Historia til demokratiet: Dei første demokratia

I dag tek vi ofte demokratiet for gitt, men demokratiet har òg hatt ei historie. Korleis starta demokratiet, eigentleg?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Dei første demokratia

Første del

Denne artikkelen er den første av fire delar i artikkelserien om historia til demokratia. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis dei første tankane om maktfordeling vart til.

Se hele serien her

non-figurativt bilde som kan representere demokratiets historie på godt og vondt

Makt og maktfordeling

Noreg er eit demokrati, som betyr at folket bestemmer. Men kven sit eigentleg med makta i Noreg då?

Bilde av en hånd som slipper en stemmeseddel ned i en valgurne.
Bilde av en hånd som slipper en stemmeseddel ned i en valgurne.

Fordelt makt

I Noreg har vi fordelt makta mellom det som blir kalla lovgivande, utøvande og dømmande makt.

  • Lovgivande: Det er Stortinget som lagar lovene. Det er den lovgivande makta. 
  • Utøvande: Regjeringa er den utøvande makta. Ho skal sørgje for at lovene blir sette i kraft og at dei blir følgde opp. 
  • Dømmande: Dersom lovene ikkje blir følgde, kan ein bli dømd. Domstolane er den dømmande makta i Noreg.

Noreg har ikkje alltid vore styrt slik det er i dag. For å forstå korleis demokratiet vart skapt, må vi eit stykke tilbake i tid.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Illustrasjon av maktfordelingsprinsippet.
Illustrasjon av maktfordelingsprinsippet.

Menneske levde i mindre grupper

Heilt i starten av menneskets historie budde dei ikkje i samfunn slik som i dag. Dei levde som jegerar og sankarar i mindre grupper. Over tid vart det til større samfunn som ofte vart styrte av éin leiar.

Steinalderstamme i skogen.
Steinalderstamme i skogen.

Starten på demokratiet

Demokratiet starta i antikkens Athen i Hellas. Antikken varte frå 700 f.Kr. til 500 e.Kr. Allereie på 400-talet f.Kr. overlét dei rikaste mykje av makta til folket. Dette var ein stor overgang. No var det mange som bestemte, og ikkje berre nokre få.

Demokrati, ytringsfridom og likskap blir forbunde med antikkens Athen. Likevel var ikkje styresettet til dei gamle grekarane likt det demokratiet vi har i Noreg i dag. Ytringsfridom er at ein har lov til å seie og meine det ein vil.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pericles holder en tale for folket i det gamle Athen.
Pericles holder en tale for folket i det gamle Athen.

Ikkje alle kunne delta

I Athen gjennomførte dei val, men berre frie menn kunne avgi stemme. Kvinner og slavar hadde ikkje stemmerett.

Omtrent kvar tredje innbyggjar var slave. Det var òg ei nedre aldersgrense på 20 år for dei frie mennene som kunne stemme. Ikkje berre måtte du sjølv vere fødd i Athen, men det måtte mora di og faren din òg vere! Det gjorde at 90 prosent av innbyggjarane ikkje hadde stemmerett.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
AI-generert bilde av en full gate i Athen med masse mennesker i antikkens hellas.
AI-generert bilde av en full gate i Athen med masse mennesker i antikkens hellas.

Frankrike på 1700-talet

I Frankrike hadde kongen makta. Folka og han sjølv trudde han hadde fått makta direkte frå Gud. Kongen laga lovene i landet. Han bestemte kven som skulle betale skatt og kor mykje dei skulle betale. Kongen kunne òg bestemme kva folk kunne eige.

Inngangen til palasset til Louis XV.
Inngangen til palasset til Louis XV.

Ulike stender

Folket i Frankrike var delte inn i ulike «stender», altså samfunnsgrupper eller klassar. Viss du var fødd inn i ein av desse stendene, tilhøyrte du same standen heile livet. Gruppene vart kalla for førstestanden, andrestanden og tredjestanden. 

  • I førstestanden var dei geistlege som jobba i kyrkjene. Det kunne vere prestar og biskopar.
  • I andrestanden var adelen. Dette var dei rike i samfunnet og riddarar. Riddarane var ofte tilsette hos kongen som dei  private soldatane hans.
  • Tredjestanden var bønder, handverkarar og dei som produserte varer.
  • I tillegg fanst dei standslause som levde i stor fattigdom.

