Historia til demokratiet: Noregs frigjering

Noreg har ikkje alltid vore sjølvstendig. Korleis kom Noreg seg ut av fleire unionar og enda opp med eiga grunnlov?

Accessibility icon Historia til demokratiet: Noregs frigjering

Fjerde del

Dette er den fjerde av fire delar i artikkelserien om historia til demokratiet. Med idear frå opplysingstida og historiene frå Napoleonskrigene i Europa begynte nasjonalkjensla å vekse i Noreg. I denne fjerde og siste delen om historia til demokratiet kan du lese om unionsoppløysingar, og om korleis Noreg fekk si eiga grunnlov etter ein svært kort krig mot Sverige.

Se heile serien her

Bilde generert av kunstig intelligens. Norsk natur med småbruk ved vannet.

Danmark-Noreg på 1700-talet

I 1380 kom Noreg inn i union med Danmark. Danskane styrte dermed Danmark og Noreg som eitt land.

Tegning av bergen mens Norge lå under Dansk styre
Tegning av bergen mens Norge lå under Dansk styre

Union med Sverige

Sverige hjelpte Storbritannia med å overvinne Napoleon. Då ønskte dei å få ein takk for innsatsen.

Sverige ville ha Noreg! Under eit møte i Kiel i Tyskland måtte kongen av Danmark gi frå seg Noreg til kongen av Sverige. Denne avtalen blir kalla Kielfreden.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Gammelt kart av Norge og Sverige i union
Gammelt kart av Norge og Sverige i union

Opprør i Noreg

Nordmenn måtte klare seg mykje åleine under Napoleonskrigene. – Vil vi eigentleg vere i union? tenkte dei då. Dei ville heller ha eit eige land som var fritt og sjølvstendig. Eit land dei styrte sjølve.

Det vart opprør i Noreg då Noreg vart gitt til Sverige. Den danske kronprinsen Christian Frederik ville hjelpe. Han innkalla mange rike og mektige menn til eit møte på Eidsvoll. Ønsket hans var at Noreg og Danmark framleis skulle vere samla.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Maleri av Christian Frederik i gullramme på kongelig tapet.
Maleri av Christian Frederik i gullramme på kongelig tapet.

Folket skal bestemme

Mennene på Eidsvoll kjende godt til både den amerikanske og den franske revolusjonen og dei tankane som vart til der. Dei meinte at folket burde ha makta i eige land.

Mennene ville ikkje la seg styre av danskane og svenskane. Dei ønskte makta i eige land. Dei skreiv ei norsk grunnlov og valde ei riksforsamling. Det kan samanliknast med Stortinget i dag. Dette vart gjort før svenskekongen kom tilbake frå krigen mot Napoleon. Dei ville bli ferdige før han kom tilbake. Kongen skulle ikkje  få Noreg utan å møte motstand.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Grunnlova

Den første riksforsamlinga bestod av 112 menn frå fleire delar av Noreg. På Eidsvoll i 1814 laga dei grunnlova vår.

Forslaget var at dei ville ha ein konge utan så mykje makt. Dei ønskte at alle skulle få rett til å seie og skrive kva dei ville.

Dei ønskte frie domstolar. Dei foreslo at det berre var Stortinget som kunne lage lover og bestemme skattane. Stortinget skulle bli representert av folkevalde. Det betyr at folket vel dei som skal sitje på Stortinget.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Den norske grunnloven svevende i skyene omringet av lyn og sterke lysstråler
Den norske grunnloven svevende i skyene omringet av lyn og sterke lysstråler

Grunnlova blir underteikna

Då dei hadde diskutert og stemt, var den norske grunnlova klar. 17. mai 1814 vart lova underteikna. Derfor har 17. mai vorte nasjonaldagen vår. Den danske kronprinsen, Christian Frederik, vart vald til konge.

