Korleis kan du vite det?

Har du nokon gong lurt på kor vanleg det er å snike på bussen eller å forsove seg? Trur du det er mange som tissar i dusjen eller pussar tenner der? Tenkjer du at dei som veks opp i storbyar, er lykkelegare enn dei som veks opp på bygda? Det kan hende du har ei meining om kva svara er, men korleis kan du vite det? Viss du vil gå frå å meine eller tru noko, til å vite, så kan du forske på det.

Kva er eigentleg forsking?

Forsking er å undersøkje noko på ein strukturert måte ved hjelp av vitskaplege metodar. Målet med å forske er å få meir kunnskap om verda vi lever i, sjå samanhengar og forstå korleis ting fungerer. Det er ulike metodar for forsking i naturvitskap og samfunnsvitskap. Men kva er forskjellane?

Unge studenter skriver på en transparent vegg.
Unge studenter skriver på en transparent vegg.

Naturvitskap

I naturvitskapen ser forskaren på generelle fenomen og prosessar i naturen. Han tek for seg celler, plantar, dyr, kjemiske reaksjonar og matematikk.

Forskaren kan ikkje spørje eller diskutere med forskingsobjekta sina, men må observere kva som skjer. Det er strenge krav til korleis ting blir målt og blir undersøkt. I naturvitskapen leitar forskaren etter universelle sanningar.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.
To forskere med hjelm og mye utstyr hengende på kroppen måler diameteren på et stort mosegrodd tre.

Samfunnsvitskap

Samfunnsvitskap handlar om åtferda til menneske, samspelet mellom dei, og forholdet til samfunnet dei lever i. Forskaren bruker metodar som intervju og spørjeundersøkingar for å få meir informasjon om korleis samfunnet påverkar menneskeleg åtferd.

Resultata frå forskinga gir ikkje alltid nøyaktige svar, men ein er oppteken av å sjå tendensar og få fram menneskelege opplevingar. Samfunnsvitskapen er ikkje universell. Kvifor trur du han ikkje er det?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.
Spiralblokk som står på et rustikk bord sammen med en mikrofon som lener seg litt over mot blokka.

Korleis koke eit egg perfekt?

Viss du vil koke eit perfekt egg, kan du gå naturvitskapleg til verks. Du må sjå på alt som kan påverke koketida – alle variablane. Kor stort er egget? Kor ferskt er det? Er det kjøleskapskaldt eller romtemperert? Du må òg tenkje på kvar du skal koke egget. Visste du at egg har ulik koketid på fjellet og ved havet?

Kvar trur du det må koke lengst, og kvifor trur du det?

Forskarar har kokt egg i ulike tal på minutt, i ulike høgdemeter og på ulike stader i verda. Dei har undersøkt korleis storleiken og temperaturen på egget påverkar resultatet. Resultatet er universelt, og du vil alltid måtte justere koketida i høve til alle dei ulike variablane som påverkar egga.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er eit perfekt kokt egg?

Når du har teke omsyn til alt som påverkar koketida, så er du klar for å koke det perfekte egget, eller er du det? For kva er eigentleg eit perfekt kokt egg?

Skal egget vere blautkokt, medium kokt eller hardkokt? Eit perfekt egg for deg er ikkje nødvendigvis eit perfekt egg for bestemor. Så korleis koke perfekte egg til alle du skal lage frukost til? Naturvitskapen kan hjelpe med alle dei praktiske tinga rundt kva som påverkar egget under koking, resten kan samfunnsvitskapen hjelpe deg med!

Du kan bruke samfunnsfaglege metodar for å undersøkje korleis kvar enkelt liker å få kokt egget sitt. Du kan observere, intervjue eller lage eit enkelt spørjeskjema til dei du skal koke egg til. Det du finn ut, kan kanskje ikkje overførast til alle menneske generelt, men informasjonen du finn, kan føre til at alle du koker egg til, får sitt eige perfekte egg!

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.
Bløtkokt egg i eggeglass på et bord med eggeskall, skje og brødskiver.

Korleis skal du gå fram når du skal forske i samfunnskunnskap?

