I verste fall
Kva er eigentleg det verste som kan skje dersom ein blir teken for å drikke alkohol før ein er 18 år? Kva gjer eigentleg politiet dersom dei møter ein ungdom som er veldig rusa? Kan ein få fengselsstraff dersom ein blir teken med ein brukardose av narkotika på seg?
Spørsmåla er mange, og både feilinformasjon og rykte florerer. Lat oss sjå nærare på lovgivinga, for det er nemleg ho, saman med rettspraksis og utøvinga til styresmaktene av lova, som bestemmer kva som kan skje – i verste fall.
18-årsgrense
I alkohollova står det kven som har lov til å kjøpe alkohol i Noreg, og kven ein kan selje, gi eller servere alkohol til. Det er ulovleg å kjøpe alkohol viss ein er under 18 år, og ein kan ikkje selje eller servere alkohol til nokon under 18 år.
Viss ein gir alkohol til ein som er under 18 år, bryt ein altså lova og kan straffast for det.
Bevisstgjering
Årsaka til at ein ikkje blir straffa for å drikke alkohol før ein fyller 18 år, er at andre tilnærmingar ofte viser seg å vere meir effektive for å hindre gjentatt drikking. Sjølv om straff kan verke avskrekkande, kan ein gjennomtenkt samtale som fremjar bevisstgjering og sjølvrefleksjon blant unge, ha ein meir varig og stor effekt. Det å lære å tenkje sjølv og komme til eigne konklusjonar er ofte den mest verdifulle tilnærminga.
Ulovlege rusmiddel
Ulovlige rusmiddel er nettopp dét; ulovlege. Det finst ei rekkje ulovlege rusmiddel, som cannabis (hasj og marihuana), GHB, amfetamin/metamfetamin, ecstasy/MDMA, kokain, heroin, fleinsopp og LSD. I Noreg er det straffbart å bruke, rå over, kjøpe, selje, oppbevare og smugle ulovlege rusmiddel.
Å rå over
Nokon trur at det er lov å rå over ein brukardose av eit narkotisk stoff. For dei aller fleste av oss er dette feil: Å rå over narkotiske stoff er straffbart, same kor lite ein har med seg. Det er likevel gjort eit unntak for rusmisbrukarar. Dei blir ikkje straffa om dei ber med seg ein brukardose. Grunnen er at rusmisbruk kan sjåast på som ein sjukdom, og rusmisbrukarar treng hjelp framfor straff.
Lovene vernar oss
For å samanfatte kan vi seie at samfunnet har regulert omsetning og bruk av både lovlege og ulovlege rusmiddel for å verne oss. Styresmaktene tek i bruk ei rekkje ulike reaksjonar – frå straff til oppfølging – for å forhindre at unge under 18 år drikk eller at folk i alle aldersgrupper rusar seg. Både ulovlege rusmiddel og alkohol har ei rekkje negative konsekvensar for oss som individ og for samfunnet samla sett, og derfor blir bruk regulert og omsetning av det strengt.
Kjelder:
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om omsetning av alkoholholdig drikk.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1989-06-02-27
- Avogtil.no (25.02.2021): Alt du trenger å vite om aldersgrensene for alkohol.
https://avogtil.no/fakta/alt-du-ma-vite-om-aldersgrensene-for-alkohol/
- Rusinfo.no (06.02.2024): Hvorfor er narkotika ulovlig?
https://rusinfo.no/skole_og_fag/hvorfor-er-narkotika-ulovlig/
- Rusinfo.no (20.02.2024): Narkotika og lovgivning
https://rusinfo.no/aktuelt/fakta-om-lovverk/
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om straff (straffeloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-05-20-28/KAPITTEL_2-8#%C2%A7232
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Lovdata.no (06.02.2024): Lov om legemidler m.v. (legemiddelloven)
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1992-12-04-132/KAPITTEL_9#%C2%A722
- Ung.no (30.10.2023): Hva er narkotika?
https://www.ung.no/hva-er-narkotika-og-hva-er-ulovlig
Bilde- og videorettar:
-
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-
Midjournay
-