Eldre litteraturhistorie på null komma niks:

Del 4: Opplysingstida

Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?

Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.

Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida

Eldre tekstar kan lære oss mykje om samfunnet på den tida dei vart skrivne. Eldre litteratur er som ein nøkkel til å forstå kva idear, tankar og verdiar som var viktige den gongen. Vi blir kjende med menneske som voks opp under andre forhold enn vi gjer no.

Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.

Litteratur blir delt inn i historiske periodar

Eldre litteratur blir delt inn i ulike litteraturhistoriske periodar. Dei ulike periodane vart prega  av tankane i og synet på verda i den tida dei vart skrivne. Mange av desse kjenneteikna finn ein òg i kunst, musikk og arkitektur.

Dette er den fjerde teksten i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om opplysingstida.

Ei tid for dei store spørsmåla

“Fridom, likskap, brorskap” vart det ropt under den franske revolusjonen på 1700-talet. Dei orda kan oppsummere dei viktige ideane på denne tida. Den enkelte sin fridom var viktig. Fornuft og kunnskap om verda var viktig. Kyrkja og Gud mista noko av truverdet sitt. Likevel hadde ein ei sterk tru på at fornufta var Guds gåve til mennesket. Det var ei tid for å stille dei store spørsmåla om verda, mennesket og Gud.

Kobberstikk av mange pent kledde menn som sitter eller står mens de skriver eller samtaler med hverandre.
Kobberstikk av mange pent kledde menn som sitter eller står mens de skriver eller samtaler med hverandre.

All styresmakt må gå ut frå folket

Teksten i den franske menneskerettserklæringa frå 1789 vart viktig for korleis samfunnet skulle bli styrt. I denne står det tydelege tankar om demokrati og fordeling av makt. Men også om likskap og personleg fridom. Eit av punkta i erklæringa seier: «All styresmakt må gå ut frå folket». Ein annan stad står det at ein ikkje skal tillate «aktivitetar som er til skade for samfunnet».

Litteratur formidlar opprørske tankar

Den nye fridomstanken som voks fram på 1700-talet, inspirerte forfattarar, filosofar og historikarar. Litteraturen vart brukt for å formidle politiske og opprørske tankar og store spørsmål om livet. Dei som skreiv, hadde ei tru på at mennesket kunne endre samfunnet gjennom kunnskap og fornuft.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kobberstikk av en nasjonalforsamling med mange menn.
Kobberstikk av en nasjonalforsamling med mange menn.

Litteraturen utfordra utdaterte tankesett

Ein del av litteraturen utfordra gamle haldningar og korleis samfunnet vart styrt. I Danmark-Noreg er det spesielt ein forfattar som utmerkar seg – Ludvig Holberg. Han brukte humor og satire for å kritisere autoritetar i samfunnet.

Tidleg fantasy

Fantasyromanen «Niels Klims reise til den underjordiske verda» er eit døme på litteratur der forfattaren kritiserer styresmaktene indirekte. Han la handlinga til ei underjordisk verd, og kunne derfor forsvare at det var fantasi. Det var streng sensur på den tida, og Holberg måtte derfor tenkje smart for å få gitt ut boka. Mange som las ho, forstod kven han eigentleg kritiserte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Portrett av Ludvig Holberg.
Portrett av Ludvig Holberg.

Niels Klims reise til den underjordiske verda

Hovudpersonen Niels Klim er i Bergen. Her fell han ned i ei hòle og endar opp i Potu. I Potu har kvinner og menn bytta roller. Ansvaret til kvinnene er å styre staten. Menn gjer husarbeid. I tillegg er det trusfridom. Niels Klim besøkjer fleire stader i denne verda, og han blir til slutt keisar. Den makta misbruker han, og blir jaga bort. Han må gøyme seg i ei hòle, og til slutt er han tilbake i Bergen.

Samfunnskritikk pakka inn i humor og satire

Romanen kan lesast som eit bilde på det samfunnet Holberg sjølv levde i. På den måten er Holberg viktig for opplysingstida. Han dreiv samfunnskritikk ved bruk av humor og satire. Så er det litt kult at “Niels Klims reise til den underjordiske verda” er ei tidleg utgåve av fantasy og science fiction. Sjangrar som er veldig populære i dag.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En mann står på en stor stein i en underjordisk hule der sollyset lyser ned fra huleåpningen.
En mann står på en stor stein i en underjordisk hule der sollyset lyser ned fra huleåpningen.

Litteraturen skulle endre samfunnet

Holberg brukte litteraturen til å kritisere samfunnet. Gjennom skriving blir utfordra ytringsfridom, likskap for lova, kjønnsroller og maktfordeling. Litteraturforskaren Georg Brandes seier at den viktigaste oppgåva til litteraturen er å setje samfunnsproblem under debatt. Akkurat slik Holberg gjorde med «Niels Klims reise til den underjordiske verda». Han brukte litteraturen som eit verkemiddel for å endre haldningane og samfunnet i opplysingstida.

Portrett av Georg Brandes.
Portrett av Georg Brandes.

Kritisk litteratur er framleis viktig

Spol fram til i dag. Den norske forfattaren Maja Lunde gir frå 2015 til 2022 ut fire romanar. Det er ein skjønnlitterær serie som blir kalla «Klimakvartetten». Forfattaren skriv kritisk om korleis vi menneske jobbar med klima og miljø.

Zeshan Shakar

I 2022 gir Zeshan Shakar ut romanen «De kaller meg ulven». Den er ein av fleire romanar av Shakar som tek for seg utfordringane ein kan møte som fleirkulturell i det norske samfunnet.

Sigrid Agnethe Hansen

I 2020 gav Sigrid Agnethe Hansen ut ungdomsromanen «Ser du dette?» Ein roman som viser korleis det er å vere ung i det moderne samfunnet vårt i dag. Mange opplever at livet skjer på nett, og at nakenbilde kan komme på avvegar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.
En hånd som blar et ark med bilde av en tørr ørken slik at det kommer fram et ark med grønn natur.

Holberg har ikkje gått ut på dato

Lista med samfunnskritiske forfattarar er lang. Målet deira er det same. Litteratur skriven i dag og på 1700-talet kan brukast for å lage debatt om problem. Derfor blir både Holberg frå opplysingstida og dagens forfattarar viktige. Gjennom si skjønnlitterære dikting inviterer dei oss andre til å skape debatt om samfunnet.

Blyant med glødende og rykende spiss på sort bakgrunn.
Blyant med glødende og rykende spiss på sort bakgrunn.

Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?

Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.

Kjelder:

  • Drangsholt, Janne Stigen: Zeshan Shakar i Store norske leksikon på snl.no. Henta 21. februar 2023 frå https://snl.no/Zeshan_Shakar

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Offentlig eiendom
    7. Getty Images
    8. Offentlig eiendom
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images