Når du forskar i litt større skala, er det viktig at du jobbar metodisk og strukturert. 

  1. Vel ei problemstilling.
  2. Lag forskingsspørsmål eller hypotese.
  3. Vel metode, planlegg og gjennomfør datainnsamling.
  4. Bearbeid og analyser innsamla data.
  5. Gjer ei oppsummering, og lag ein konklusjon.
  6. Lag ein forskingsrapport; og formidle resultatet.
Blokk og papir
Blokk og papir

Kva vil du undersøkje?

Først må du utforme ei problemstilling. Kva vil du undersøkje, og kvifor?  Ei problemstilling kan vere anten forskingsspørsmål eller hypotesar.

Viss du vil forske på kva som er eit perfekt kokt egg, kan du utforme eit forskingsspørsmål: “Føretrekkjer dei fleste blautkokte, medium kokt eller hardkokt egg?” Eller du kan lage ein hypotese: “Dei fleste føretrekkjer hardkokt egg.” Forskinga kan svare på forskingsspørsmålet, eller stadfeste eller avkrefte hypotesen din.

Kva slags metode skal du velje?

Når tema og forskingsspørsmål eller hypotese er klar, kan du bestemme deg for korleis du vil forske. Du kan gå i djupna, med kvalitative undersøkingar, eller i breidda med kvantitative metodar. Problemstillinga set føringar for val av metode.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet
Undrende, ung dame med spørsmålstegn over hodet

Kvalitativ metode

I kvalitativ metode er ein oppteken av å få fram opplevingane til menneska, forståing og historier. I kvalitative undersøkingar er det ofte få deltakarar. Det er vanleg å bruke intervju eller observasjon som metode.

Ved å bruke kvalitativ metode kan du kanskje ikkje gjere funn du kan overføre til større grupper, men du kan få moglegheit til å gå i djupna med kvar enkelt. Dette kan føre til at du, utover svara dei gir, kan få informasjon om kvifor dei svarer det dei gjer.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.
En gruppe studenter samarbeider rundt et bord der noen sitter og en står.

Kvantitativ metode

Viss du vil forske på mange menneske, kan du bruke kvantitativ metode. Målet med denne typen undersøking er å samle inn litt informasjon om mange.

I kvantitative undersøkingar blir det same skjemaet brukt for alle deltakarane. Det er vanleg å bruke strukturert observasjon eller spørjeundersøkingar. Du kan òg innhente statistikk frå til dømes offentlege databasar eller sosiale medium.

Ved å bruke kvantitativ metode kan du få ei representativ oversikt over generelle forhold. Dataa som blir samla inn, blir analyserte med hjelp av statistiske metodar. Til dømes med bruk av ulike tabellar eller grafar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Metodetriangulering

Nokre gongar er det best å kombinere kvalitativ og kvantitativ metode. Det kan gi eit klarare bilde, men er tidkrevande å gjennomføre. Kombinasjonen av metodar blir kalla metodetriangulering.

UngData

Ei av Noregs mest omfattande undersøkingar av ungdom blir kalla Ungdata. I denne undersøkinga kombinerer forskarane kvantitative spørjeskjema med kvalitative intervju og observasjonar. Resultatet av undersøkinga er ein rapport om korleis ungdom i Noreg har det på skulen og heime. Kvifor trur du dei vel å bruke ein kombinasjon av dei ulike metodane i Ungdata?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.
Kvinnelig student går bak sine medstudenter mens hun snur seg mot oss som ser på.

Korleis kan du utføre god forsking?

For at forskinga skal vere god og truverdig, må ho vere uavhengig. Ofte gir styresmaktene eller private selskap oppdrag til forskarar. Sjølv om forskinga er bestilt av ein oppdragsgivar, så har dei ikkje rett til å blande seg inn i sjølve forskinga. Kvifor trur du sjølvstende er så viktig i forsking?

Det finst eigne etiske retningslinjer for forskarar som skal sikre at forskinga balanserer openheit og sjølvstende mot krav om nytte og relevans. Denne balansegangen kan vere vanskeleg å få til i praksis. Vêr kritisk til kvar forskinga kjem frå. Sjå på kven som har bestilt og finansiert studien.

Når du skal forske, vil kanskje læraren din gi deg oppdrag. Korleis kan du sørgje for at forskinga di er uavhengig?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.
En hånd styrer en marionett som jobber med noen papirer på et bord.

Etikk, takk

I samfunnsvitskap forskar du på menneske, og derfor er det spesielt viktig å ha med det etiske perspektivet i alle fasane av forskinga.

Respekt for deltakarane

Forskaren skal utøve respekt for personvernet til deltakarane. Deltakarane skal vere anonyme, og det skal ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar. Det er viktig å be om samtykke frå dei som deltek i studien. Dei skal alltid få informasjon om kva forskinga er, og kva resultata skal bli brukt til.

Konfidensielle opplysningar

Du skal behandle observasjonar og svar konfidensiell. Bruk gjerne fiktive namn, og pass på at du ikkje lagrar svar saman med reelle namn. Svara og observasjonane du samlar inn, skal bli attgitt så objektivt, nøytralt og presist som mogleg. Du skal aldri prøve å tilpasse svar og observasjonar til ein konklusjon, men la funna tale for seg.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.
Fire sorte silhouetter med hvite spørsmålstegn foran ansiktene.

Kor god er forskinga?

Sjølv om tanken bak eit forskingsprosjekt er tydeleg, så hender det at funna ikkje er gyldige eller pålitelege.

Er det gyldige data?

Validitet handlar om i kva grad dataa vi har, er gyldige og relevante for problemstillinga. Nokre gonger kan du lese mykje interessant og uventa ut frå ein studie, men dersom studien ikkje svarer på problemstillinga, så er ikkje undersøkinga gyldig.

Kan vi stole på dataa?

Reliabilitet handlar om kor pålitelege data vi har, og kor nøyaktige datainnsamlinga har vore. Hadde du fått same resultatet om du hadde utført same undersøkinga igjen? Korleis skal svara registrerast, og kan det skje nokon feil i registreringa? Kan det hende nokre spørsmål kan misforståast?

Nokre gonger vel nokon å ikkje svare på enkelte spørsmål. Det kan òg henda at nokon ikkje svarer det dei meiner. Kvifor trur du det kan skje, og kva gjer det med forskinga, tenkjer du?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Spørsmålstegn i snakkebobler
Spørsmålstegn i snakkebobler

Forsk i veg!

Jula 2016 irriterte Robin Havre seg over at han alltid enda opp med å gjere meir heime enn kona. Då han konfronterte henne med det, var ho heilt usamd. Ho meinte ho gjorde mest. Begge var heilt sikre på at dei hadde rett. Det var ikkje mogleg å bli samde. Robin ville bevise at han gjorde mest, og bestemte seg for å utvikle ein app.

Dermed starta dei sitt eige vesle forskingsprosjekt, og begynte å registrere kva dei gjorde inn i appen. Etter ei stund vart det klart: Robin gjorde litt mindre enn kona! Dermed kunne dei slutte å krangle, og heller bruke resultata av forskingsprosjektet til å lage gode løysingar saman.

Forsking kan vere stort eller lite, men uavhengig av kor omfattande det er, så kan forsking gi klare svar og føre til større forståing. Så no er det opp til deg – kva vil du forske på?

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Kvinne som ser på en app på en mobil.
Kvinne som ser på en app på en mobil.

Kjelder:

  • TV2 (07.06.2022): Kjæresteparet kranglet om husarbeidet – løsningen har fått flere til å sperre øynene opp
    https://www.tv2.no/v/1718593/
  • Kvale, S. & Brinkmann, S. (2015). Det kvalitative forskningsintervju (3 utg.). Gyldendal Akademisk.
  • Larsen, A. K. (2017). En enklere metode: veiledning i samfunnsvitenskapelig forskningsmetode (2 utg.). Fagbokforlaget.
Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Getty Images
    15. Getty Images
    16. Getty Images