Grunnloven blir utformet 1814
Grunnloven blir utformet 1814

Sverige ville ha Noreg

Svenskekongen, Karl Johan, ønskte framleis Noreg som takk for innsatsen sin. Stormaktene Frankrike og Storbritannia var samde. Dei ønskte at Christian Frederik skulle abdisere. Det betyr at kongen måtte slutte. 

Nordmennene ønskte Christian Frederik som konge. Dei ville ikkje vere i union med Sverige. Det førte til ein svært kort krig mellom Noreg og Sverige. Krigen varte berre nokre få veker sommaren 1814.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Tegning av den svenske kongen Karl Johan
Tegning av den svenske kongen Karl Johan

Forhandlingar og fred

Det var mangel på mat og utstyr til dei norske soldatane. Noregs konge, Christian Fredrik, forstod at Noreg ikkje kunne vinne krigen. Det vart våpenkvile 5. august. Karl Johan, Sveriges konge, kom med eit overraskande tilbod. Viss Noreg vart i union med Sverige, kunne dei få behalde grunnlova si. Då dei hadde forhandla ferdig, skreiv dei under på avtalen i Moss. Avtalen vart derfor kalla Mossekonvensjonen.

I denne avtalen stod det korleis Noreg og Sverige ønskte å ha det i unionen. Christian Fredrik fekk ikkje lov å vere konge. Noreg fekk ha si eiga grunnlov. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Mossekonvensjonen på et trebord omringet av røyk og flammer
Mossekonvensjonen på et trebord omringet av røyk og flammer

Den norske grunnlova

I grunnlova stod det at dei ønskte Noreg som eit monarki. Eit kongedømme der kongen og riksforsamlinga delte på makta.

Riksforsamlinga laga lovene. Regjeringa passa på at lovene vart brukte på rett måte. Det var berre menn over 25 år som hadde stemmerett. I tillegg måtte du ha budd i Noreg i meir enn 5 år og betale skatt. Dette endra seg i 1898. Då fekk alle menn stemmerett. Kvinnene fekk ikkje stemmerett før i 1913.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Grunnloven av 1814
Grunnloven av 1814

Et fritt demokrati

Noregs rike har vore fritt og sjølvstendig etter oppløysinga i unionen i 1905. Bortsett frå då vi var okkuperte av tyske styrkar under andre verdskrigen.

📷  Frå kransenedlegginga ved Christian Frederik-statuen på Eidsvolls plass den 17. mai 2015.

Kvart fjerde år er folket med og stemmer på ny regjering i Noreg. Det blir kalla demokrati. Tenk deg elevrådet på skulen som er vald av elevane. Det er eit slags demokrati. Elevrådet er med og bestemmer korleis de skal ha det på skulen.

Viss regjeringa gjer som Stortinget har vedteke og bestemt, lèt Stortinget regjeringa sitje. Dette demokratiet blir kalla parlamentarisme.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fra kransenedleggelsen ved Christian Fredrik-statuen på Eidsvolls plass 17. mai 2015
Fra kransenedleggelsen ved Christian Fredrik-statuen på Eidsvolls plass 17. mai 2015

Kan vi ta demokratiet for gitt?

Vegen til demokratiet vårt har vore lang. Det bør ikkje bli sett på som sjølvsagt. Finst det noko som kan true demokratiet vårt i dag?

Dette kan du lese meir om i denne artikkelen:

Kjelder:

  • Hovde, Kjell-Olav; Svensson, Palle; Thorsen, Dag Einar: demokrati i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 6. juli 2022 frå https://snl.no/demokrati

Bilde- og videorettar:

    1. Dall-E 2
    2. Offentlig eiendom
    3. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    4. Offentlig eiendom/Getty Images
    5. Getty Images
    6. Offentlig eiendom/Pixabay.com
    7. Offentlig eiendom
    8. Offentlig eiendom
    9. Offentlig eiendom/Yngvar Nielsen/Pixabay.com
    10. Vidar M. Husby/Stortinget
    11. Stortinget
    12. Pixabay.com