Kva er handlingsverb?

I skriveoppgåver dukkar det ofte opp ord som hjelper deg med kva slags tekst du skal skrive. Desse blir kalla for handlingsverb. I norskfaget vil du mellom anna møte på desse verba: Å reflektere, å samanlikne, å beskrive, å bruke, å gjere greie for og å utforske. Men kva betyr dette eigentleg?

Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd
Mann tenker over hva som egentlig var oppgavens ordlyd

Å reflektere

Å reflektere er å undersøkje og tenkje gjennom ulike sider ved eigne eller andres handlingar, haldningar og idear. Vi kan òg reflektere over eit saksforhold, praktiske aktivitetar eller eiga læring. Refleksjon inneber å prøve ut eigne tankar og haldningar for å utvikle betre innsikt og forståing.

Viss du får ei oppgave som seier at du skal reflektere over rasisme i Noreg, så er jobben din å undersøkje temaet. Du skal prøve å finne ut kva menneske tenkjer og meiner, korleis situasjonen er i Noreg, og kvifor det er sånn. Målet er å bli betre kjend med dine eigne meiningar og tankar. Slike oppgåver har ingen fasit.

Vi reflekterer frå vi er små barn. Viss du brenner handa på en varm kokeplate, så vil du få vondt. Med ein gong vil du reflektere over kvifor du fekk vondt. Svaret er at du tok på den varme kokeplata. No veit du at du ikkje bør gjere det igjen.

Viss vennen din er sur på deg, så vil du prøve å reflektere over kva som skjedde før vennen vart sur. Her vil du også komme fram til ei ny forståing av kvifor situasjonen vart som han vart.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.
Hånden til et barn prøver å ta på en varm kokeplate.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!