Ulike normer i ulike grupper
Ein annan grunn til at vi kan oppleve normer, haldningar og forventningar som uklare nokre gongar, er at mindre grupper utviklar eigne normer. Desse kan gå på tvers av normene til storsamfunnet.
Vi er alle ein del av fleire grupper. Det kan vere store grupper, som Noreg, og ei rekkje mindre grupper, som vennegjengen, fotballaget, teatergruppa og familien. Innafor desse gruppene blir det laga eigne forventningar og normer.
Du bruker sikkert eit ganske annleis språk blant vennene dine enn det du ville gjort heime med familien, til dømes. Dette er vanlegvis heilt uproblematisk, ein tilpassar seg berre gruppa ein er saman med. Men nokre gongar kan ein oppleve å bli ståande i krysspress. Forventningane i éi gruppe du er med i, kan vere heilt andre enn forventningar andre har til deg. Til dømes har familien din andre forventningar til deg enn vennegjengen. Familien reknar med at du kjem heim klokka ni, men vennene dine reknar med og forventar at du blir ute med dei, til dømes.