Den nordiske modellen

Det nordiske landa blir rekna som nokre av dei beste landa å bu og leve i. Det er fordi dei skårar høgt på levestandard, inntekt og utdanning. Måten desse landa styrer samfunnet på, blir kalla «den nordiske modellen». Er det ei av årsakene til at det går så bra?

Dei nordiske landa består av Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island. Desse landa organiserer samfunnet ganske likt. Likevel viser “den nordiske modellen” til Noreg, Sverige og Danmark. Desse tre landa blir òg kalla Skandinavia.

I Noreg, Sverige og Danmark har dei fleste god økonomi og ein trygg arbeidsplass. Det er demokrati som bestemmer kven som skal styre landet. Det betyr at folket er med og bestemmer.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Tillaget gammelt kart over norden.
Tillaget gammelt kart over norden.

Norden skil seg ut

Kva er det som gjer at Noreg, Sverige og Danmark skil seg ut frå andre land?

«Den nordiske modellen» fungerer ganske bra. Likevel skjer det forandringar stadig vekk. Eit samfunn kan ikkje bli styrt heilt likt heile tida. Likevel kan vi seie at modellen er avhengig av følgande:

  • Trepartssamarbeid – arbeidsgivar og arbeidstakar samarbeider med staten.
  • Sterk velferdsstat – alle innbyggjarar har rett til å bli passa på i alle livets fasar.
  • Økonomisk styring – politikarar passar på at dei felles pengane vi har, blir brukte fornuftig og til glede for flest mogleg.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Sparebøsser på rad over nordiske flagg

Mange fellestrekk

Dei nordiske landa er stabile og sterke demokrati. Folket er med og bestemmer. Dei har òg mange rettar når det gjeld tryggleik, helse og eigedom. Dei som styrer, blir møtte med stor tillit.

Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.

Trygge og gode arbeidsvilkår

Veldig mange i arbeidslivet er fagorganiserte. Då får dei god hjelp viss dei til dømes mister jobben. I dei nordiske landa er det vanleg at arbeidsgivar, fagforeiningane og staten samarbeider. Dette blir kalla «trepartssamarbeidet».

Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Storstreik i Oslo 28. januar 2015

Sterk velferdsstat

I alle dei nordiske landa får innbyggjarane hjelp frå staten om dei blir arbeidsledige, sjuke eller pensjonistar. Alle barn får gå på skulen utan å betale for det. Det er dette vi kallar ein velferdsstat.

For å dekke kostnadene til velferdsstaten, betaler alle som jobbar, skatt. Då går noko av lønningane våre til staten. Desse pengane blir brukte til å betale for pensjon, helse og skule for alle innbyggjarane.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mor med barn i møte med en sosialarbeider.
Mor med barn i møte med en sosialarbeider.

Stabil økonomi

Eit anna kjenneteikn er at dei nordiske landa har god styring på økonomien. Sjølv om prisane på mat og straum kan stige, klarer dei fleste seg ganske bra økonomisk. Staten kan òg bidra økonomisk for å hjelpe til i vanskelege tider.

Sparegris som skyter opp som en rakett.
Sparegris som skyter opp som en rakett.

Likskap er rikdom

I Norden blir det jobba for å gjere forskjellane mellom dei fattigaste og dei rikaste minst mogleg. Det er store forskjellar mellom desse to gruppene, men samanlikna med mange andre land er forskjellane vesentleg mindre.

Mange med høg utdanning tener dårlegare i Norden enn dei ville gjort andre stader i verda. Samtidig tener dei utan høg utdanning meir i Norden enn dei ville gjort i andre land.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Figurer av ulike mennesker står oppå ulike hauger med mynter.
Figurer av ulike mennesker står oppå ulike hauger med mynter.

Mange i jobb

Alle dei nordiske landa har mange i arbeid. Av alle som kan jobbe er over 70 prosent yrkesaktive i alle dei nordiske landa.

67 prosent av alle kvinner mellom 15 og 74 år i Noreg i jobb. I mange andre land jobbar færre enn 50 prosent av kvinnene.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Likestilling

I dei nordiske landa blir det jobba mykje med likestilling. Alle skal ha dei same moglegheitene og rettane. Ikkje minst når det gjeld arbeidslivet.

Nordiske kvinner er meir yrkesaktive enn i mange andre land. Det kan dei vere fordi dei har rett til permisjon frå jobben, og dei har moglegheit for å få barnehageplass. Kvinner og menn har dermed mange av dei same moglegheitene i samfunnet vårt. Likevel har vi framleis ein veg å gå før vi kan seie at vi har komme i mål.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En far ser ned i barnevognen på en blid, nyfødt baby.
En far ser ned i barnevognen på en blid, nyfødt baby.

Høg levestandard

Alle dei nordiske landa har høg levestandard. Vi lever lenger enn i store delar av verda. Alle i Norden kan rekne med å bli minst 80 år gamle.

