Historia til demokratiet: Dei første demokratia
I dag tek vi ofte demokratiet for gitt, men demokratiet har òg hatt ei historie. Korleis starta demokratiet, eigentleg?
Første del
Denne artikkelen er den første av fire delar i artikkelserien om historia til demokratia. I denne artikkelen skal vi sjå på korleis dei første tankane om maktfordeling vart til.
Makt og maktfordeling
Noreg er eit demokrati. Det betyr at folket bestemmer. Men kven har eigentleg makta i Noreg, då?
Bilde av en hånd som slipper en stemmeseddel ned i en valgurne.
Illustrasjon av maktfordelingsprinsippet.
Menneske levde i mindre grupper
Heilt i starten av menneskets historie budde dei ikkje i samfunn slik som i dag. Dei levde som jegerar og sankarar i mindre grupper. Over tid vart det til større samfunn, som ofte vart styrte av éin leiar.
Steinalderstamme i skogen.
Pericles holder en tale for folket i det gamle Athen.
AI-generert bilde av en full gate i Athen med masse mennesker i antikkens hellas.
Frankrike på 1700-talet
I Frankrike hadde kongen makta. Folka og han sjølv trudde han hadde fått makta direkte frå Gud. Kongen laga lovene i landet. Han bestemte kven og kor mykje som skulle bli betalt i skatt. Kongen kunne òg bestemme kva folk kunne eige.
Inngangen til palasset til Louis XV.
Ulike stender
Folket i Frankrike var delte inn i «stender». Det vil seie samfunnsgrupper eller klassar. Du tilhøyrte den standen du var fødd inn i resten av livet. Gruppene vart kalla førstestanden, andrestanden og tredjestandien.
- I førstestanden var dei geistlege som var kyrkja sine representantar. Dette kunne vere prestar og biskopar.
- I andrestanden var adelen. Desse bestod av aristokratar og riddarar. Riddarane var ofte tilsette hos kongen som den private hæren hans.
- Tredjestanden var bønder, handverkarar og dei som produserte varer.
- I tillegg fanst dei standslause. Dei levde i stor fattigdom.
Kva slags rettar trur du dei standslause hadde i samfunnet?
Innsiden av domkirken Notre Dame i Paris
Tredjestanden
Tredjestanden var arbeidarar, handelsmenn, handverkarar og bønder. Det var berre tredjestanden og dei standslause som måtte betale skatt. Ingen av desse fekk noko igjen for det. Dei fekk heller ikkje vere med på å bestemme kva pengane skulle brukast til.
AI-generert bilde av franske arbeidere på 1800-tallet som jobber på en åker
Ai-generert bilde av en fransk bonde som ser i kameraet.
Voltaire (1694-1778)
Den franske filosofen Voltaire meinte at menneske skulle ha rett til å seie og meine kva dei ville, utan at dei skulle bli straffa for dette. I tillegg meinte han at alle skulle bli behandla likt, til dømes skulle alle betale skatt.
Den mest kjende utsegna om ytringsfridom til Voltaire var: «Eg er usamd i det du seier. Men eg vil med livet mitt forsvare retten din til å seie det». Han sa ikkje dette sjølv, men det er henta frå boken “Voltaire’s vener” fra 1906. I boka oppsummerer forfattaren Voltaire’s tru på ytringsfridomen.
Tegning av Voltaire på gammelt papir.
Charles-Louis Montesquieu (1689-1755)
Charles-Louis Montesquieu var ein annan fransk filosof. Han meinte at samfunnet måtte organiserast annleis, slik at ikkje berre kongen hadde makt. Makta måtte bli delt mellom lovgivande, utøvande og dømmande makt – slik vi har det i Noreg i dag. Dette blir kalla for maktfordelingsprinsippet.
Tegning av Montesquieu på gammelt papir.
Jean-Jacques Rousseau (1712-1778)
Jean-Jacques Rousseau var òg ein kjend opplysningsfilosof. Han meinte at makta skulle liggje hos folket. Han meinte òg at alle var fødde gode, og at vi burde leve i pakt med naturen.
Tegning av Jean-Jacques Rousseau på gammelt papir
Illustrasjon av Jean Jacques angivelig siste ord før han døde.
Kjelder:
- Heintz, Ole; Heintz, Natascha: mennesket – opprinnelse og utvikling i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/mennesket_-_opprinnelse_og_utvikling
- Mæhle, Ingvar Brandvik; Østby, Erik; Steen, Tone: Det athenske demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/Det_athenske_demokrati
- Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/demokrati
- Tøllefsen, Trond Ove: stender i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/stender
- Krefting, Ellen: opplysningstiden i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/opplysningstiden
- Østberg, Kai Peter; Tønnesson, Kåre: Den franske revolusjon i Store norske leksikon på snl.no. Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/Den_franske_revolusjon
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjourney
-
Kommunal- og regionaldepartementet
-
Midjourney
-
Midjourney
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Midjourney
-
Midjourney
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Offentlig eiendom/Pixabay.com
-
Getty Images
-
Getty Images
-