I verste fall
Kva kan eigentleg skje viss du blir teken for å drikke alkohol før du fyller 18 år? Kva gjer politiet viss dei møter fulle ungdommar? Kan du hamne i fengsel viss du har litt narkotika på deg?
Ofte er det vanskeleg å vite kva som er sant, og kva som er rykte. Lat oss sjå kva lova seier, og kva som er det verste som kan skje.
18-årsgrense
I den norske alkohollova står at det er forbode å kjøpe alkohol viss du er under 18 år. Det er også forbode å selje eller gi alkohol til nokon før dei fyller 18.
Viss ein gir alkohol til nokon under 18 år, bryt ein lova og kan bli straffa.
Lær å tenkje sjølv
Ein blir ikkje straffa for å drikke alkohol før ein er 18 år, dette fordi det finst betre måtar å lære på. Å snakke og reflektere saman kan verke betre enn straff. Det å lære å tenkje sjølv er vanlegvis det beste.
Ulovlege rusmiddel
Ulovlege rusmiddel, som cannabis, GHB, amfetamin, ecstasy, kokain, heroin, fleinsopp og LSD, er forbodne. I Noreg kan du bli straffa for å bruke, ha, kjøpe eller selje desse stoffa.
Å rå over
Nokon trur at det er lov å ha ei lita mengd narkotika på seg, noko som er feil. For dei fleste av oss er dette ulovleg, uansett mengd. Det er likevel eit unntak for rusavhengige. Dei blir ikkje straffa for å ha med seg ein brukardose. Dette er fordi rusavhengnad blir rekna som ein sjukdom, og fordi desse menneska treng hjelp, ikkje straff.
Lovene vernar oss
Lova skal verne oss. Alle reglane våre for sal og bruk av rusmiddel, både lovlege og ulovlege, er der for å verne folk. Styresmaktene bruker både straff og oppfølging for å stoppe unge under 18 frå å drikke og for å hindre rusbruk blant folk i alle aldrar. Alle rusmiddel kan skade både enkeltpersonar og samfunnet, så derfor er det strenge reglar for dette.
Kjelder:
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om omsetning av alkoholholdig drikk.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27
- Avogtil.no (25.02.2021): Alt du trenger å vite om aldersgrensene for alkohol.
https://avogtil.no/fakta/alt-du-ma-vite-om-aldersgrensene-for-alkohol/
- Rusinfo.no (06.02.2024): Hvorfor er narkotika ulovlig?
https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvorfor-er-narkotika-ulovlig/
- Rusinfo.no (20.02.2024): Narkotika og lovgivning
https://rusinfo.no/aktuelt/fakta-om-lovverk/
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om straff (straffeloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_2-8#%C2%A7232
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Ung.no (30.10.2023): Hva er narkotika?
https://www.ung.no/hva-er-narkotika-og-hva-er-ulovlig
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-