Eldre litteraturhistorie på null komma niks:
Del 5: Romantikken
Kvifor skal du lese om skalden Gunlaug som ofra livet for sin store kjærleik Helga? Eller om fantasiane til den forvirra riddaren Don Quijote? Kva er vitsen med å lese eldgamle salmar om himmel og helvete? Eller komedien om stakkaren Jeppe som omtrent drikk seg i hel? Alle desse tekstane er fleire hundre år gamle. Held det ikkje å lese litteratur frå vårt eige århundre?
Magisk bok ligger åpen på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka lyser.
Eldre tekstar kan lære oss mykje om fortida
Kva treng du for å komme inn i eit hus? Ein nøkkel. Det er nettopp det gamle bøker er. Ein nøkkel til å forstå samfunnet i den tida. Lære om kva idear, tankar og verdiar folk hadde i tida tekstane vart skrivne. Vi blir kjende med korleis folk voks opp før. Vi lærer om korleis forholda var heilt annleis enn no.
Gulnet papir, blekkhus og en fjærpenn ligger på et gammelt trebord.
Litteratur blir delt inn i historiske periodar
Litteraturhistorie. Kva betyr det? Det er tekstar som er skrivne frå no og bakover i tid. Historia blir delt inn i periodar. Dei kjenner vi igjen på korleis folk levde. Og kva som var viktig i samfunnet. Det same gjeld for kunsten og musikken. Og for korleis ein bygde hus.
Dette er femte og siste tekst i serien «Eldre litteraturhistorie på null komma niks». Denne handlar om romantikken.
En sti som går igjennom en frodig og grønn skog.
Enormt bjerketre som står på kanten av et stup.
Wergeland versus Welhaven
Litteratur handla ikkje berre om den norske folkesjela. Mange diskuterte òg kva litteraturen eigentleg skulle vere. Wergeland og Welhaven var heilt usamde.
Fyllepenn bryter seg gjennom stein og viser kraften til pennen.
Henrik Wergeland
Wergeland ønskte å leike med språket. Han ville skrive akkurat det han følte for. Då ønskte han ikkje å følgje ei oppskrift.
📷 Portrett av Henrik Wergeland.
Johan Sebastian Welhaven
Welhaven meinte at forfattarar skulle skrive dikt etter bestemte reglar. Han blir derfor kalla ein klassisist. Han var ein forfattar som ønskte å følgje gamle tradisjonar.
📷 Portrett av Johan Sebastian Welhaven.
To heilt ulike dikt
No skal du få lese delar av to ulike dikt. Dette er typiske døme på kor ulikt Welhaven og Wergeland skreiv. Dei to var òg usamde om andre ting. Ikkje minst politikk. Wergelands veslesøster, Camilla Collett, forelska seg i Welhaven. Det skapte òg konfliktar mellom dei.
📷 Portrett av Camilla Collett.
En villand svømmer stille (Søfuglen)
Johan Sebastian Welhaven, 1836
En villand svømmer stille
ved øens høye kyst,
de klare bølger spille
omkring dens rene bryst.
To ender med grønt hode svømmer på et stille vann som reflekterer blå himmel og grønne trær.
Meg selv
Henrik Wergeland, 1841
Når jeg lukter til et grønt blad, glemmer jeg bedøvet
fattigdom, rikdom, fiender og venner.
Min katts stryken mot mitt kinn utglatter alle hjertesår.
I min hunds øyne senker jeg mine sorger som i en dyp brønn.
En trist hund med lys pels ligger med hodet på et tregulv.
Stortinget
Vart du nysgjerrig på andre litteraturhistoriske periodar?
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Kjelder:
- Hagen, Erik Bjerck: romantikken – litteratur i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. februar 2023 frå http://snl.no/romantikken_-_litteratur
- Johan Sebastian Welhaven i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. februar 2023 frå https://snl.no/Johan_Sebastian_Welhaven
- Sejersted, Jørgen Magnus: Henrik Wergeland i Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. februar 2023 frå https://snl.no/Henrik_Wergeland
- Solbakken, H. M., Nyhus, J. Ø. (2019, 9. januar). Romantikken. NDLA. https://ndla.no/article/17076
- Wergeland, H. (2019, 8. januar). Meg selv. NDLA. https://ndla.no/article/17121
- Engan, O., Tørdal, R. M. (2019, 8. januar). Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven. NDLA. https://ndla.no/article/17078
- dikt.org (28.02.23): Søfuglen
https://dikt.org/S%C3%B8fuglen
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
J.C. Dahl / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Carl Peter Lehman / Nasjonalbiblioteket / Offentlig eiendom
-
Carl Peter Lehman / Oslo Museum / Offentlig eiendom
-
Johan Gørbitz / Oslo Museum / Offentlig eiendom
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Stortinget
-
Getty Images
-