Den kalde krigen

Etter 2. verdskrigen fekk vi ein periode i historia som blir kalla Den kalde krigen. Sovjetunionen og USA hadde stått på same side under krigen, men etter krigen vart dei motstandarar. Dei ønskte å styre verda på sin måte, og dei stod mot kvarandre med kvar sin ideologi. Det vart ein stillingskrig mellom aust og vest, der styresmaktene spionerte for å finne ut kva dei andre gjorde. USA og Sovjetunionen brukte aldri våpen mot kvarandre, men det var nære på fleire gonger.

Accessibility icon Den kalde krigen

Den kalde krigen

Når vi tenkjer på ordet krig, ser vi for oss soldatar som skyt på kvarandre. Det kan vi kalle ein “varm” krig. Ein kald krig er når land truar kvarandre med krig. Utan å bruke våpen mot kvarandre. Dei kjøper og lagar mykje våpen for å skremme den andre.

Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.
Stor russisk kanon foran en blå himmel med hvite skyer.

Kommunisme mot kapitalisme

USA og Sovjetunionen hadde ulike meiningar om korleis verda skulle styrast. USA ønskte demokrati og kapitalisme. Kapitalisme er når nokon eig mykje, og andre må jobbe for dei. I eit slikt samfunn blir det store forskjellar mellom dei som arbeider og dei som eig.

Kommunismen var imot kapitalisme. Dei meinte at ingen skulle eige for mykje. Arbeidarane skulle ikkje slite seg ut for at nokre få skulle bli rike. Kommunistiske land var ikkje demokratiske. Dei vart styrte av berre eitt parti.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.
En sort silhouette står med ryggen til oss og ser på et amerikansk og et sovjetisk flagg.

Berlinmuren

Nokre år etter 2. verdskrigen vart Tyskland delt i to: Aust-Tyskland og Vest-Tyskland. Hovudstaden Berlin vart delt i to med ein høg mur. Muren vart eit symbol på Den kalde krigen.

📷  Berlinmuren på 1960-talet.
Sort hvitt bilde av en person som går langs Berlinmuren
Sort hvitt bilde av en person som går langs Berlinmuren

Terrorbalanse

For å skremme kvarandre skaffa USA og Sovjetunionen mange våpen. Til og med atombomber. Dette vart kalla ein terrorbalanse. Kvart land trua med å utslette det andre.

Jernteppet blir breidd over Europa

USA og Sovjetunionen ville ikkje stå åleine mot kvarandre. Derfor oppretta dei kvar sin avtale (pakt) med andre land. Dei vart kalla Atlanterhavspakta (NATO) og Warszawapakta. Eit usynleg jernteppe vart lagt over Europa.

Kjettinger som henger som et teppe.
Kjettinger som henger som et teppe.

Atlanterhavspakta (NATO)

USA og vestlege land oppretta Atlanterhavspakta (NATO) i 1949. NATO speler framleis ei viktig rolle i verda. Ikkje minst etter at Ukraina vart angripe av Russland i februar 2022.

📷  Finlands utanriksminister Pekka Haavisto, NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utanriksminister Ann Linde.
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde
Finlands utenriksminister Pekka Haavisto, Natos generalsekretær Jens Stoltenberg og Sveriges utenriksminister Ann Linde

Warszawapakta

Warszawapakta var ein militær avtale mellom Sovjetunionen og dei kommunistiske landa i Aust-Europa. Warszawapakta vart oppløyst i 1991.

Kart med medlemslandene til Warszawapakten.
Kart med medlemslandene til Warszawapakten.

Koreakrigen

Korea vart delt mellom USA og Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Sovjetunionen skulle styre i nord, og USA i sør.

Frykt for kommunismen

Sovjetunionen ønskte at Nord-Korea skulle bli kommunistisk. Dette likte USA svært dårleg. Forholdet mellom Nord- og Sør-Korea vart derfor veldig vanskeleg. Det førte til at Nord-Korea fekk hjelp frå Sovjetunionen til å angripe Sør-Korea. FN støtta Sør-Korea, og USA hjelpte til med soldatar og våpen.

Våpenkvile

Det vart våpenkvile og fred i Korea i 1953. Likevel er det framleis spent mellom Nord- og Sør-Korea.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
To soldater står på hvert sitt koreanske flagg og ser på hverandre med kikkert på hver sin side av grensen mellom Nord- og Sør-Korea.
To soldater står på hvert sitt koreanske flagg og ser på hverandre med kikkert på hver sin side av grensen mellom Nord- og Sør-Korea.

