Blir vi asosiale av sosiale medium?

Du har sikkert høyrt at sosiale medium er tidstjuvar som øydelegg livet ditt og gir deg dårleg samvit. Men blir du verkeleg asosial av sosiale medium?

Alle i en vennegjeng står ute mot en vegg og ser på hver sin smarttelefon

Sosial samhandling

Kva siktar ein til med sosiale nettverk og samhandling?

Å snakka, chatta eller snappe eller vera saman med venner, er sosial samhandling.

Alle du gjer dette med, er ein del av det sosiale nettverket ditt. Dette er viktig for korleis du tenkjer og lærer.

Forsking viser auka aktivitet i hjernen når personar er ein del av ei gruppe. Auken skjer når vi tenker på oss sjølve, identiteten vår og er medvitne om kven vi føler tilhøyrsle til.

Dette tyder på at dei sosiale samhandlingane våre utviklar identiteten vår. Vi treng sosial kontakt.

For mykje sosial samhandling er ikkje bra. Det er slitsamt alltid å vera sosial. Å involvera seg i andre personar krev mykje arbeid for hjernen. Vi treng difor både sosial kontakt og aleinetid.

Tenk over: Klarer du å ta pausar frå ditt sosiale liv når du alltid er tilgjengeleg?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tenåringsgjeng og sosiale medier
Tenåringsgjeng og sosiale medier

Sosiale medium og det å vere avhengig

Psykiatrar seier at avhengnad av sosiale medium er eit problem for mange. Nokon bruker fem timar dagleg på å sjekka sosiale medium på telefonen.

Forsking viser at enkelte personar sjeldan forlét huset, mista fleire jobbar og avbraut terapitimen for å sjekka oppdateringar. Mange valde bort den sosiale kontakten med terapeuten til fordel for sosiale medium.

Kvifor vel folk slik? Svarar du på meldingar og snappar samtidig som du snakkar med andre?

Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon
Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon

Påskjøning for hjernen

Når me har det gøy og koser oss saman med venner eller familie, får hjernen ei påskjønning. Du opplever ein liten lykkerus.

Kroppen frigjer lykkehormonet oksytocin som gir ei kjensle av velvære. Det blir også frigjort dopamin som gir eit rush av glede.

Sosiale medium aktiverer dei same nervebanane for påskjønning i hjernen, og du kan derfor bli avhengig.

En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by
En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by

Lettare påskjøning

Ei av årsakene til at ein blir avhengig, er at dei sosiale «påskjøningane» via sosiale medium er lettare å oppnå utan å anstrenga seg.

Narkotika fungerer litt på same måten, ved at han triggar nervebanen for påskjøning. Det blir ein snarveg til påskjøning for hjernen. Vi treng ikkje å yta så mykje sjølve.

Hjernen vil til slutt forventa desse behagelege signala. Etter kvart klarer ikkje hjernen å kontrollera avhengnaden.

Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner
Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner

Kontrollfrik

Ei anna side ved sosiale medium er at vi i stor grad kan bestemma korleis vil vil bli oppfatta av andre.

Du kan lasta opp berre fine bilete og sletta dumme kommentarar. Dette tilfredsstiller ein prosess i hjernen som blir kalla «sjølvframstilling». Det vil seia at vi er konstant opptekne av å framstilla oss sjølve på best mogleg måte overfor andre.

Då er det større sjanse for at andre skal lika oss.

Tenåringsjente som spiller basketball
Tenåringsjente som spiller basketball

Ei moglegheit for dei som er sjenerte?

Personar som er litt sjenerte, kan kjenna seg meir frie på sosiale medium. Ein kan få venner over heile verda.

Den moglegheita fanst ikkje før.

Menneskehjernen har laga eit system for å passa på at sosial samhandling er positivt for oss.

Sosiale medium kan forstyrra dette systemet og gjera oss asosiale. Heldigvis opnar dei også opp mange nye sosiale arenaer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon
Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon

Kjelder:

  • Burnett, Dean (2018):
    Do Social Networks Make Us Antisocial?
  • Vitenskapens guide til lykken (2018)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. NRK