Dei aller fleste har det dei treng. Nok mat, ein stad å bu, bil og arbeid. Blir vi sjuke, kan vi få hjelp. Vi lever i eit forbrukarsamfunn som betyr at vi kjøper og kastar mykje. I Noreg kastar vi nesten 400 000 tonn mat kvart år.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Eldre mennesker går tur langs en strand.
Eldre mennesker går tur langs en strand.

Produktivitet

Arbeidarar i Norden er flinke til å jobbe. Vi ligg heilt i verdstoppen når det gjeld å produsere varer og tenester.

Kva trur du er grunnen til dette?

En vegg med lastecontainere
En vegg med lastecontainere

Konkurransedyktige

Firma i Norden kan konkurrere over heile verda. Vi har varer og tenester som mange ønskjer å kjøpe. Teknologi og høg kompetanse gjer dette mogleg.

Mykje teknologi

Før i tida var fabrikkane heilt avhengige av mange arbeidarar. Med moderne teknologi kan maskiner og robotar overta mange arbeidsoppgåver. Det er ofte billigare enn å ha mange arbeidarar med høge lønningar. Fabrikkane blir òg meir effektive og kan produsere varer billigare.

🎥 Komplett.no i Sandefjord var tidleg ute med å bruke robotar på lageret sitt.
Mørk blå bakgrunn med prikker.
Mørk blå bakgrunn med prikker.

Tillit til staten

Innbyggjarar i dei nordiske landa har høg tillit til styresmaktene, samanlikna med mange andre land i verda. Vi stoler på at styresmaktene vil det beste for innbyggjarane no og i framtida.

Kvifor har vi så høg tillit til styresmaktene i Noreg, trur du?

Oversiktsbilde av stortingssalen.
Oversiktsbilde av stortingssalen.

Betaler skatt til felles beste?

Mange føler seg godt ivaretatt i Norden. Ein føler ein får noko igjen for skatten ein betaler.

I USA betaler innbyggjarane nesten 30 prosent skatt.  Mange føler at dei ikkje får noko igjen for desse pengane.

Til samanlikning betaler vi i Noreg mellom 22 og 39 prosent skatt. Alt etter kor høg lønn den enkelte har. Vi har stor tru på at desse pengane blir brukte til samfunnets beste.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Penger faller ned i en sparegris
Penger faller ned i en sparegris

Truslar mot velferdsstaten

Mykje fungerer bra i Norden. Likevel er mange kritiske til måten vi løyser ting på. Mange meiner vi betaler mykje i skatt, og at styresmaktene bestemmer for mykje.

Somme meiner at samfunnet vårt kan oppmuntre folk til å overlate alt til staten. Dei treng ikkje jobbe eller gjere noko. Staten ordnar det meste.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Knust sparegris i vann.
Knust sparegris i vann.

Fleire eldre og færre i arbeid

I dag blir det fødde færre barn i Norden. Samtidig blir det fleire og fleire eldre. Det betyr at ein mindre del av befolkninga er yrkesaktive.

I 2030 vil det for første gongen vere fleire eldre enn unge i Noreg. Det passar dårleg for den nordiske modellen. Den er avhengig av at flest mogleg betaler skatt.

Korleis bør vi løyse denne utfordringa?

Vi er avhengige av at flest mogleg bidreg i samfunnet. Det er òg viktig at alle føler at dei blir tekne vare på. Viss mange mistar tilliten til systemet, kan det oppstå problem.

Som kva då, tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bestefar og barnabarn vanner planter i hagen.
Bestefar og barnabarn vanner planter i hagen.

Kvifor gjer ikke alle det same?

Vi har brukt lang tid på å skape den nordiske modellen. Mykje har skjedd etter 2. verdskrigen. Då fekk vi ordningar som skule for alle, gratis helsevesen og tryggare arbeidsforhold. Kvifor følgjer ikkje alle land denne modellen?

For at den nordiske modellen skal fungere, må vi kunne stole på at vi blir tekne vare på i alle livets fasar. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Et barn stabler steiner på stranden.
Et barn stabler steiner på stranden.

Vil modellen bestå?

Den nordiske modellen fungerer godt for dei fleste. Likevel må han bli passa på. Klarer vi å behalde modellen i møte med dei mange utfordringane i framtida? Det blir i så fall opp til dei generasjonane som skal ta over. Dei må finne gode løysingar for å løyse utfordringane som dukkar opp.

Barn som holder på med kjemi i et klasserom iført vernebriller.
Barn som holder på med kjemi i et klasserom iført vernebriller.

Vil du vite meir om den nordiske modellen? Sjå videoen under for meir informasjon.

tekstur i tre - wood texture
tekstur i tre - wood texture

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Annie Spratt/Unsplash, Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. GGAADD
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    1. Teng Yuhong/Unsplash
    2. Getty Images
    3. Harryarts/Freepik
    4. Cornelius Poppe, NTB scanpix
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Unsplash.com
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt