Korleis kan du vite det?

Har du lurt på kor vanleg det er å snike på bussen eller å forsove seg? Er det mange som tissar i dusjen? Og kanskje pussar tenner der? Tenkjer du at dei som veks opp i storbyar, er lykkelegare enn dei som veks opp på bygda? Kanskje har du ei meining om kva svara er. Men korleis kan du vite det? Ønskjer du å gå frå å meine og tru til å vite, kan du forske på det.

Kva er eigentleg forsking?

Forsking er å undersøkje noko på ein ryddig måte med hjelp av vitskaplege metodar. Målet er å få meir kunnskap om verda rundt oss og finne ut korleis ting heng saman. Det er ulike metodar for forsking i naturvitskap og samfunnsvitskap. Men kva er forskjellane?

Unge studenter skriver på en transparent vegg.
Unge studenter skriver på en transparent vegg.

Naturvitskap

I naturvitskapen studerer forskaren nøye det som skjer i naturen. Forskaren kan studere celler, plantar, dyr, kjemiske reaksjonar eller matematikk.

Forskaren må observere kva som skjer med forskingsobjekta. Dei kan ikkje spørje eller diskutere med dei. Det er strenge krav til undersøkingar og målingar. I naturvitskapen leitar forskaren etter universelle sanningar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.

Samfunnsvitskap

Samfunnsvitskap handlar om åtferda til menneske, og korleis dei forheld seg til samfunnet rundt. Forskaren bruker metodar som intervju og spørjeundersøkingar. Då får dei meir informasjon om korleis samfunnet påverkar menneskeleg åtferd.

Resultata frå forskinga gir ikkje alltid nøyaktige svar. Ein er oppteken av å sjå tendensar og opplevingane til menneske. Samfunnsvitskapen er ikkje universell. Kvifor ikkje det, trur du?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.

Korleis koke eit egg perfekt?

Viss du vil koke eit perfekt egg, kan du bruke naturvitskapen. Du må sjå på alle variablane som kan påverke koketida. Til dømes kor stort eller ferskt egget er. Er egget kjøleskapskaldt eller romtemperert? Kvar i verda vil du koke egget? Visste du forresten at egg har ulik koketid på fjellet og ved havet? Kvar trur du det må koke lengst?

Forskarar har kokt egg i ulike tal på minutt, høgdemeter og på ulike stader i verda. Dei har sett på korleis storleiken og temperaturen påverkar resultatet. Eit resultat som er universelt. Du må alltid justere koketida i høve til dei ulike variablane som påverkar egga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er eit perfekt kokt egg?

Når du har teke omsyn til alt som påverkar koketida, så er du klar for å koke det perfekte egget, eller? Men kva er eigentleg eit perfekt kokt egg?

Skal egget vere blautkokt eller hardkokt? Eller kanskje midt imellom? Eit perfekt egg for deg er nødvendigvis ikkje det same som for bestemor. Så korleis koke perfekte egg til alle til frukost? Naturvitskapen kan hjelpe med det som påverkar egga under koking. Samfunnsvitskapen kan hjelpe deg med resten!

Du kan bruke samfunnsfaglege metodar for å finne ut korleis kvar enkelt vil ha egget sitt. Du kan observere, intervjue eller lage eit enkelt spørjeskjema. Resultatet seier ikkje noko om alle i samfunnet, men dei du spør, kan få sitt eige perfekte egg!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.

Korleis skal du gå fram når du skal forske i samfunnskunnskap?

Når du forskar samfunnsfagleg, må du jobbe grundig og systematisk.

  1. Vel ei problemstilling. Kva skal du eigentleg finne ut?
  2. Lag spørsmål.
  3. Vel metode, planlegg og gjennomfør datainnsamling.
  4. Bearbeid og analyser data. Kva er det svara fortel?
  5. Gjer ei oppsummering, og lag ein konklusjon. Kva slags resultat har du komme fram til?
  6. Lag ein forskingsrapport, og presenter resultatet.
Blokk og papir
Blokk og papir

Kva vil du undersøkje?

Først må du lage ei problemstilling. Kva vil du undersøkje, og kvifor? Ei problemstilling kan vere anten forskingsspørsmål eller hypotesar.

Viss du vil forske på det perfekte kokte egget, kan du lage eit forskingsspørsmål: “Føretrekkjer dei fleste blautkokt, medium kokt eller hardkokt egg?” Du kan òg lage ein hypotese: “Dei fleste føretrekkjer hardkokt egg”. Forskinga kan gi svar på forskingsspørsmålet. Eller det kan stadfeste eller avkrefte hypotesen.

Kva slags metode skal du velje?

Tema, forskingsspørsmål eller hypotese må vere klart først. Deretter bestemmer du deg for korleis du vil forske. Du kan gå i djupna med kvalitative undersøkingar, eller i breidda med kvantitative metodar. Problemstillinga kan bestemme kva metode du vil bruke. Dette blir forklart lenger ned i artikkelen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet

Kvalitativ metode

I kvalitativ metode ønskjer ein å få fram opplevingane til menneska og forståing av det du spør om. Det er vanleg å bruke intervju eller observasjon som metode. Slike studiar har ofte få deltakarar.

Ved å bruke kvalitativ metode kan du kanskje ikkje overføre funn til større grupper. Du kan derimot gå i djupna med kvar enkelt, og få svar med mykje informasjon. I tillegg kan du forstå kvifor dei svarer som dei gjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.

Kvantitativ metode

Forskar du på mange menneske, kan du bruke kvantitativ metode. Målet med undersøkinga er å samle inn litt informasjon om mange.

I kvantitative undersøkingar får alle deltakarane dei same spørsmåla. Det er vanleg å bruke spørjeundersøking. Du kan òg finne statistikk frå offentlege databasar eller sosiale medium. Eller du kan observere kva folk gjer.

Ved å bruke kvantitativ metode kan du få ei god oversikt over kva som gjeld for mange. Dataa som blir samla inn, blir analyserte med hjelp av statistiske metodar. Til dømes ved bruk av ulike tabellar eller grafar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Metodetriangulering

Nokre gongar er det best å kombinere kvalitativ og kvantitativ metode. Det kan gi betre svar på det du lurer på, men er meir tidkrevande å gjennomføre. Kombinasjonen av metodar blir kalla metodetriangulering.

UngData

Ei av Noregs mest omfattande undersøking på ungdom blir kalla Ungdata. Undersøkinga blir utført med spørjeskjema (kvantitative) med intervju og observasjonar (kvalitative). Resultatet er ein rapport om korleis ungdom i Noreg har det på skulen og heime. Kvifor trur du dei vel å bruke ein kombinasjon av dei ulike metodane her?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.

Korleis kan du utføre god forsking?

For at forskinga skal vere god og truverdig, må ho vere uavhengig. Ofte gir styresmaktene eller private selskap oppdrag til forskarar. Dei som har bestilt forskinga, har ikkje rett til å blande seg inn i sjølve forskinga. Kvifor trur du slik sjølvstende er så viktig?

Det finst eigne reglar for dei som skal forske. Dei skal sikre at forskinga gir nyttige, relevante og truverdige svar. Vêr kritisk til kvar forskinga kjem frå. Sjekk kven som har bestilt og finansiert forskinga.

Når du skal forske, vil kanskje læraren din gi deg oppdrag. Korleis sørgjer du for at forskinga er uavhengig?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.

Etikk, takk

I samfunnsvitskap forskar du på menneske. Det er derfor viktig å forske på ein etisk god måte. Då tek du omsyn til den du forskar på og viser respekt.

Respekt for deltakarane

Forskaren skal vise respekt for personvernet til deltakarane. Deltakarane skal derfor vere anonyme. Det skal ikkje vere mogleg å finne ut kva dei ulike enkeltpersonane har svart. Deltakarane må delta frivillig, og skal alltid bli informerte om kva forskinga er, og kva ho skal bli brukt til.

Konfidensielle opplysningar

Du skal behandle observasjonar og svar konfidensielt. Bruk gjerne fiktive namn. Pass på at svara ikkje blir lagra saman med dei riktige namna deira. Svara og observasjonane skal bli attgitte så nøytralt og presist som mogleg. Du skal aldri prøve å tilpasse svar og observasjonar til ein konklusjon. La funna tale for seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.

Kor god er forskinga?

Sjølv om tanken bak eit forskingsprosjekt er tydeleg, så hender det at funna ikkje er gyldige eller pålitelege.

Er dataa gyldige?

Validitet handlar om i kva grad dataa vi har, er gyldige og aktuelle for problemstillinga. Nokre gongar kan du lese mykje interessant og uventa ut frå ein studie. Dersom han ikkje svarer på problemstillinga, er ikkje undersøkinga gyldig.

Kan vi stole på dataa?

Reliabilitet handlar om kor sikre data vi har, og kor nøyaktig datainnsamlinga har vore. Hadde du fått likt resultat om du hadde gjort ho på ny? Korleis skal svara bli registrert? Kan det skje feil i registreringa? Kan nokre spørsmål  misforståast?

Nokre gongar vel nokon å ikkje svare på enkelte spørsmål. Nokre svarer kanskje ikkje det dei meiner. Kvifor trur du det kan skje? Kva kan det gjere med forskinga, tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Spørsmålstegn i snakkebobler
Spørsmålstegn i snakkebobler

Forsk i veg!

Jula 2016 irriterte Robin Havre seg over at han gjorde meir heime enn kona. Då han konfronterte henne med det, var ho heilt usamd. Ho meinte ho gjorde mest. Begge var heilt sikre på at dei hadde rett. Det var ikkje mogleg å bli samde. Robin ville bevise at han gjorde mest. Han bestemde seg derfor å utvikle ein app.

Dermed starta dei sitt eige vesle forskingsprosjekt. Dei registrerte kva dei gjorde inn i appen. Etter ei stund vart det klart: Robin gjorde litt mindre enn kona! Dermed kunne dei slutte å krangle. Dei brukte resultata av forskingsprosjektet til å lage gode løysingar saman.

Forsking kan vere stort eller lite. Uavhengig av kor omfattande det er, så kan forsking gi klare svar og føre til større forståing. Så no er det opp til deg – kva vil du forske på?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinne som ser på en app på en mobil.
Kvinne som ser på en app på en mobil.

Kjelder:

  • TV2 (07.06.2022): Kjæresteparet kranglet om husarbeidet – løsningen har fått flere til å sperre øynene opp
    https://www.tv2.no/v/1718593/
  • Kvale, S. & Brinkmann, S. (2015). Det kvalitative forskningsintervju (3 utg.). Gyldendal Akademisk.
  • Larsen, A. K. (2017). En enklere metode: veiledning i samfunnsvitenskapelig forskningsmetode (2 utg.). Fagbokforlaget.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images