Kva er «fake news»?

«Fake news» kan vere tilsynelatande ufarlege løgner. Men i verste fall kan dei ende opp med å utfordre demokratiet og bidra til danninga av valdelege rørsler.

Accessibility icon Kva er «fake news»?

Kva er «fake news»?

«Fake news», eller falske nyheiter, er informasjon som nokon berre har funne på. Falske nyheiter blir gjerne laga av useriøse nettsider, og dei blir spreidde raskt i sosiale medium.

Fake News-logo
Fake News-logo

Kvifor lagar nokon falske nyheiter?

Det er to hovudgrunnar til at folk ønskjer å spreie falske nyheiter. Nokre gjer det fordi dei ønskjer å påverke meiningar om samfunnet. Andre ønskjer å tene pengar.

Mørk bakgrunn
Mørk bakgrunn
Døme 1:

Vaksinemotstandarar

Nokre menneske er imot vaksinar, blant anna fordi dei trur at vaksinering kan føre til autisme. Dette har ingen greidd å bevise. Likevel har den falske informasjonen nådd fram til mange gjennom sosiale medium. Verdshelseorganisasjonen (WHO) meiner at vaksinemotstandarar er ein stor fare for verda.

Vaksine
Vaksine
døme 2:

«China virus»

Donald Trump og fleire andre har sagt at dei trur koronaviruset var laga av kinesarar for å skade USA. Dette vart delt i sosiale medium og spreidde seg raskt. Det motsette skjedde i Kina. Der var det nokon som meinte at viruset var planta i Wuhan av amerikanske soldatar.

Donald Trump på talerstolen
Donald Trump på talerstolen

Politiske rørsler

Falske nyheiter tek ofte utgangspunkt i påstandar det ikkje finst bevis for. Målet er gjerne å få meir makt eller å endre politikken. Slike konspirasjonar kan ende opp med å øydeleggje for demokratiet og skape meir vald.

Knyttede never
Knyttede never
DØme 3:

Holocaust

Nazistane i Tyskland overtydde mange om at jødane hadde skulda for at det gjekk dårleg med landet på 1930-talet. Det starta ei forfølging av jødar som endte i det vi i dag kaller Holocaust; folkemordet på meir enn 6 millionar jødar.

Tysk propaganda spres i gatene
Mørk bakgrunn
Mørk bakgrunn
døme 4:

QAnon

QAnon er ein konspirasjonsteori som er skapt for å auke populariteten til Donald Trump. Teorien går ut på at verda blir styrt av nokre få mektige og vonde menneske. Desse består liksom av mellom anna politikarar frå det demokratiske partiet, som er motstandarar av Trump. Tilhengjarane av denne teorien tyr lett til vald. Det var mange av dei som storma kongressen i Washington D.C. 6. januar 2021.

Stormingen av kongressen i USA
Stormingen av kongressen i USA

«Fake news spread fast»

Den største utfordringa i kampen mot falske nyheiter i dag, er at dei kan spreie seg så raskt. Dei kan delast på Internett og sosiale medium av alle som ønskjer det. På den måten får veldig mange sjå nyheitene på kort tid, og folk må sjølve finne ut kva som er sant og ikkje sant. Det klarer ikkje alle. I verste fall trur lesarane på dei oppdikta nyheitene og deler dei vidare i eigne kanalar.

Kvifor er det vanskeleg å skilje falske nyheiter frå ekte nyheiter?

Falske nyheiter kan sjå ut som ekte nyheiter. Derfor er det lett å bli lurt. Men dei følgjer ikkje dei same reglane som seriøse aviser.

Sosiale medium har gjort det vanskelegare å skilje ekte nyheiter frå falske. Falske nyheiter fangar merksemda vår lettare, og kan derfor delast raskare. Dei som lagar falske nyheiter, tener pengar på at mange klikkar seg inn på sakene deira. Inntektene dei får, gjer at dei kan lage endå fleire falske nyheiter. Då blir det endå vanskelegare å skilje dei frå det som er ekte.

Mange menneske har heller aldri lært om korleis ein oppdagar falske nyheiter, eller korleis sosiale medium fungerer. Dermed er det mange som blir lurte.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Forstørrelsesglass
Forstørrelsesglass

Korleis oppdage falske nyheiter?

Medietilsynet har kome med nokre tips om korleis ein kan oppdage falske nyheiter:

STOPP – TENK – SJEKK
  • Verkar det for utruleg? Falske nyheiter har ofte veldig interessante overskrifter.
  • Kven står bak? Sjekk adresselinja til nettsida. Falske nyheiter har ofte ei nettadresse (URL) som liknar på ei kjend nyhetskjelde.
  • Kven har skrive saka?
  • Finn du saka andre stader? Ei ekte nyheit blir ofte nemnd i mange forskjellige aviser.
  • Blir du sint? Falske nyheiter får deg ofte til å føle noko.
  • Trur du på bilete? Eit bilete kan også vere falskt.
  • Undersøk språket. Inneheld saka mange skrivefeil?
  • Undersøk grafar og tal. Undersøk kjelda til grafane, og om det er snakk om prosentpoeng eller prosent.
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Forstørrelsesglass på gul bakgrunn
Forstørrelsesglass på gul bakgrunn

Kjelder:

  • Banik, Vibeke Kieding: Holocaust i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 5. mars 2021 frå https://snl.no/Holocaust

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Faktisk – YouTube
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Gage Skidmore (CC BY-SA 2.0)
    6. Getty Images
    7. Bundesarchiv (CC BY-SA 3.0)
    8. Tyler Merbler (CC BY 2.0)
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images