Kva er handlingsverb?

I skriveoppgåver dukkar det ofte opp ord som hjelper deg med kva slags tekst du skal skrive. Desse blir kalla for handlingsverb. I norskfaget vil du mellom anna møte på desse verba: Å reflektere, å samanlikne, å beskrive, å bruke, å gjere greie for og å utforske. Men kva betyr dette eigentleg?

Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd
Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd

Å reflektere

Å reflektere er å undersøkje og tenkje gjennom ulike sider ved ei sak. Refleksjon betyr å prøve ut eigne tankar og haldningar. Då kan du lære deg sjølv betre å kjenne.

Du kan få ei oppgåve som seier at du skal reflektere over rasisme i Noreg. Du skal prøve å finne ut kva andre tenkjer og meiner, korleis situasjonen er i Noreg, og kvifor det er sånn. Målet er å bli betre kjend med dine eigne meiningar. Slike oppgåver har ingen fasit.

Viss du legg handa på ei varm kokeplate, så vil du få vondt. Umiddelbart vil du reflektere over kvifor du fekk vondt. Svaret er at du tok på den varme kokeplata. No veit du at du ikkje bør gjere det igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.

Å samanlikne

Å samanlikne er å undersøkje likskapar og forskjellar mellom to eller fleire ting. Målet er at du skal sjå kva som er likt og kva som er ulikt. Her bør du komme med konkrete døme frå dei to tinga du samanliknar.

Eit døme: I folkeeventyret «Dei tre bukkane Bruse» står det at trollet er stort og fælt med auge som tinntallerkenar og nase så lang som eit kosteskaft. I det moderne eventyret «Bukkene Bruse på badeland» er trolla barnslege og dummar seg ut heile tida. Dette gjer at den moderne versjonen er morosamare.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Troll gjemmer seg bak en granbusk.
Troll gjemmer seg bak en granbusk.

Å beskrive

Når vi beskriv eller skildrar, bruker vi adjektiv. «Huset var stort og raudt.”

I skulebøker finn vi ofte beskrivande tekstar. Det blir beskrive korleis det var å vekse opp i London under den industrielle revolusjonen, eller korleis ein vulkan får utbrot.

Når du skal beskrive noko, må du sørgje for å vere konkret. Du kan gjerne bruke sansane for å beskrive korleis noko luktar, følest eller høyrest ut. Dette vil gjere teksten meir levande.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oransje og rødt vulkanutbrudd midt på natten.
Oransje og rødt vulkanutbrudd midt på natten.

Å gjere greie for

Å gjere greie for er å undersøkje ei sak veldig nøye.

Desse oppgåvene kan ofte vere litt vanskelege. Du må verkeleg forstå temaet du skal skrive om. Ofte blir politikarar bedne om å gjere greie for for ei sak. Då må dei vite kva dei snakkar om. Til dømes kvifor straum er så dyrt i Noreg.

Du kan få ei oppgave om å gjere greie for kvifor Noreg bør slutte å leite etter olje. Då må du setje deg skikkeleg inn i temaet. Du må forklare og svare med dine eigne ord, og ikkje berre kopiere noko frå nettet. Hald deg til fakta. Du kan ikkje berre finne på noko å skrive.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.

Å bruke

Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko. Vi kan til dømes bruke eit verktøy for å fikse noko.

Dette verbet er så vanleg at vi lett kan gløyme betydninga av det. Spesielt i skriveoppgåver.

Eit døme frå ei oppgåve: Bruk utdraget frå «Et dukkehjem» av Henrik Ibsen til å reflektere over kjønnsroller på 1800-talet.

Her vil mange kaste seg over refleksjonsdelen, men gløyme å bruke tekstutdraget. Begge delar er like viktige.

På 1800-talet var det mange som meinte kvinnene hadde mindre verdi enn mennene. Dei var ikkje like intelligente eller verdifulle i samfunnet, men hadde ei rolle som mor og kone i heimen. Dette ser vi eksempel på i «Et dukkehjem» når Helmer seier til Nora at ho først og fremst er mor, og at ho både tenkjer og taler som eit barn.

På denne måten bruker du utdraget i din eigen tekst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ektepar fra tidlig 1900-tallet der mannen i mørke klær står foran kvinnen i hvite klær.
Ektepar fra tidlig 1900-tallet der mannen i mørke klær står foran kvinnen i hvite klær.

Å utforske

Å utforske betyr å undersøkje ulike sider av ei sak. Vi kallar det òg drøfting. Å drøfte er å sjå ei sak frå fleire sider.

I utforskingsoppgåver må du vere litt detektiv og litt oppfinnar. Du må vere nysgjerrig, og du må komme fram til nye løysingar og svar.

«Skriv ein utforskande tekst om kva som skjer på jorda viss sola plutseleg sloknar» kan vere ei slik oppgave. Her må du søkje informasjon, men du vil sannsynlegvis ikkje finne eit fasitsvar. I slike oppgåver er det viktig å bruke gode og truverdige kjelder. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images