
En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by
Lettare påskjøning
Ei av årsakene til at ein blir avhengig, er at dei sosiale «påskjøningane» via sosiale medium er lettare å oppnå utan å anstrenga seg. Narkotika fungerer litt på same måten, ved at han triggar nervebanen for påskjøning. Det blir ein snarveg til påskjøning for hjernen. Vi treng ikkje å yta så mykje sjølve. Hjernen vil til slutt forventa desse behagelege signala. Etter kvart klarer ikkje hjernen å kontrollera avhengnaden. Ein fare er at mennesket mistar noko av evna til empati. Empati betyr evna til å setja seg inn i andre sine kjensler.
Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner
Kontrollfrik
Ei anna side ved sosiale medium er at vi i stor grad kan bestemma korleis vil vil bli oppfatta av andre. Du kan lasta opp berre fine bilete og sletta dumme kommentarar. Dette tilfredsstiller ein prosess i hjernen som blir kalla «sjølvframstilling». Det vil seia at vi er konstant opptekne av å framstilla oss sjølve på best mogleg måte overfor andre. Då er det større sjanse for at andre skal lika oss.
Tenåringsjente som spiller basketball
Sjølvframstilling i sosiale medium
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon
Sjukt sosial
Kjelder:
- Burnett, Dean (2018):
Do Social Networks Make Us Antisocial?
- Vitenskapens guide til lykken (2018)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
NRK
-