Henry Ford
Henry Ford fann ikkje opp bilen. Det var heller ikkje han som fann opp samlebandet. Men det var han som først utvikla eit samleband som var stort nok til å masseprodusere bilar og gjere dei tilgjengelege for fleire.
Racerbilen 999
Ford var likevel bestemt på ikkje å gi opp. Han brukte i staden alle kreftene sine på å utvikle ein racerbil med 80 hestekrefter. Bilen kalte han «999». I oktober 1902 køyrde bilen inn til siger i eit bilrace.
Ford Motor Company
Interessa for Ford tok seg fort opp igjen, og i 1903 vart fabrikken Ford Motor Company etablert. Ford ville produsere enkle bilar til låg pris, slik at vanlege folk skulle kunne ha råd til bil. I 1908 lanserte han T-Forden, ein enkel bil til ein grei pris som var enkel å køyre, behageleg på humpete vegar og lett å ta vare på.
Superpopulær
Bilen vart så populær at han vart seld raskare enn han kunne produserast. Fabrikken måtte finne ein ny måte å arbeide på for å møte den aukande etterspørselen.
Ford Motor Company
Kjedeleg jobb
Arbeidet langs samlebandet var frykteleg kjedeleg. Mange av arbeidarane orka ikkje å jobbe der lenge, så utskiftinga vart stor. Ford måtte tilsetje 53000 menneske kvart år for å ha 14000 mann i arbeid til eikvar tid. Det måtte til for å halde produksjonen i gang.
I 1914 ga Ford dobbelt så mykje løn til arbeidarane for å løyse dette problemet. Han gav dei tilsette fem dollar om dagen, ei rekordhøg løn for ein arbeidar utan utdanning,. No som gutane sjølve hadde råd til å kjøpe bilane dei produserte, vart jobben mykje meir ettertrakta, og Ford kunne dermed sikre posisjonen som den leiande bilprodusenten i verda.
Ford lever vidare
Salet av T-Forden gjekk ned etter kvart som nye, raskare og meir komfortable bilar vart laga. Men i 1932, i ein alder av 69 år, lanserte Ford den siste store oppfinninga si: den billige, lette V8-motoren. Ford skulle tilbake på toppen.
I 2019 var Ford Motor Company den fjerde største bilprodusenten i verda, og den største i USA. Her er eit eksempel på ein av dei nyare modellane til Ford, Focus ST.
Kjelder:
- Ny vitenskap: Historie (2018)
Orage Forlag AS
- Fortune (16.09.2020): Global 500
https://fortune.com/global500/2020/search/
Bilete- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Ford Motor Norge AS
-