Tillaget gammelt kart over norden.
Sparebøsser på rad over nordiske flagg
Mange fellestrekk
Dei nordiske landa har stabile og sterke demokrati. Folket er med og bestemmer og har mange rettar. Ikkje minst når det gjeld sikkerheit, helse og eigedom. Dei som styrer, blir møtte med høg grad av tillit.
Ung kvinne med hevet knyttneve i gatene under en streik, eller protest.
Trygge og gode arbeidsvilkår
I dei nordiske landa er det vanleg at arbeidsgivar og arbeidstakarorganisasjonar samarbeider med staten. Dette blir kalla «trepartssamarbeidet». Veldig mange i arbeidslivet er fagorganiserte. Dette fører til gode arbeidsvilkår samanlikna med resten av verda.
Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Mor med barn i møte med en sosialarbeider.
Stabil økonomi
Eit anna kjenneteikn for dei nordiske landa er stabil inflasjon og valutakurs. Dette fører til ein føreseieleg økonomi der både staten og innbyggjarane kan planleggje økonomien sin over tid.
Sparegris som skyter opp som en rakett.
Figurer av ulike mennesker står oppå ulike hauger med mynter.
En far ser ned i barnevognen på en blid, nyfødt baby.
Eldre mennesker går tur langs en strand.
Produktivitet
Arbeidarar i Norden er flinke til å jobbe. Vi ligg heilt i verdstoppen når det gjeld produktivitet.
Kva trur du er grunnen til dette?
En vegg med lastecontainere
Konkurransedyktige
Nordiske firma har stor evne og god økonomi til å konkurrere internasjonalt. Teknologi og høg kompetanse gjer at vi kan konkurrere med resten av verda, trass i høge kostnader.
Mykje teknologi
På grunn av god økonomi held dei nordiske landa eit høgt teknologisk nivå. Maskinar og robotar tek oftare over arbeidet til menneske. Dette fordi det ofte er billigare enn å ha arbeidarar med høge lønningar. Dette fører til effektivisering og gjer at det blir billigare å produsere varer.
🎥 Komplett.no i Sandefjord var tidleg ute med å bruke robotar på lageret sitt.
Mørk blå bakgrunn med prikker.
Tillit til staten
Innbyggjarar i Norden har høg tillit til staten, samanlikna med mange andre land. Vi stoler på at styresmaktene vil innbyggjarane vel, og at dei har evne til å løyse utfordringane til innbyggjarane her og no. I tillegg til å løyse globale problem for generasjonane i framtida.
Kvifor har vi så høg tillit til styresmaktene i Noreg, trur du?
Oversiktsbilde av stortingssalen.
Penger faller ned i en sparegris
Knust sparegris i vann.
Bestefar og barnabarn vanner planter i hagen.
Et barn stabler steiner på stranden.
Vil modellen bestå?
Den nordiske modellen fungerer godt, men han må passast på. Det dukkar stadig opp utfordringar og truslar. Vi kan stille oss spørsmålet om modellen kjem til å stå like sterkt dei neste 50 åra. Det blir i så fall opp til dei generasjonane som skal ta over, korleis dei løyser utfordringane som dukkar opp.
Barn som holder på med kjemi i et klasserom iført vernebriller.
Vil du vite meir om den nordiske modellen? Sjå videoen under som tek for seg den nordiske modellen i åtte punkt.