I verste fall
Kva kan eigentleg skje viss ein blir teken for å drikke alkohol før ein fyller 18 år? Kva gjer eigentleg politiet viss dei møter ein rusa ungdom? Kan ein hamne i fengsel viss ein blir teken med brukardose på seg?
Det er ikkje lett å finne svar på alle spørsmål som dukkar opp, for det finst mykje feilinformasjon der ute. La oss sjå nærare på dei norske lovene, for å finne ut kva som er det verste som kan skje.
18-årsgrense
I alkohollova står det kven som har lov til å kjøpe alkohol i Noreg, og kven ein kan selje, gi eller servere alkohol til. Det er ulovleg å kjøpe alkohol viss ein er under 18 år, og ein kan ikkje selje eller servere alkohol til nokon under 18 år.
Viss ein gir alkohol til ein som er under 18 år, bryt ein altså lova og kan straffast for det.
Bevisstgjering
Ein blir ikkje straffa for å drikke alkohol før ein er 18 år, for det finst betre måtar å hindre at det skjer igjen. Å snakke saman og reflektere saman kan ofte ha ein sterkare og meir varig effekt enn straff. Det å lære å tenkje sjølv er vanlegvis det beste.
Ulovlege rusmiddel
Som du sikkert skjønner, er ulovlege rusmiddel ulovlege. Det finst mange ulike rusmiddel, til dømes cannabis (hasj og marihuana), GHB, amfetamin/metamfetamin, ecstasy/MDMA, kokain, heroin, fleinsopp og LSD. I Noreg er det straffbart å bruke, rå over, kjøpe, selje, oppbevare og smugle ulovlege rusmiddel.
Å rå over
Nokon trur at det er lov å ha ein brukardose av eit narkotisk stoff, men slik er det ikkje. Det er straffbart å ha narkotiske stoff på seg, same kor lite det er, så sant ein ikkje er rusmisbrukar. Rusmisbruk kan sjåast på som ein sjukdom, og derfor meiner ein at rusmisbrukarar treng hjelp og ikkje straff.
Lovene vernar oss
Lover er der for å verne oss. Kort sagt, har samfunnet sett reglar for sal og bruk av rusmiddel, både lovlege og ulovlege, for å verne folk. Styresmaktene bruker ulike tiltak, som straff og oppfølging, for å hindre unge under 18 i å drikke og for å hindre rusbruk blant folk i alle aldrar. Rusmiddel, inkludert alkohol, kan skade både enkeltpersonar og samfunnet, så derfor er det strenge reglar for dette.
Kjelder:
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om omsetning av alkoholholdig drikk.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27
- Avogtil.no (25.02.2021): Alt du trenger å vite om aldersgrensene for alkohol.
https://avogtil.no/fakta/alt-du-ma-vite-om-aldersgrensene-for-alkohol/
- Rusinfo.no (06.02.2024): Hvorfor er narkotika ulovlig?
https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvorfor-er-narkotika-ulovlig/
- Rusinfo.no (20.02.2024): Narkotika og lovgivning
https://rusinfo.no/aktuelt/fakta-om-lovverk/
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om straff (straffeloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_2-8#%C2%A7232
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Ung.no (30.10.2023): Hva er narkotika?
https://www.ung.no/hva-er-narkotika-og-hva-er-ulovlig
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-