Cubakrisa

Cuba er ei øy som ligg nær USA i det karibiske havet. I 1959 tok Fidel Castro makta. Han gjorde Cuba til eit kommunistisk land. Dette likte ikkje USA, og dei starta ein handelsblokade. Det betyr at ingen fekk selje varer til eller kjøpe varer av Cuba.

Støtte frå Sovjetunionen

På grunn av dette begynte Cuba å samarbeide med Sovjetunionen. USA vart redde for at Sovjetunionen skulle bruke Cuba til å starte krig.

Nesten atomkrig

Sovjetunionen sende atomvåpen til Cuba. Då vart USA redde og rasande! Den amerikanske presidenten kravde at våpena skulle bli fjerna. Elles ville USA gå til krig mot Cuba. Denne konflikten blir kalla Cubakrisa. Heile verda var redde for at det skulle bli atomkrig.

📷  Amerikansk spionfoto av den sovjetiske rakettbasen på Cuba.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Sort hvitt flyfoto av sovjetiske rakettbaser på Cuba på 1960-tallet.
Sort hvitt flyfoto av sovjetiske rakettbaser på Cuba på 1960-tallet.

Vietnamkrigen

Vietnam var ein fransk koloni. Det betyr at det var Frankrike som styrte landet. Då Vietnam ville frigjere seg frå Frankrike i 1954, vart det krig. Krigen enda med at Vietnam vart delt i to. Frankrike skulle styre i sør, medan Nord-Vietnam vart kommunistisk. USA støtta Sør-Vietnam med soldatar og våpen.

Vietnamkrigen var ein forferdelig krig. Mange tusen menneske vart drepne. USA måtte til slutt gi seg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tre amerikanske helikoptere flyr over vietnamesisk jungel i solnedgang.
Tre amerikanske helikoptere flyr over vietnamesisk jungel i solnedgang.

Kina

I Kina styrte Mao Zedong. Kina var kommunistisk, og dei samarbeida tett med Sovjetunionen. Til slutt ønskte ikkje Kina meir samarbeid. Mao ønskte at Kina skulle bli ein stor industrinasjon.

Statue av Mao Zedong der han løfter høyre arm opp mot den blå himmelen.
Statue av Mao Zedong der han løfter høyre arm opp mot den blå himmelen.

Nedrusting

Rundt 1980 ble forholdet mellom USA og Sovjetunionen betre. Dei vart blant annet einige om å redusere talet på våpen. Det var mykje takka være leiarane i dei to landa, Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan.

📷  President Ronald Reagan og generalsekretær Mikhail Gorbatsjov signerer INF-avtalen, den første reelle nedrusningsavtalen, i Det kvite hus i 1987.

Mange land ønskte lausriving frå Sovjetunionen

Berlinmuren vart riven i 1989, og Tyskland vart igjen til eitt land. Samtidig ønskte fleire av landa i Sovjetunionen å bli lausrivne. Dei ville styre sjølve. Sovjetunionen vart til slutt oppløyst, og landet Russland tok rolla som stormakt.

Er den kalde krigen eigentleg over?

Mange reknar at den kalde krigen var over i 1990. Men no er vi kanskje inne i ein ny kald krig etter at Russland invaderte Ukraina?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Den amerikanske president Ronald Reagen og den sovjetiske generalsekretær Mikhail Gorbatsjov underskriver en nedrustningsavtale i 1987.
Den amerikanske president Ronald Reagen og den sovjetiske generalsekretær Mikhail Gorbatsjov underskriver en nedrustningsavtale i 1987.

Kjelder:

  • Tvedt, Knut Are; Tjelmeland, Hallvard: den kalde krigen i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2022 frå https://snl.no/den_kalde_krigen
  • Goplen, Ådne; Tønnesson, Øyvind: Warszawapakten i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2022 frå https://snl.no/Warszawapakten
  • Stoltz, Gerhard; Thorsen, Dag Einar: kapitalisme i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2022 frå https://snl.no/kapitalisme
  • Dypvik, Astrid Sverresdotter: Berlinmuren i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2022 frå https://snl.no/Berlinmuren
  • Dalen, Marit; Allkunne: jernteppet i Store norske leksikon på snl.no. Henta 25. august 2022 frå https://snl.no/jernteppet

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NATO
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Reagan Foundation/White House Photographic Office.