Er sosiale medium skadelege?
Du har sikkert høyrt at sosiale medium kan vera skadeleg. Det er sant at du blir avhengig av Tik Tok, Instagram og Snap, men kan ein også bli asosial?


Tenåringsgjeng og sosiale medier
Sosiale medium og det å vere avhengig
Forskarar seier at mange har eit problem fordi dei er avhengige av sosiale medium.
Nokon bruker fleire timar dagleg på å sjekka sosiale medium.
Du går glipp av mykje anna gøy viss du berre glaner på telefonen.

Jente uten smarttelefon mens alle andre i gjengen rundt henne sitter opphengt i hver sin smarttelefon
Påskjøning for hjernen
Når me har det fint saman med andre, får hjernen ei påskjønning, ein lykkerus.
Lykkehormonet oksytocin gir deg ei herleg kjensle, og dopamin gir eit rush av glede.

En vennegjeng som ler og har det morsomt samme i en by
Enkel påskjøning
Ei av årsakene til at ein blir avhengig, er at ein ikkje treng å anstrenga seg så mykje for å få påskjøning. Det er berre å ta opp telefonen og scrolle litt.
Narkotika fungerer litt på same måten. Det blir ein snarveg til påskjøning for hjernen.
Etter kvart klarer ikkje hjernen å kontrollera avhengnaden.

Dame som holder smarttelefon med sosiale medier ikoner
Kontrollfrik
På sosiale medium kan du visa dei beste sidene ved deg sjølv.
Du «stagar» deg sjølv, noko som blir kalla «sjølvframstilling». Det vil seia at du er konstant oppteken av å framstilla deg sjølv på best mogleg måte.
Då er det større moglegheit for at andre skal like deg.

Tenåringsjente som spiller basketball

Dame som sitter på en cafée og ser på smarttelefon
Kjelder:
- Burnett, Dean (2018):
Do Social Networks Make Us Antisocial?
- Vitenskapens guide til lykken (2018)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
NRK
-