Den industrielle revolusjonen

På 1700-talet levde mange av jordbruk og handverk. I denne perioden var det befolkningsvekst, noko som førte til behov for større produksjon av mat og høgare etterspørsel etter billige klede. Rundt på gardene spann dei garn for å veve stoff. Dette tok lang tid og kravde mykje arbeidskraft.

Maskinar gjorde jobben raskare

Maskinar vart oppfunne for å gjere arbeidet raskare enn handverkarane kunne. Vi fekk spinne- og vevemaskinar. Den mest kjende spinnemaskinen vart kalla «Spinning Jenny». Dei første vart tekne i bruk i Storbritannia. Maskinane gjorde at stoff og tøy vart billigare å kjøpe.

Klassedelt samfunn

Overgangen frå tradisjonelt handverk til industriproduksjon, som skjedde på slutten av 1700-talet, blir kalla den industrielle revolusjonen. Dette var ei stor omveltning, og førte òg til eit meir klassedelt samfunn. I eit slikt samfunn er det stor forskjell på fattige (arbeiderklassen) og rike (middelklassen og fabrikkeigarane). Det vart enorme forskjellar under denne perioden.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk
Mørk røyk kommer fra pipene på en gammel fabrikk

Folk flyttar til byane

Det vart bygd spinne- og vevefabrikkar i byane. Derfor flytta mange til byane for å finne arbeid på desse fabrikkane, og byane voks raskt. Det at mange flyttar frå landsbygda til byane, blir kalla urbanisering.

Engelskmennene tente mykje pengar på handel med utlandet fordi dei kunne produsere stoff og tøy raskare og rimelegare enn tidlegare.

Innsiden av en gammel spinnefabrikk fra 1880
Rustrød teglsteinsvegg
Rustrød teglsteinsvegg

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!