Er du på bærtur?
Kor ofte er du på bærtur? Her i Noreg har vi massevis av herlege bær som vi kan plukke i naturen. Det er heilt gratis, og bæra inneheld masse god smak og næringsstoff. Enkelte har hemmelege bærplukkestader som dei ikkje avslører. Dette gjeld nok spesielt molter. Har du ein hemmeleg stad på fjellet eller i skogen, der du plukkar bær?
Vere på bærtur
På seinsommar og haust er det mange som er på bærtur. Dei plukkar blåbær, tyttebær og molter.
Uttrykket “å vere på bærtur” betyr at du har misforstått, eller går i heilt feil retning. Dersom noko er “berre blåbær”, betyr det at noko er veldig lett og enkelt.
Bærtur
Tyttebær
Tyttebær er raude, og du finn dei på stader med mykje lys. Blåbær trivst betre på meir skyggefulle stader.
Vi sankar det meste av tyttebær i skogen. Tyttebær er rike på C-vitamin.
Tyttebær blir brukte til syltetøy og saft. Då koker ein bæra og tilset sukker, sidan bæra er ganske bitre.
Desserten trollkrem inneheld tyttebær.
Tyttebær
Molter
Molter er vanleg på myrer, og vi finn mest i Nord-Noreg. Molter blir mest brukte til syltetøy eller til moltekrem som dessert på julaftan.
Mange er glade i molter, men det er ikkje alltid du har lov til å plukke dei. Dette gjeld spesielle område i Nordland, Troms og Finnmark. Kvifor kan vi ikkje berre plukke dei når vi vil, trur du?
Molter
Krekling
Krekling trivst i myrområde, på høgfjellet og i skogen. Krekling har blåsvarte “bær” som er etande, men dei har harde skal. Dei er derfor ikkje like populære som blåbær og tyttebær.
Bæra er saftige og eignar seg godt til saft, vin eller gelé. Dei er fulle av antioksidantar.
Krekling
Kjelder:
- Vik, Unni: Blåbær i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå
https://snl.no/blåbær
- Vik, Unni: Tyttebær i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå
https://snl.no/tyttebær
- Vik, Unni: Molter i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå
https://snl.no/molte
- Vik, Unni: Blokkebær i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå
https://snl.no/blokkebær
- Vik, Unni: Krekling i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå
https://snl.no/krekling
- Ditlefsen, Anne, Svihus, Birger: Antioksidanter i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå https://snl.no/antioksidanter
- Forskning.no (03.09.21): Antioksidanter i norske matvarer https://web.archive.org/web/20070404005415/http://www.forskning.no/Artikler/2004/juli/1087821587.36
- Språkrådet.no (03.09.21): Bare blåbær
https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/bare-blabar/
- Språkrådet.no (03.09.21): Bæret og bærtur
https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/baret-og-bartur/
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-