Kva er handlingsverb?

I skriveoppgåver dukkar det ofte opp ord som hjelper deg med kva slags tekst du skal skrive. Desse blir kalla for handlingsverb. I norskfaget vil du mellom anna møte på desse verba: Å reflektere, å samanlikne, å beskrive, å bruke, å gjere greie for og å utforske. Men kva betyr dette eigentleg?

Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd
Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd

Å reflektere

Å reflektere er å undersøkje og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andres handlingar og idear. Vi kan også reflektere over ei sak eller eiga læring. Refleksjon er å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.

Viss du får ei oppgåve som seier at du skal reflektere over rasisme i Noreg, så er jobben din å undersøkje temaet. Du skal prøve å finne ut kva menneske tenkjer og meiner, korleis situasjonen er i Noreg, og kvifor det er sånn. Målet er å bli betre kjend med dine eigne meiningar og tankar. Slike oppgåver har ingen fasit.

Vi reflekterer frå vi er små barn. Viss du brenner handa på ei varm kokeplate, så vil du få vondt. Umiddelbart vil du  reflektere over kvifor du fekk vondt. Svaret er at du tok på den varme kokeplata. No veit du at du ikkje bør gjere det igjen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.

Å samanlikne

Å sammenlikne er å undersøkje liksskapar og forskjellar mellom to eller fleire saker. Dette verbet kan du møte i oppgåver der du skal samanlikne to tekstar eller to bilde. Målet er at du skal sjå kva som er likt og kva som er ulikt. Her bør du komme med konkrete døme frå dei to tinga du samanlikner, og meine noko om kva det gjer med teksten.

Eit døme: I folkeeventyret «Dei tre bukkane Bruse» står det at trollet er stort og fælt med auge som tinntallerkenar og nase så lang som eit kosteskaft. I det moderne eventyret «Bukkene Bruse på badeland» er trolla barnslege og dummar seg ut heile tida. Dette gjer at den moderne versjonen er betre tilpassa ei yngre målgruppe.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Troll gjemmer seg bak en granbusk.
Troll gjemmer seg bak en granbusk.

Å beskrive

Å beskrive er å skildre eller attgi ei oppleving eller ein situasjon. Dette verbet blir ofte brukt i skjønnlitterære oppgåver der du skal beskrive ein tur eller skildre naturen. Då er det viktig å kunne bruke adjektiv (beskrivande ord).

Denne typen tekstar møter vi ofte i skulebøker. Det blir beskrive korleis det var å vekse opp i London under den industrielle revolusjonen, eller korleis ein vulkan får utbrot.

Når du skal beskrive noko, må du sørgje for å vere konkret. Du kan gjerne bruke sansane for å beskrive korleis noko luktar, følest eller høyrest ut. Dette vil gjere handlinga meir levande for lesaren din.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oransje og rødt vulkanutbrudd midt på natten.
Oransje og rødt vulkanutbrudd midt på natten.

Å gjere greie for

Å gjere greie for noko er å gi ei god og fagleg forklaring på noko vi skal undersøkje eller gjennomføre.

Desse oppgåvene kan ofte vere litt krevjande. Du må verkeleg forstå temaet du skal skrive om. Ofte blir politikarar og leiarar bedne om å gjere greie for ei sak. Gjerne om statsbudsjettet, straumprisane eller kutt i støtte til ungdomsklubbar.

Viss du får ei oppgåve om å gjere greie for kvifor Noreg bør slutte å leite etter olje, så blir det kravd at du set deg skikkeleg inn i temaet. Denne oppgåva vil at du skal forklare og svare med dine eigne ord, etter at du har forska på temaet. Hald deg til fakta, og vis kva du kan. Du kan ikkje berre synse og meine akkurat kva du vil.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.
Oljeplattform foran en himmel med fiolett farge.

Å bruke

Å bruke vil seie at vi gjer oss nytte av noko for å oppnå eit mål. Vi kan til dømes bruke eit verktøy for å fikse noko.

Dette verbet er ganske sjølvforklarande, men vi tek det likevel med. Grunnen til det er at verbet er så vanleg at vi lett kan gløyme betydninga av det.

Eit eksempel frå ei oppgave: Bruk utdraget frå «Et dukkehjem» av Henrik Ibsen til å reflektere over kjønnsroller på 1800-talet.

Her vil mange kaste seg over refleksjonsdelen, men gløyme å bruke tekstutdraget. Her er tekstutdraget like viktig som refleksjonane dine rundt temaet, og det skal bli brukt.

På 1800-talet var det mange som meinte at kvinnene hadde mindre verdi enn mennene.  Dei var ikkje like intelligente eller verdifulle i samfunnet, men hadde ei rolle som mor og kone i heimen. Dette ser vi døme på i «Et dukkehjem» når Helmer seier til Nora at ho først og fremst er mor, og at ho både tenkjer og taler som eit barn.

På denne måten bruker du vedlegget i din eigen tekst.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ektepar fra tidlig 1900-tallet der mannen i mørke klær står foran kvinnen i hvite klær.
Ektepar fra tidlig 1900-tallet der mannen i mørke klær står foran kvinnen i hvite klær.

Å utforske

Å utforske handlar om å leite, oppdage, observere, oppleve og eksperimentere. I nokre tilfelle betyr det å undersøkje ulike sider av ei sak gjennom kritisk drøfting. Å drøfte er å sjå ei sak frå fleire sider.

Utforskingsoppgåver legg til rette for at du både skal vere litt detektiv og litt oppfinnar. Du må vere nysgjerrig, og du må komme fram til nye løysingar og svar.

«Skriv ein utforskande tekst om kva som skjer på jorda viss sola plutseleg sloknar» kan vere ei slik oppgåve. Her må du søkje informasjon og prøve å finne ut kva som ville skjedd. Men du vil sannsynlegvis ikkje finne eit fasitsvar. I slike oppgåver er det viktig å bruke gode og truverdige kjelder.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images