Kva slags rettar trur du dei standslause hadde i samfunnet?

Innsiden av domkirken Notre Dame i Paris
Innsiden av domkirken Notre Dame i Paris

Tredjestanden

Tredjestanden vararbeidarar, handelsmenn, handverkarar og bønder. Det var berre dei i tredjestanden og dei standslause som måtte betale skatt. Ingen av desse fekk noko igjen for det. Dei fekk heller ikkje vere med på å bestemme kva pengane skulle brukast til.

AI-generert bilde av franske arbeidere på 1800-tallet som jobber på en åker
AI-generert bilde av franske arbeidere på 1800-tallet som jobber på en åker

Ingen ytringsfridom

Dei fattige lurte etter kvart på om det var rett at nokon skulle ha det dårleg, og at nokon kunne leve i luksus. Det var ingen ytringsfridom, så dei visste ikkje korleis dei skulle seie ifrå. Folk risikerte å bli kasta i fengsel for å stille kritiske spørsmål om korleis landet vart styrt.

Tredjestanden og dei standslause hadde ikkje gjort opprør tidlegare fordi dei trudde at makta var fordelt av Gud. No begynte dei å diskutere om dette kunne vere sant, og om korleis samfunnet kunne bli meir rettferdig. Vi kallar denne tida for opplysningstida. Nokre rike personar var det vi kallar filosofar. Dei ønskte å endre på samfunnet, og dei torde både å seie og skrive kva dei meinte. Vidare i artikkelen skal du få vite litt meir om kva nokre av opplysningsfilosofane meinte.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ai-generert bilde av en fransk bonde som ser i kameraet.
Ai-generert bilde av en fransk bonde som ser i kameraet.

Voltaire (1694-1778)

Den franske filosofen Voltaire meinte at menneske skulle ha rett til å seie og meine kva dei ville. Utan at dei vart straffa for dette. I tillegg skulle alle bli behandla likt. Alle måtte til dømes betale skatt.

Den mest kjende utsegna om ytringsfridom til Voltaire var: «Eg er usamd i det du seier. Men eg vil med livet mitt  forsvare retten din til å seie det». Han sa ikkje dette sjølv, men utsegnet er henta frå boka «Voltaire’s vener» frå 1906.

Tegning av Voltaire på gammelt papir.
Tegning av Voltaire på gammelt papir.

Charles-Louis Montesquieu (1689-1755)

Charles-Louis Montesquieu var ein annan fransk filosof. Han meinte at samfunnet måtte bli organisert annleis, slik at ikkje berre kongen hadde makt. Makta måtte bli delt mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt – slik vi har i Noreg i dag. Dette blir kalla maktfordelingsprinsippet.

Tegning av Montesquieu på gammelt papir.
Tegning av Montesquieu på gammelt papir.

Jean-Jacques Rousseau (1712-1778)

Jean-Jacques Rousseau var òg ein kjend opplysningsfilosof. Han meinte at makta skulle liggje hos folket. Han meinte òg at alle var fødde gode, og at vi burde leve på lag med naturen.

Tegning av Jean-Jacques Rousseau på gammelt papir
Tegning av Jean-Jacques Rousseau på gammelt papir

Opprørske tankar

Tankane som desse filosofane hadde, vart diskuterte og spreidde rundt, og dei førte seinare til opprøret som blir kalla «Den franske revolusjonen.»

Du kan lese meir om den franske revolusjon her.

Tankane som opplysningsfilosofane hadde, kan vi kjenne igjen i korleis Noreg er styrt i dag. I andre delen om historia til demokratiet skal vi sjå på korleis desse tankane kom til uttrykk under den amerikanske og den franske revolusjonen.

Les andre del av demokratiets historie: Revolusjonane

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Illustrasjon av Jean Jacques angivelig siste ord før han døde.
Illustrasjon av Jean Jacques angivelig siste ord før han døde.

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/demokrati
  • Tøllefsen, Trond Ove: stender i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/stender

Bilde- og videorettar:

    1. Midjourney
    2. Kommunal- og regionaldepartementet
    3. Midjourney
    4. Midjourney
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Midjourney
    8. Midjourney
    9. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    10. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    11. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    12. Getty Images
    13. Getty Images